Vedtekter til bygningsloven for Masfjorden kommune.

DatoFOR-0000-00-00-216
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-691
Endrer
Gjelder forMasfjorden kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Masfjorden

Kapitteloversikt:

Endret 19. april 1983, 31. januar 1986 nr. 355, 23. juni 1989 nr. 691.

31. jan. 1986 nr. 355.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Masfjorden kommune, vedteke av Masfjorden kommunestyre 21. desember 1983, og slik han er godkjend av Miljøverndepartementet 31. januar 1986.

II

Vedtekta gjeld for heile Masfjorden kommune, med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan eller godkjend strandplan.

III

Vedtektsområdet og arealbruken er vist på fylgjande kart datert mars 1983, og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 31. januar 1986:

-Oversynskart M=1:35.000
-Soneplan nr. 5 Ytre Haugsdal M=1:5.000
-Soneplan nr. 9 Masfjordnes M=1:5.000
-Soneplan nr. 10 Matre M=1:5.000
-Soneplan nr. 11 Haugsvær M=1:5.000
-Soneplan nr. 15 Sveneset M=1:5.000 

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde

Arealbruk som vist på nemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areal som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

IV

Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld for, og som er nemnde under nr. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1986 s 93)

19. april 1983
Til § 21, 2. ledd.
I.Denne generalplanvedtekt gjeld for heile Masfjorden kommune, med unntak av dei områda der det ligg føre endeleg reguleringsplan, og dei område der det ligg føre disposisjonsplan, som er godkjend av fylkesmannen i medhald av vedtekt til § 82 i bygningslova.
II.Dei areal der denne vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på en måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.
III.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.
IV.Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld inntil det ligg føre godkjent generalplan, likevel ikkje utover 10 år frå stadfestinga.

(II 1983 s 259)

7. juli 1981
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har tileigna seg grunn til eller opparbeidd felles avkøyrsel, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen utgiftene.

Kommunen fordeler utgiftene på eigarane (festerane) av eigedomen som nevnt i første lekk i høve til nytten for kvar eigedom.

Dersom kommunen eller ein av eigarne (festarne) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og fordelinga gjerast etter skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette løyve og med løyve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfell til betaling 3 mnd. etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det avgjerast at betalinga heilt eller delvis skal sløyfast.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overdra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomane, som vert sameigarar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegnene i § 46 nr. 2 første punktum gjeld tilsvarande.

(II 1981 s 486)

7. juli 1981
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre delast eller byggjast dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der ferdsle (til og frå tomta) skal gå. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1 føste lekk, og
b.hovudkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at rør med større diameter enn 350 mm vert lagt. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakktilknytning til anna hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om korleis arbeidet skal gjerast. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal vedlikehaldast av kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd, etter første lekk a.

(II 1981 s 486)

7. juli 1981
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det vert sikra nødvendig garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanom offentleg veggrunn for kvar eigedom.

(II 1981 s 486)

7. juli 1981
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art vert lagt innanfor kommunen sitt område, eller del av dette.

(II 1981 s 486)

7. juli 1981
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal det i tillegg til føresegnene i bygningslova sine kapitler III og IV i § 65 også gjelda § 66 nr. 2, 74 og 94, jfr. 93.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1981 s 486)

18. januar 1971
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Masfjorden kommune ikke tillete å frådele tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. byningar som berre er berekna å bu i kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.
2.Der generalplan m/vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnt under nr. 1 berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for einskildtomter når serlege grunnar taler for det.

3.For slike bygningar som nemnt under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65, også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon etter denne vedtekt.

4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1971 s 57)

23. juni 1989 nr. 691.
Til § 117.

Masfjorden kommunestyre har 22. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 20. oktober 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Masfjorden kommune kan det fram til 1. juli 1991 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnd i §§ 84 og 93 i Plan- og bygningslova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak medrekna frådeling som kan skapa store vansker for planlegginga.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 212)