Vedtekter til bygningsloven for Midsund kommune.

DatoFOR-0000-00-00-222
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1984-04-06-875
Endrer
Gjelder forMidsund kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Midsund

Kapitteloversikt:

6. april 1984 nr. 875.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta er knytt til generalplan for Midsund kommune, vedteke av Midsund kommunestyre 23. august 1982, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta omfattar heile kommunen med unntak av:

1.Eit område på Otrøya som er avgrensa mot Jenset av ei line mellom Beinsetvatnet koordinat X 529450, Y 42150 og Heggneset koordinat X 52497, Y 45463 og mot Rakvågen av ei line mellom Kleppskjeret lykt og varde Rørsethornet.

Området er elles avgrensa mot strandline og kote 100 m.

2.Eit område på Midøya som er avgrensa mot Blø av elva frå Bløvatnet, og mot Gangstad av ei line frå Skarvhammaren koordinat (X 520405, Y 27572) og vinkelrett på fylkesvegen. Området er elles avgrensa mot strandlina og kote 100 m.
3.Dryna
4.Området avgrensa av reguleringsplan «Midsund indre».

III. Vedtektsområdet er vist på oversiktskart i målestokk 1:20.000 vedteke i kommunestyret 23. august 1982 og med påteikning frå Miljøverndepartementet av i dag.

1.Byggeområder.

Detaljert arealutnytting er vist på kart i målestokk 1:20.000 vedteke av Midsund kommunestyre 23. august 1982, og med påteikning frå Miljøverndepartementet i dag.

2.Jord-, skog- og naturområder.

Dette omfattar områder som ikkje er avgrensa av dei formåla som er nemnt under pkt. 1.

IV. Innanfor dei områda som er omtalt i pkt. III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som generalplanen føreset.

V. Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

Ved vesentlege saker skal ein innhente fråsegn frå formannskapet før det tek endeleg avgjerd i ei sak.

IV. Denne vedtekta tek til å gjelda straks og er verksam i inntil ti år frå stadfestinga.

(II 1984 s 235)

24. jan. 1980
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommerhus, kolonihagehus o.l. bygninger som bare er beregnet på å bebos i kortere tidsrom, samt tilhørende uthus, er ikke tillatt i Midsund kommune. Det samme gjelder fradeling og bortfesting av tomter for bygninger som er nevnt, og tilbygg til, påbygg på eller ombygging av bestående bygninger, jfr. bygningslovens § 87 nr.2.
2.For bygninger som nevnt gjelder foruten bestemmelsene i bygningslova kap. III og IV og § 65 første ledd og § 68 også §§ 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74-2, 93, 94, 95, 96 og 109 og kap. XV og XVI.
3.Når særlige grunner foreligger kan bygningsrådet gi dispensasjon fra bestemmelser ovenfor.

(II 1980 s 32)