Vedtekter til bygningsloven for Balestrand kommune.

DatoFOR-0000-00-00-22
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1995-02-21-195
Endrer
Gjelder forBalestrand kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Balestrand

Kapitteloversikt:

Endret 12 okt 1987 nr. 797, 20 juli 1989 nr. 735, 21 feb 1995 nr. 195.

15. juni 1984 nr. 1328
Til § 21 annet ledd.

I. Denne generalplanvedtekt gjeld for heile Balestrand kommune med unntak av dei områda der det ligg føre reguleringsplanar som er gjort gyldige etter 1. januar 1960.

II. Dei areal der denne vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annen måte enn vanleg der arealet ligg, og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeliggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

III. Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet, etter at formannskapet har gitt fråsegn, gjere unntak frå vedtekta.

IV. Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld inntil det ligg føre godkjend generalplan, likevel ikkje utover 10 år frå stadfestinga.

(II 1984 s 344)

8. oktober 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har skaffa grunn til vegar eller opparbeidd sams avkjørsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av eigedomane som får nytte av anlegget refundere kommunen denne sine utlegg.

Kommunen deler utleggene på eigarane (festarane) av eigedomane som er nemnde i første delen i høve til nytten av kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane)krev det, skal fastsetjing av refusjon og deling foretakast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høve, og med høve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at denne er fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det vedtakast at betaling heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonen er endeleg fastlagd, skal kommunen overdra anlegget til eigarane av dei interesserte eigedomar utan vederlag. Anlegget vert sams eige i høve til fastsett refusjon.
3.Føresegnene i § 46 nr. 2, første punkt, gjeld tilsvarande.
12. okt. 1987 nr. 797.
Til § 63 nr. 3.

Eigedom må ikkje delast såleis at det ved delinga oppstår tilhøve som ikkje er i samsvar med denne lova, forskrift eller vedtekt. Eigedom må vidare ikkje delast såleis at det vert skipa tomter som etter bygningsrådets sitt skjønn er mindre vel skikka til å byggja på grunna storleik eller form. Bygningsrådet kan setje vilkår for å gje delingstillatelse at eigedom som har same eigar og som skal nyttast under eitt, vert føyd saman i grunnboka, jf lov om kartlegging, deling og registrering av grunneigedom (delingslova) § 4-3. Før tillatinga vert gjeve, skal bygningsrådet vidare sjå til at det ligg føre naudsynt samtykke til deling etter annan lovgjeving, jf § 95 som vert gjeve tilsvarende bruk så langt den høver.

Vedtektene vert sett i kraft frå 1. november 1987.

(II 1987 s 424)

8. oktober 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan det berre byggjast på dersom:

opparbeidd og godkjend veg fører til og langs med den side av tomta der tilkomst skal vere.

Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, første del, og

b.hovedkloakk, herunder også i tilfelle serskild overvassleiding, fører til og langs med eller over tomta.

Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større dimensjonar enn med diameter 305 mm. Bygningsrådet kan, med samtykkje av helserådet, godta kloakksamband til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføring. Veg og hovedkloakk som er lagd av grunneigar (festar), vert vedlikehalden av kommunen frå det tid anlegget er avslutta og godkjent, og tilfell kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å ta over veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første del, a.

(I 1969 s 1572)

12. okt. 1987 nr. 797.
Til § 69 nr. 3.
1.I busetnadsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som nemnt i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekka å tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegget må visast i si heilheit med køyrevegar, gangvegar og friareal. Bygningsrådet kan påleggje endringar i innsende planar etter retningsliner rådet trekkjer opp.
2.Etter at planen er godkjend av bygningsrådet og byggjearbeidet igangsett, pliktar eigaren (festaren) å opparbeide arealet i samsvar med planen utan unødig opphald.

Arealet og anlegga skal haldast forsvarleg vedlike.

3.Ved planlegging av biloppstillingsplassar og barneinstitusjonar/leikeplassar skal fylgjande reglar leggjast til grunn:

Biloppstillingsplassar.

