Vedtekter til bygningsloven for Nissedal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-247
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-08-04-877
Endrer
Gjelder forNissedal kommune, Telemark
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Nissedal

Kapitteloversikt:

Endret 11. september 1986 nr. 1948, 4. august 1989 nr. 877.

13. sept. 1979
Til § 21, 1. ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyttar seg til generalplan for Nissedal kommune, vedteken av Nissedal kommunestyre den 20. mai 1977 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet den 13. september 1979. Vedtekta gjeld for areal i Nissedal kommune som i følgje generalplanen skal nyttast som jord-, skog- og naturområde, og som er nærare omtala under pkt. II nedafor. Vedtekta gjeld like vel ikkje for område der det ligg føre stadfesta reguleringsplan eller godkjend disposisjonsplan.

II. Dei områda som vedtekta gjeld for ligg innafor ei ytre avgrensing som dannast av kommunegrensa, og avgrensast mot byggeområda slik det er vist på følgjande kart og luftfoto, med Miljøverndepartementet si påteikning datert den 13. september 1979.

Kart 8 over heile kommunen, M = 1:250.000.

Luftfoto:

Kart 1 Nordbygda, M = ca. 1:8.200.

Kart 2 Kyrkjebygda sentrum, Sundsodden, M = ca. 1:7.500.

Kart 3 Tveitsund, M = ca. 1:5.000.

Kart 4 Fjone, M = ca. 1.4.775.

Kart 5 Haugsjåsund, M = ca. 1:6.885.

Kart 6 Felle, M = ca. 1:3.150.

Kart 7 Tjønnefoss, M = ca. 1:2.730.

III. Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld for, som nemnt under pkt. II ovafor, kan grunnen ikkje takast i bruk til føremål som i vesenleg grad vil vanskeliggjøra den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

I dei områda som i generalplanen er føresett nytta som jord-, skog- og naturområde er det såleis forbode å setje i gang bygge- eller anelggsverksemd som ikkje har direkte tilknytning til vanleg jordbruk, skogbruk, jakt og fiske.

IV. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

V. Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld inntil 10 år frå stadfestingsdato.

(II 1979 s 376)

13. sept. 1979
Til § 21, 1. ledd, bokstav b.

I. Denne generalplanvedtekt knyttar seg til generalplan for Nissedal kommune, vedteken av Nissedal kommunestyre den 20. mai 1977, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet den 13. september 1979. Vedtekta gjeld for areal der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande ordna, jfr. pkt. II.

II. Følgjande byggeområde kjem inn under vedtekta, og er vist på luftfoto kart 3 Tveitsund i målestokk ca. 1:5.000, datert april 1975, revidert 8. mai 1979 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning datert 13. september 1979.

1.Bustadområda 6, 7, 8, og del av 13.
2.Industriområde 2.

III. I dei planlagte byggeområda nemnde under pkt II ovafor kan grunnen for tida ikkje takast i bruk til utbygging. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeliggjere arbeidet med å gjere vedkommande område byggeklart i sin heilheit, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

IV. Denne generalplanvedtekt trer i kraft frå stadfestingsdato, og gjeld inntil kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva etter kommunestyret sitt skjønn er tilfredsstillande ordna, men likevel ikkje for lengre tidsrom enn 10 år.

(II 1979 s 378)

5. juni 1978
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller opparbeidd sams avkjøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere utgiftene som kommunen har hatt.

Kommunen fordelar utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i fyrste ledd i forhold til nytte for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjon og fordelinga foretakast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med dette og med høve til å få prøva kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det fastsetjast at betalinga heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overdra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same høve som er fastsett for refusjonen.
3.Føresegnene i § 46 nr. 2 fyrste punktum gjeld tilsvarande

(II 1978 s 372)

5. juni 1978
Til § 81.

For husvære til skogsdrift skal forutan bygningslovas kap. III og IV og § 65 fyrste ledd også gjelde §§ 63, 66, 70, 71, 72, 74 nr. 2, 87, 91, 93, 94, 95, 96, 97 og 109, kap. XV og XVI samt byggeforskriftene kap. 49.

Før byggetillatelse blir gitt for skogshusvær skal det ligge føre uttale frå skogrådet om det av omsyn til drifta av skogeigedomane er behov for slikt husvær.

Husvær for skogsdrift må ikkje utan bygningsrådet sitt serlege samtykke bli plassert nærare vassdrag enn 50 m, målt horisontalt frå strandlina ved gjennomsnittleg flomvasstand.

(II 1978 s 372)

28. febr. 1978
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i kommunen ikkje tillatt å frådele eller feste bort tomter eller å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar samt tilhøyrande uthus bare tenkt nytta i kortare tidsrom.
2.Bygningar som nemnt i pkt. 1 kan likevel bli oppført etter disposisjonsplanar som er godkjent av fylkesmannen før denne vedtekt trådte i kraft.
3.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå bestemmelsane i pkt. 1 for einskilde tomter.
4.I dei soner som i generalplan med vedtekter blir bestemt til oppføring av hytter m.m., kan frådeling og bortfesting av tomt for og oppføring av hytter m.v. berre skje etter disposisjonsplan som er behandla i bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
5.Hytter m.m. kan ikkje førast opp nærmare hovedvassdraga Nisser, Tjørull, Nidelva og Fyreselva enn 100 m, og 50 m frå mindre vassdrag (elv, tjern eller mindre innsjø). Avstanden frå vassdrag blir målt horisontalt frå strandline ved gjennomsnittleg flomvasstand. Slike bygningar må ikkje førast opp nærmare enn 30 m frå veg som er åpen for allmenn ferdsel.
6.For bygningar som er nemnt under pkt. 1 skal foruten bygningslovas kap. III og IV og § 65 gjelde §§ 63, 66 nr.1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 79, 87, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 98, 109, kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal bygningslovas § 66 nr. 2 og § 75 gjelde. Etter at kommunen har hatt anledning til å uttale seg, avgjør fylkesmannen i tvilstilfelle om ansamling av hytter er av ein slik storleik at det føreligg hyttegrend, hyttekonsentrasjoner, etter denne vedtekt.

7.Bygningsrådet kan utferdige nærmare reglar om hyttebygging.

(II 1978 s 107)

5. juni 1978
Til § 85.

Oppstilling av campingvogner, telt o.l. også for kortare tid enn 3 månader, er berre tillatt på områder som er godkjent for føremålet av bygningsrådet. Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner, telt o.l. etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje hindrar den allmenne ferdsel og ikkje fører til vesentlege ulemper for omgivnaden. Bygningsrådet kan setje vilkår for godkjenninga og også gjere den tidsavgrensa. Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende.

Denne vedtekt gjeld ikkje oppstilling av campingvogner, telt o.l. på gårdsplass eller bebygd hustomt, jfr. likevel § 104 i bygningslova, og heller ikkje for telt som kan berast over lengre strekningar.

(II 1978 s 373)

11. september 1986
Til § 117.

Nissedal kommunestyre har 11. september 1986 vedtatt slik forskrift om mellombels plankrav etter § 117 i plan- og bygningslova:

I Nissedal kommune kan det i 3 år frå iverksetting av lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje settast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vansker for planlegginga.

Anlegg som blir fremma etter godkjent vegplan etter veglova, er unnatekne frå desse reglane.

(II 1986 s 648)

4. aug. 1989 nr. 877.
Til § 117.

Nissedal kommunestyre har 26. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 11. september 1986 nr. 1948 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Telemark har 4. august 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990.

(II 1989 268)