Vedtekter til bygningsloven for Modalen kommune.

DatoFOR-0000-00-00-224
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1974-11-25
Endrer
Gjelder forModalen kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Modalen

Kapitteloversikt:

25. nov. 1974
Til § 82.
1.Inntil generalplanen med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Modalen kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller å føra opp hytter, sommarhus o.l. bygningar som berre er berekna på å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v. Enkelttomt i alt eksisterande hytteområde og andre høvelege område kan, når serlege grunnar ligg føre, etter bygningsrådet sitt skjønn frådelast og tillatast bebygd.
2.Frådeling av tomt for og oppføring av bygningar som nemnt i pkt. 1 kan i område der generalplan med vedtekter ligg føre berre oppførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.For slike bygningar som er nemnt under pkt. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70 , 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og 109 kap. XV og XVI. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal dessutan § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter vedtekta.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(II 1974 s 278)