Vedtekter til bygningsloven for Os kommune, Hordaland

DatoFOR-0000-00-00-267
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1996-02-27-239
Endrer
Gjelder forOs kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Os

Kapitteloversikt:

Endret 2 feb 1989 nr. 40, 14 juli 1989 nr. 638, 19 sep 1989 nr. 1437, 27 feb 1996 nr. 239.

6. april 1984 nr. 872.
Til § 21, første ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Os kommune vedteke av Os kommunestyre 9. november 1982 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta gjeld for heile Os kommune med unntak av reguleringsplanar stadfest etter den 6. februar 1969.

III. Vedtektsområda er vist på desse karta som er gjevne Miljøverndepartementet si påteikning datert i dag.

1.Oversiktskart over heile kommunen i målestokk 1:20.000, datert 2. mars 1979, og sist revidert 22. mars 1982.
2.Soneplankart for Søfteland i målestokk 1:5.000.
3.Soneplankart for Lysefjorden i målestokk 1:5.000.
4.Soneplankart for Osøyro/Ulven i målestokk 1:5.000.
5.Soneplankart for Søre Neset i målestokk 1:5.000.
6.Soneplankart for Nore Neset i målestokk 1:5.000.
7.Soneplankart for Søre Øyane i målestokk 1:5.000.
8.Soneplankart for Nore Øyane i målestokk 1:5.000.
9.Soneplankart for Lysodden i målestokk 1:5.000.
10.Soneplankart for Forstrøno i målestokk 1:5.000.

IV. Innanfor dei områda som denne vedtekta gjeld for, og som er nemnde under pkt. II og III ovanfor, kan grunnen ikkje nyttast til føremål som i vesentleg grad vil gjera vanskelegare den arealutnyttinga som er føresett i generalplanen.

V. Bygningsrådet kan gjera unntak frå vedtekta når særlege grunnar ligg føre.

VI. Denne vedtekta trår i kraft straks, og gjeld fram til 31. desember 1987.

(II 1984 s 232)

6. april 1984 nr. 873.
Til § 21, første ledd, bokstav b.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Os kommune, vedteken av Os kommunestyre 9. november 1982 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta gjeld for planlagde byggeområde i Os kommune der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakkerings- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande ordna, jfr. pkt. III nedanfor.

III. Denne vedtekta gjeld følgjande planlagde byggeområde, avmerkt på soneplankart datert 29. desember 1982 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning i dag:

-Bustadområda B13: Osstølen - Sveo og B14: Nordmarka og delar av bustadområdet B9: Ytre Moberg, vist på sone- og plankart for Osøyro/Ulven.
-Delar av bustadområdet B11: Halhjem, vist på soneplankart for Søre Neset.
-Bustadområdet Skorvane Aust, vist på soneplankart for Nore Neset.

IV. I dei planlagde byggeområda som er nemnde under pkt. II og III ovanfor, kan grunnen for tida ikkje takast i bruk til utbyggingsføremål.

Når det ligg føre særlege grunnar, og tiltaket ikkje vanskeleggjer ei tilfredsstillande utnytting av vedkomande byggeområde, heile området sett under eitt, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

V. Denne generalplanvedtekta gjeld frå stadfestingsdato og inntil kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva etter kommunestyret sitt skjøn er ordna på fullnøyande måte for vedkomande byggefelt, like vel ikkje utover 31. desember 1987.

(II 1984 s 234)

23. okt. 1981
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har fått eigedomsrett til eller opparbeidd felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen dei utgifter kommunen har hatt til dette.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigdomar som nemnt i første lekken etter kva nytte kvar eigedom har av anlegget. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetting av refusjonen og fordelinga verta gjort ved skjøn. Eigarane (festarane) må verta gjort kjent med dette, og at det er høve til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen som er sett i § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det fastsetjast at betalinga skal utstå heilt eller delvis.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overdra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same forhold som fastsett for refusjonen.
3.Føresegnene i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld på same måten.

(II 1981 s 804)

14. juli 1989 nr. 638.
Til § 63 nr. 3:

Eigedom må ikkje delast på ein slik måte at det oppstår situasjoner som strir mot denne lov, forskrift eller vedtekt. Heller ikkje må eigedom delast slik at det blir skipa tomter som etter bygningsrådet sitt skjøn er mindre vel skikka til bygging på grunn av storleik eller form. Bygningsrådet kan setje som vilkår for å gi delingsløyve at eigedomar som har same eigar og som skal nyttast under eitt, blir samanføydde i grunnboka, jf lov om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingslova) § 4-3. Før løyve blir gitt, skal bygningsrådet dessutan sjå til at det ligg føre nødvendig samtykke etter anna lovgjeving, jf plan/bygningslovas § 95 som gjeld tilsvarande så langt den passar.

Vedtekta trer i kraft 15. august 1989.

(II 1989 198)

23. okt. 1981
Til § 66 nr. 1.