Einebustader 2 pl. pr. eining

Einebustader med felles

parkeringsareal og

fleirfamiliehus 1.25 pl. pr. eining
Hybelhus 1 pl. pr. eining
Industribygg 1 pl. pr. 100 m² brutto golvareal.
Forretning 1 pl. pr. 50 m² brutto golvareal.
Kontor 1 pl. pr. 50 m² brutto golvareal.
Lager 1 pl. pr. 100 m² brutto golvareal.
Hotell/pensjonat 0,4 pl. pr. gjesterom.
Restaurant/kafeteria 0,15 pl. pr. sitjeplass.
Forsamlingshus 0,15 pl. pr. sitjeplass.
Skular 0,75 pl. pr. tilsett.
Helseinstitusjonar 0,30 pl. pr. tilsett.
Bensinstasjonar min. 6 parkeringsplassar.
Gatekjøkken min. 4 parkeringsplassar.

Som golvareal vert rekna brutto etasjeareal (inkl. birom, ganger, veggjer o.l.) Evt. laste- og losseplass kjem i tillegg.

Vedtektene vert sett i kraft frå 1. november 1987.

(II 1987 s 424)

12. okt. 1987 nr. 797.
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevje at naudsynt garasjeplass skal vera sikra for eigedomen sin trong. Ved søknad om bygging av bustadbygg skal garasje vera tilpassa i planen sjølv om garasje ikkje vert bygd samstundes med bustaden. Bygningsrådet kan i særlege tilfelle krevja at garasje(ar) vert bygd samstundes med bustaden(ane).

Vedtektene vert sett i kraft frå 1. november 1987.

(II 1987 s 424)

12. okt. 1987 nr. 797.
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan leggje ned forbod mot at bedrifter, anlegg, opplag og lager av fårlege eller særleg sjenerande art vert lagde innafor kommunen sitt område.

Samleis kan bygningsrådet setja forbod om at det på den einskilde eigedom vert lagd bedrifter, anlegg, opplag og lager o.l. dersom desse fører med seg tilhøve som er til vesentleg ulempe.

Vedtektene vert sett i kraft frå 1. november 1987.

(II 1987 s 424)

21. februar 1995 nr. 195.

Til § 79:

Bruksendring frå heilårsbustad til fritidshus er forbode i Balestrand sentrum, i området mellom Skåsheimselvi og Storesva.

Bygningsrådet kan i serlege høve gjera unntak frå denne foresegna.

(II 1995 83)

8. oktober 1966
Til § 81.

For driftsbygg for jord- og skogbruk skal forutan føresegnene i bygningslova sine kap. III og IV og § 65, også gjelda §§ 74 nr. 2 og 79, samt kap. XV og XVI.

(I 1966 s 1572).

4. oktober 1976
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Balestrand kommune ikkje tillete å frådele eller bortfeste tomter for, eller å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus.
2.I område der generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt og oppføring av bygningar som nemnde i nr. 1 berre utførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som er nemnde i nr. 1 kan ikkje førast opp nærmare veg som er åpen for ålmenn ferdsel enn 30 meter, og ikkje nærmare vassdrag enn 100 meter. Avstanden frå vassdrag skal målast frå strandlina i horisontalplanet ved middels flomvasstand.
4.For bygningar som er nemnde i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 62, 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109, kap. XV og XVI og kap. 49 i føresegnene til bygningslova.
5.Bygningsrådet kan skrive ut nærmare reglar om hyttebygging.
6.Denne vedtekta tek til å gjelde straks.

(II 1976 s 303)

30. juni 1986 nr. 1509.
Til § 117.

I Balestrand kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 - plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykkje frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planleggjinga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

(II 1986 s 522)

20. juli 1989 nr. 735.
Til § 117.

Balestrand kommunestyre har 26. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 30. juni 1986 nr. 1509 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 20. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 228)