Vedtekter til bygningsloven for Naustdal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-239
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-22-493
Endrer
Gjelder forNaustdal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Naustdal

Kapitteloversikt:

Endret 21. februar 1973, 25. nov. 1985 nr. 2148, 28. mai 1986 nr. 1317, 22. juni 1989 nr. 493.

25. nov. 1985 nr. 2148.
Til § 21 første ledd, a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Naustdal kommune, vedteke av kommunestyret 5. oktober 1983 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta omfatter heile kommunen, med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet er vist på følgjande kart datert 26. november 1982 og seinast revidert 28. april 1983 og gjeve Miljøverndepartementets påteikning 25. november 1985.

Oversiktskart målestokk 1:50.000

Soneplankart for Naustdal sentrum målestokk 1:5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde.

Detaljert arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Friområde etter bygningslova § 25 nr. 4.
3.Jord-, skog- og naturområde. Desse omfatter dei areala som ikkje er avgrensa av føremål nemnt under pkt. 1 eller 2.

IV

Innanfor dei områda som er nemnt under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentlig grad vil gjera det vanskeleg å utnytte areala slik det er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar tilseier det, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta tek til å gjelda straks og gjeld i inntil ti år frå stadfestinga.

(II 1985 s 838)

18. des. 1969
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for utlegg til utføring av tiltak som nemnt i § 46 nr. 1, første ledd, skal leggjast til grunn fylgjande faste prisar:

Pris pr. meter for opparbeiding av 6 meters veg med kloakk.

F = Fellessystem

S = Seperatsystem 

A jordB jord og fjell iC fjell med inntil
blanding1 m skjæring
GrusAsfaltGrusAsfaltGrusAsfalt
FSFSFSFSFSFS
200250250300350400400450650700700750
 

For andre vegbreidder enn den som er oppsett i tabellen skal prisen justeres oppover eller nedover i høve til breidda.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen sine utgifter.

Kommunen fordelar utgiftene på eigarane (festarane) av dei eigedomar som er nemnde i første leden i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjon og fordeling føretakast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med at dei har høve til dette, og at dei har høve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn, og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bestemmast at betalinga heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overdrage anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same høve som er fastsett for refusjonen.
3.Føresegnen i § 46 nr. 2 første punkt, gjeld tilsvarande.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast dersom:

a.opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den side av tomta der ho har si tilkome.

Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1 første leden og

b.hovudkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør med større diameter enn 305 mm.

Bygningsrådet kan med samtykkje av helserådet godta kloakksamband til anna hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagd av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og fell til kommunen utan vederlag.

Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidde etter første leden, a.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 69 nr. 3.

I busetnadplaner og reguleringsplaner skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mon behovet for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal, må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Retningsliner for avkøyrsler og parkering:

1.Bustadbusetnad skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for ein bil pr. bustad. For hybelhus minst ein oppstillingsplass for annakvar hybel.
2.Forretningsbygg, industri og lagerbygg, institusjonar, hotell, restuarantar, forsamlingslokale, skular, idrettsanlegg og andre bygningsanlegg der spesielle høve gjer seg gjeldande, skal ha naudsynt oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande inn- og utkøyringsforhold.

For punkt 1 og 2 gjeld at uttale om behovet er dekka og om inn- og utkøyringsforholda skal innhentast frå sakkunnig før godkjenning av planane.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 76.

Einkvar eigedom skal vera sikra naudsynt garasjeplass.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 1564)

18. des. 1969
Til § 81.

For driftsbygningar for jord og skogbruk skal forutan bygningslovas kapittel III og IV og § 65 også gjelde § 74 nr. 2 og § 79.

Disse vedtekter trer i kraft straks.

(I 1969 s 1564)

21. feb. 1973
Til § 82.
1.Frådeling av tomt for, og oppføring av hytter, sommarhus o.l. bygningar som ein berre reknar med å bu i i kortare tidsrom av året, og tilhøyrande uthus, kan berre føretakast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter fråsegn frå bygningsrådet fritake for eller gje utsetjing med disposisjonsplan for nærare fastsette område.
2.For bygningar som nemnde under nr. 1 skal utanom bygningslova kap. III og § 65 også gjelde §§ 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan gjeva nærare reglar for hyttebygging.

(I 1973 s 228)

28. mai 1986 nr. 1317.
Til § 117.

I Naustdal kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

Forskrifta tek til å gjelde frå det tidspunkt plan- og bygningslova av 14. juni 1985 trer i kraft.

(II 1986 s 431)

22. juni 1989 nr. 493
Til § 117.

Naustdal kommunestyre har 26. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift 28. mai 1986 nr. 1317 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 149)