Eigedom kan berre delast eller byggjast på dersom byggetomt(ane) anten er sikra lovleg tilkomst til veg som er open for ålmenn ferdlse og som etter bygningsrådet sitt skjøn stettar dei tekniske krav som vert stilt til tilkomstveg for strøket, eller ved tinglyst dokument eller på annan måte sikra vegsamband som bygningsrådet kan godkjenna. Avkøyrsle frå offentleg veg må vera godkjent av vedkomande vegstyresmakt, jfr. veglova av 21. juni 1963 §§ 39-43.

Bygningsrådet kan krevja at tilkomstveg som nemnt i første ledd, skal vera ferdig opparbeidd til og langs tomt(ane) før det vert gjeve byggetillatelse. Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Der vegsamband etter bygningsrådet sitt skjøn ikkje kan skaffast utan uforholdsmessig vanske eller utgift, kan rådet godta ei anna ordning.

(II 1981 s 804)

23. okt. 1981
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre frådelast eller byggjast på dersom:

a)Opparbeidd og godkjent veg er ført fram til og langs den sida av tomta der den har sin tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidd enn fastset i § 47, nr. 1, første lekken, og
b)hovudkloakk, under dette i tilfelle også særskild overvassleidning fører fram til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan godta kloakktilknytning til annan hovudkloakk, og
c)hovudvassleidning fører fram til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg, hovudkloakk og hovudvassleidning som er lagt av grunneigar (festar) vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og det vert overteke av kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidd etter første lekken, punkt a.

(II 1981 s 804)

2. feb. 1989 nr. 40
Til § 69 nr. 3:

Det skal sendast inn planar for utforming og opparbeiding av felles areal. Tal på parkeringsplassar vert sett i høve til vedteken kommunalteknisk norm, og etter bygningsrådet si godkjenning.

Parkeringsareal for anna enn bustader skal vera opparbeidd før byggearbeida tek til.

Felles parkeringsareal skal i felt med meir enn 10 bustadeiningar vera opparbeidd før arbeid på tomtene tek til.

(II 1989 29)

23. okt. 1981
Til § 69 nr. 3.
1.Bustadbygg skal ha oppstillingsplass for 1,5 bil pr. bustad. For hybelbygg vert det kravd tilsvarande for annan kvar hybel.
2.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygget, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
3.Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² golvflate i bygget, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
4.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, teater, skular, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der særskilde tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplass for bilar og fullnøyande ut- og innkøyringstilhøve. Bygningsrådet avgjer tal på oppstillingsplassar i det einskilde høvet.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal fastsetjast av bygningsrådet i det einskilde høvet.

Oppstillingsplassen skal vera på eiga tomt eller på felles areal for fleire tomter.

Før bygningsrådet tek stode til godkjenning av byggeplanane, kan bygningsrådet krevja at søkjaren legg fram fråsegn frå sakkunnig om trongen for oppstillingsplass er dekka og om ut- og innkøyringstilhøva.

Bygningsrådet kan også krevja at dei fastsette oppstillingsplassane er ferdig opparbeidd når bygning vert teken i bruk.

Bygningsrådet kan når særlege grunnar ligg føre, gjera unntak frå dei krav som er fastsett i denne vedtekta.

(II 1981 s 804)

23. okt. 1981
Til § 69 nr. 4

Bygningsrådet kan gje samtykke til at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på felles areal vert innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret fastset dei satsane som til ei kvar tid skal gjelda i slike tilfelle.

(II 1981 s 804)

2. feb. 1989 nr. 40
Til § 76 tredje punktum:

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra turvande garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanom offentleg veggrunn. Ved søknad om oppføring av bustadbygg skal garasjen vera innpassa i planane sjølv om garasjen ikkje vert bygt samstundes med bustaden.

(II 1989 29)

2. feb. 1989 nr. 40

Til § 78 nr. 1 tredje ledd:

Bygningsrådet kan forby at verksemder, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerende art vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(II 1989 29)

23. okt. 1981
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra turvande garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanom offentleg veggrunn.

(II 1981 s 804)

23. okt. 1981
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, opplag og lager av farleg eller særleg sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(II 1981 s 804)

23. okt. 1981
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal i tillegg til bygningslova kap. III og IV og § 65 første lekken og § 68, også gjelda §§ 66 nr.2, 71, 74, 87, 93, 109 og kapitla XV og XVI.

(II 1981 s 804)

22. juli 1985 nr. 1511.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er rekna med skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan berre skje i dei områda som er avsett til dette i godkjent generalplan, og på Skåtøy og søre del av Ramsholmen, og berre i samsvar med reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål, samt vesentleg endring av slik bygning som nemnd, t.d. påbygg.

Områda er vist på kart i målestokk 1:25.000 datert 31. mai 1985 og gjeve Miljøverndepartementets si påteikning.

