Vedtekter til bygningsloven for Nord-Fron kommune.

DatoFOR-0000-00-00-251
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1996-06-24-656
Endrer
Gjelder forNord-Fron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Nord-Fron

Kapitteloversikt:

Endret 3 juli 1986 nr. 1655, 24 juni 1996 nr. 656.

26. mars 1985 nr. 721.
Til § 21 fyrste ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Nord-Fron kommune vedtatt av kommunestyret den 20. april 1983 og slik planen er godkjent av Miljøverndepartementet 26. mars 1985.

II. Vedtekta omfatter heile kommunen, med unntak for områder der det ligg føre reguleringsplan.

III. Vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:5.000 og 1:100.000 gitt Miljøverndepartementets påteikning datert 26. mars 1985.

1.Byggeområder.

Detaljert arealutnytting er vist på kart i målestokk 1:5.000 og 1:100.000, gitt Miljøverndepartementets påteikning datert 26. mars 1985.

2.Jord-, skog- og naturområder.

Desse omfattar dei areala i kommunen som ikkje er avgrensa av formål nemnt under pkt. 1.

IV. Innafor dei områda som er nemnt under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til formål som i vesentleg grad vil vanskeleggjøre den utnytting som er lagt til grunn i generalplanen.

V. Når særlige grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjøre unntak frå denne vedtekta.

VI. Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 230)

26. mars 1985 nr. 722.
Til § 21, fyrste ledd bokstav b.

I. Denne generalplanvedtekt knytter seg til generalplan for Nord-Fron kommune, vedtatt av kommunestyret 20. april 1983 og slik planen er godkjent av Miljøverndepartementet 26. mars 1985. Vedtekta gjeld dei areal der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetsforholda for tida ikkje er tilfredsstillande ordna, jfr. pkt. II.

II. Følgjande byggeområder omfattes av vedtekta:

A.Boligområder

B 3 vist på sonekart Vinstra

B 4 vist på sonekart Vinstra

B 5 vist på sonekart Vinstra

B 9 vist på sonekart Kvam

B 11 vist på sonekart Skåbu

B 12 vist på sonekart Skåbu

SB 1 vist på generalplankart

SB 3 vist på generalplankart

SB 4 vist på generalplankart

SB 5 vist på generalplankart

SB 6 vist på generalplankart

SB 8 vist på generalplankart 

B.Industriområder

I 2 vist på sonekart Vinstra

I 3 vist på sonekart Vinstra

I 7 vist på sonekart Skåbu 

C.Forretningsområder

F 7 vist på sonekart Skåbu 

D.Hytteområder

H 4 vist på generalplankart

H 5 vist på generalplankart

Karta er gitt Miljøverndepartementet si påteikning datert 26. mars 1985.

III. I dei planlagte byggeområda som er nemnt under pkt. II ovafor kan grunnen for tida ikkje byggast ut. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeleggjøre arbeidet med å gjøre vedkomande område byggeklart fullt ut, kan bygningsrådet gjøre unntak frå vedtekta.

IV. Denne generalplanvedtekt trer i kraft frå stadfestinga og gjeld inntil kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetsforholdene etter kommunestyrets skjønn er tilfredsstillande ordna for vedkommande byggeområde, dog ikkje ut over 10 år.

(II 1985 s 231)

2. april 1982
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er meint til å bu i for stuttare tidsrom samt tilhøyrande uthus kan berre skje i områder som er avsett til dette føremål i godkjent generalplan med stadfesta vedtekter. Det samme gjeld frådeling av tomt til slikt føremål.
2.Oppføring av bygningar som nemnt i pkt. 1 og frådeling av tomt til slikt føremål kan berre skje etter endeleg reguleringsplan.
3.Bygningar som er nemnde under nr. 1, samt tilbygg/påbygg til slike bygningar, kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 100 meter målt horisontalt frå høgste observerte vasstand, og ikkje nærare veg, sti eller anna viktig turdrag enn 20 meter målt horisontalt frå midtlina, jfr. føresegnene i veglova om avstand frå offentleg veg.
4.For bygningar som er nemnde i nr. 1, skal forutan kap. III, IV og §§ 65 og 68 i bygningslova også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, § 74 nr. 2, § 87 nr. 1 og 2, §§ 89, 90, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI og kap. 49 i byggeforskriftene.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal §§ 66 nr. 2 og 75 i bygningslova gjelde. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilsmål om ei samling av hytter skal reknast for hyttegrend, hyttekonsentrasjon etter denne vedtekta.

