Vedtekter til bygningsloven for Meland kommune.

DatoFOR-0000-00-00-217
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-692
Endrer
Gjelder forMeland kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Meland

Kapitteloversikt:

Endret 8. juni 1982, 23. juni 1989 nr. 692.

5. feb. 1982 Nr. 339.
Til § 21, 1. ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Meland kommune, vedtatt av Meland kommunestyre den 24. juni 1977, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet den 6. juli 1979.

II. Vedtekta gjeld for heile Meland kommune med unnatak for dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplan.

III. Områda der vedtekta gjeld er vist på følgjande kart som er gjevne Miljøverndepartementet si påteikning i dag:

1.Oversiktskart M = 1:20.000
2.Soneplan Frekhaugområdet M = 1:5.000
3.Soneplan Flatøy M = 1:5.000
4.Soneplan Vestbygd M = 5.000
5.Soneplan Rossland M = 1:5.000

Arealbruken er slik:

A.Eksisterande byggjeområde

Byggjeområde vist med svart skravur eller raster på ovennemnde kart (bustad, offentleg føremål, service, industri og hytter).

B.Planlagde byggjeområde: (vist med farge):
1.Bustadområde:
B2.Leirdalen (soneplan Rossland)
B3.Midtmarka (soneplan Flatøy)
B4.Holme (soneplan Vestbygd)
2.Industriområde:
I1.Flatøy (soneplan Flatøy)
I3.Hjartås (soneplan Vestbygd)
I4.Leirdalen (soneplan Rossland)
3.Område for offentleg føremål:
O1.Meland kyrkje
O2.Sagstad skule (soneplan Frekhaugområdet)
O3.Flatøy skule (soneplan Flatøy)
O4.Holme (soneplan Vestbygd)
O5.Rossland skule (soneplan Rossland)
O7.Nord for Jonsoksgrenda (soneplan Frekhaugområdet)
4.Hytteområde:
H1.Havrevågen
H2.Odland
H5.Sætre
C.Jord, skog og naturområde

er dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa for føremål nemnd under punkt A og B eller er vist som friområde på ovannemnde kart.

IV. Innanfor dei områda der denne vedtekta gjeld som nemnd under punkt II og III, kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil gjera vanskeleg den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

Når særlige grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak, skal rådet leggja saka fram for generalplannemnda til fråsegn.

V. Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1982 s 98)

5. feb. 1982 Nr. 340.
Til § 21 første ledd bokstav b
I.Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Meland kommune, vedtatt av Meland kommunestyre den 24. juni 1977, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet den 6. juli 1979.

Vedtekta gjeld for dei areala der kommunikasjons-, vannforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredstillande ordna, jfr. pkt. II nedafor.

II.Vedtekta gjeld for desse planlagde bustadområda:
B3Midtmarka (soneplan Flatøy)
B4Home (soneplan Vestbygd)

Områda der vedtekta gjeld er vist på ovannemnde soneplankart i målestokk 1:5.000 og oversiktskart i målestokk 1:20.000, gjevne Miljøverndepartementets påteikning i dag.

III.I dei planlagte byggjeområda som er lista opp under pkt. II ovanfor kan det for tida ikkje takast areal i bruk for bustadbygging.

Når det ligg føre særlege grunnar, og eit utbyggingstiltak ikkje vil skapa vanskar for arbeidet med å gjera området byggjeklårt i sin heilheit, kan bygningsrådet gjera unnatak frå vedtekta.

IV.Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld inntil kommunikasjons-, vannforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva etter kommunestyret sitt skjønn er tilfredstillande ordna i byggjeområda. Vedtekta gjeld likevel ikkje utover 10 år.

(II 1982 s 100)

8. juni 1982
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjon og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget, kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2 første punktum gjelder tilsvarende.

(II 1982 s 417)

12. mai 1969
Til § 76.

Bygningsrådet kan i samband med godkjenning av byggemelding, krevja at det for eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1969 s 498)

12. mai 1969
Til § 78.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av fårleg eller serleg sjenerande art blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 498)

12. mai 1969
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal, forutan kap. III og IV og § 65 i bygningslova, og gjelda §§ 66 nr. 2, 71, 74 nr. 2, 94, jfr. § 93, samt kap. XV og XVI.

(I 1969 s 498)

18. nov. 1970
Til § 82.
1.Inntil genralplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Meland kommune ikkje tillete å frådele tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.

Der generalplan m/vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for enkelttomter når særlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1970 s 1451)

23. juni 1989 nr. 692.
Til § 117.

Meland kommunestyre har 14. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 11. juni 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Meland kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77, Plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga.

Anlegg som er fremja etter godkjend vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 212)