Vedtekter til bygningsloven for Norddal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-253
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1984-10-31-1831
Endrer
Gjelder forNorddal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Norddal

Kapitteloversikt:

31. okt. 1984 nr. 1831.
Til § 48 nr. 3.

I bustadområde med stadfesta reguleringsplan skal berre storleiken på tomtearealet leggjast til grunn ved fastsetting av refusjon for kommunale utbyggingskostnader. I område med ulik utnyttingsgrad på tomtene, skal reglane i § 48 nr. 3 og nr. 4 gjelde.

Vedtekta trer i kraft staks.

(II 1984 s 500)

15. okt. 1980
Til § 52.

Når kommunen i henhold til reguleringsplan (§ 26 nr. pkt. f) heilt eller delvis har tilegna seg grunn til eller opparbeidd felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundere kommunen sine utgifter.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomane som nemnt i første ledd, i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og fordelinga gjerast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter den er endeleg fastsett. For kvar eigedom som ikkje får full nytte av anlegget, kan det gjerast vedtak om at betaling heilt eller delvis skal utstå.

Når refusjonssummen er endeleg fastsett, skal kommunen overføre anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomane. Desse vert då sameigarar i same forhald som fastsett for refusjonen, og dei kan verte pålagt vedlikehaldet.

Føresegna i § 46 nr. 2, første punkt gjeld tilsvarande.

(II 1980 s 787)

15. okt. 1980
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert område vert frådelt før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(II 1980 s 787)

15. okt. 1980
Til § 76.

Bygningsrådet kan kreve at nødvendig garasjeplass skal vere sikra for eigedomens behov.

(II 1980 s 787)

15. okt. 1980
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

Vedtektene trer i kraft straks.

( II 1980 s 787)

15. okt. 1980
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, somarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, og frådeling og bortfeste av tomter til slike føremål, kan berre skje etter stadfesta reguleringsplan eller etter disposisjonsplan handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen, der det er gjort unntak frå stadfesta generalplanvedtekt etter § 21 i bygningslova for to eller fleire hytter.
2.For bygningar som nemnt under pkt. 1 skal utanom bygningslova kap. III og IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70-73, 74 nr. 2, 91, 93, 94, 95, 96, og 109 og kap. XV og XVI. For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal dessutan bygningslova §§ 66 nr. 2 og 75 gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttala seg, avgjer fylkesmannen om ei samling av hytter er hyttegrend/hyttekonsentrasjon etter denne vedtekta.
3.Bygningsrådet kan fastsetja nærare utfyllande reglar for hyttebygging.
4.Vedtekta tek til å gjelda straks.

(II 1980 s 877)