Vedtekter til bygningsloven for Lærdal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-208
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-20-867
Endrer
Gjelder forLærdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Lærdal

Kapitteloversikt:

Endret 15. januar 1980, 20. juli 1989 nr. 867.

27. mai 1977
Til § 1 i lov av 21. des. 1956 nr. 3.

Den austre delen av grensa mellom Leikanger og Aurland kommunar i Sogn og Fjordane fylke går frå eit punkt aust for Fyssenesset om lag 2,5 km nordetter langs midtlina av Aurlandsfjorden der ho vinklar og går rett mot aust til utløpet av elva Merkjesgrovi. Grensa følgjer så denne elva, først austleg, deretter i sørleg retning til det punktet der rettlina mellom Daurmålshaugen og Middagsnosi treff bekken, i skaret nord for Nordheimsdalen, derifrå i nordaustleg retning over toppen av Middagsnosi (1180) og vidare i same retning over toppen av Daurmålshaugen (1181). Frå dette punktet går lina i austleg retning til eit punkt på eit svaberg på vasskilet ved nordenden av det vesle Merkjesvatnet. Herifrå går lina i søraustleg retning til toppen av Svarthovd (1365) der Lærdal kommune støyter til.

Med unntak av der grensa følgjer Aurlandsfjorden og Merkjesgrovi, går grensa i rette liner mellom dei nemnde punkta.

Den grensa som er skildra ovanfor, refererer seg til gradteigskart C 31 Aust 1:100 000, utgåve 1964.

(II 1977 s 199)

15. sept. 1980
Til § 81.

For husvære for seterbruk og skogsdrift skal forutan reglane i § 81 fyrste lekken, også gjelde reglane i § 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og kap. XVI.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 709)

14. apr. 1980
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfeste vedtekter, eller stadfest reguleringsplan føreligg, er det i Lærdal kommune ikkje tillate å frådela tomt for eller å oppføra hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna til bebuelse i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus m.v.

Der generalplan med vedtekter føreligg kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som er nemnt berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter forslag frå bygningsrådet frita for eller gje utsettelse med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan gjera unntak for enkelttomtar når særlege grunnar talar for det.

2.For bygningar som er nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslovas kap. III, IV, §§ 65 og 68, også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 97, 109 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferda nærmare reglar for hyttebygging.

(II 1980 s 314)

20. juli 1989 nr. 867.
Til § 117.

Lærdal kommunestyre har 22. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 29. mai 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 20. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskrifta1 lyder:

I Lærdal kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

1.Forskrifta er ikkje tidlegare kunngjort i Norsk Lovtidend.

(II 1989 264)