5.Når særlege grunnar talar for det, kan bygningsrådet dispensere frå vedtekta.
6.Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1982 s 196)

24. juni 1996 nr. 656
Til § 107 fyrste ledd:
1.Forretnings- og reklameskilt m.v.

I Nord-Fron skal forretnings- og reklameskilt og andre reklameinnretningar ikkje setjast opp utan at kommunen på førehand har gitt samtykke. Samtykke kan berre bli gitt inntil vidare eller for eit bestemt tidsrom.

2.Miljøtilpassa skilt

Skilt og reklameinnretningar skal vera godt tilpassa den bygningen og det miljøet dei er plasserte i. Dei skal ikkje virke skjemmande i seg sjøl eller i forhold til omgivnadane, eller virke sjenerande.

Skilt og reklameinnretningar skal ha moderat storleik, utforming og farge, og skal harmonere med bygningen og miljøet elles. Blinkande eller rørlege skilt/reklameinnretningar er normalt ikkje tillatt.

3.Lys-skilt

Opplyste skilt og skilt der den enkelte bokstaven eller symbolet er opplyst kan tillatast.

Skilt og reklame i form av lyskassar skal ikkje nyttast.

Lyskassar kan likevel tillatast i område regulert til industri, dersom dei er utført med lukka front slik at berre tekst eller symbol er gjennomlyst.

4.Storleik på skiltet

Skilt skal normalt ikkje dekkje meir enn 1/4 av den horisontale fasade-lengda på bygningen, avgrensa til fire meter, eller ein rimeleg del av fasaden som verksemda disponerer. For serleg store bygningar og bygningar med stor avstand til trafikkareal, kan større skilt tillatast.

Uthengsskilt skal ikkje ha større breidde enn ein meter. På freda bygningar eller bygningar/miljø som det er aktuelt å verne, skal maksimum storleik vera 0,6 kvm.

5.Fellesskilt

I næringsbygg som inneheld fleire verksemder skal skilta til firmaer samlast i ei oppslagstavle. Denne tavla kan vera frittståande. Verksemd i lokale med fasade langs fortau eller gate med eigen inngang kan ha eigne skilt.

Talet på skilt kan aukast dersom verksemda disponerer fleire fasader på eigedomen langs fortau eller gate, og der det er naturleg at det blir sett opp skilt også mot desse. Skilta skal som hovudregel plasserast ved inngangar.

6.Plassering av skiltet

Skilt og reklameinnretningar på bygningar skal plasserast på veggflater, og kan ikkje plasserast på møne, takflate eller gesims.

Skilt og reklameinnretningar skal ikkje plasserast på stolpar eller gjerde.

7.Forbod

Følgjande skilt og reklameinnretningar er ikkje tillatt:

-Lausfotreklame. Kommunen kan likevel gi løyve til eitt slikt skilt pr butikk/verksemd.
-Reklame på markiser. Etter ei samla vurdering kan likevel firmanamn/logo tillatast på markiser. 

Forskrifta trer i kraft 1. august 1996.

3. juli 1986 nr. 1665
Til § 117.

I Nord-Fron kommune kan det i 3 år frå lov nr. 77, plan- og bygningslov frå 14. juni 1985, trer i kraft, ikkje setjast i gang arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 i denne lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, mellom anna frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga. Anlegg som blir fremma etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke desse føresegnene.

(II 1986 s 563)