2.For slike bygningar som nemnt i nr. 1 skal forutan reglane i bygningslova kap. III og IV og §§ 65 og 68 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87-91, 93-97, 109 og kap. XV og XVI.
3.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unntak frå reglane ovanfor.
4.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Os kommune, stadfesta 19. mars 1971 oppheva.

(II 1985 s 537)

23. okt. 1981
19. september 1989 nr. 1437
Til § 91a:

Det må liggja føre løyve frå Bygningsrådet for:

a)å omdanne eller ta i bruk bustad til forretningslokale, herunder hotell eller anna herberge,
b)å rive bygning som inneheld bustad, unnateke når bygningen,
1.er ekspropriert av det offentlige,
2.ligg innnafor område som er regulert til fornying (§ 25 nr. 8) og er kjøpt av kommunen eller andre som med samtykke frå kommunen skal stå for fornyinga.

Ved avgjerd om løyve etter første ledd bokstav a) til b) skal verta gitt, tas det omsyn til ei forsvarleg utnytting av bustadmassen.

Dersom bustad er omgjort i strid med vedtekt gitt etter første ledd, kan Bygningsrådet påby at han vert sett i slik stand at han kan nyttast til sitt opprinnelege føremål.

(II 1990 138)

Til § 93 første ledd bokstav g.
g.oppsetting av skilt og reklame m.v. som nemd i § 107 og som er større enn 1,5 kvm. 

Forskrifta trer i kraft f.o.m. 15. april 1996.

(II 1996 s 74)

Til § 107.

I heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement o.l. over 1,5 kvm. ikkje kan setjast opp utan etter samtykkje frå Hovudutval for teknisk sektor. Samtykkje kan berre gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

Plan- og bygningslova § 94 gjeld tilsvarande for søknad om samtykkje som nemnd i fyrste leden. Plan- og bygningslova § 95 gjeld tilsvarande for kommunen si handsaming av søknader som nemnd i fyrste leden.

I bustadområde er reklamearrangement ikkje tillate.

Ved handsaming av søknader om skilt og reklamearrangement gjeld:

1.Skilt og reklamearrangement skal vera samstemte med fasaden på bygget. Fargar og hovudoppdeling av fasaden på bygget og nabobygga skal respekterast.
2.Skilt skal plasserast på huset sin hovudfasade eller i tilknyting til vindauge/inngangsparti. Skilt skal så langt mogleg plasserast i etasjeskiljet mellom 1. og 2. etg. utan å koma i konflikt med gesims eller annen fasadeutsmykking. Skilt skal ikkje dekkja meir enn 1/4 av den horisontale fasadelengda, avgrensa til 4 meter, med mindre tilhøva tilseier noko anna.
3.Vedtektene omfattar skilt og reklame på vindauge, medrekna plakatar og plastfolie med mindre innretningane er ein naturleg del av skiftande utstillingar.
4.I næringsbygg som inneheld fleire verksemder, skal firma sine skilt samlast i ei oppslagstavle. Denne kan vera frittståande. Verksemder med eigen inngang eller fasade langs fortau eller gate, kan ha eigne skilt. Slike skilt skal som hovedregel plasserast ved inngangen.
5.Skilt og reklameinnretningar skal plasserast på veggflater, og vert normalt ikkje tillatne plassert på mønet, takflater eller gesims.

Tilfeldige skilt og reklameinnretningar vert ikkje tillatne plassert på veggar, stolpar eller gjerde som ikkje er utforma med dette for auga.

6.Arenareklame på idrettsplassar som ikkje retter seg inn mot sjølve idrettsplassen vert omfatta av vedtektene.
7.Lausfotreklame vert ikkje tillete. Kommunen kan gjera unntak for heilt bestemte område. I slike høve skal det takast omsyn til gang- og sykkeltrafikk. Spesielt skal ein passa på at det ikkje medfører ulempe eller risiko for syns- og rørslehemma.
8.Fjerning av skilt og reklamearrangement m.v.

Dersom det kan skje utan hinder av løyve som er gitt for eit bestemt tidsrom, kan Hovudutval for teknisk sektor gje pålegg om å fjerna eller endra innretningar for skilt- og reklamearrangement, når dei etter utvalet sitt skjøn verkar skjemmande i seg sjølv eller i høve til omgjevnadene, eller verkar sjenerande.

9.Spesielle reglar for visse skilttypar

Uthengsskilt

Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast tilstrekkeleg høgt på fasaden. Uthengsskilt skal maksimalt stikka 1 m ut frå fasaden, og storleiken skal ikkje overstiga 0,5 kvm. Fri høgd over fortau må vera min. 2,5 m. 

Lysskilt

Dersom lysskilt skal nyttast, må dei utformast i tråd med reglane i pkt. 1-2. Dominerande lyskasser er ikkje tillatne. Lysskilta skal skjermast slik at det berre er teksten og eventuelt symbolet som gjev lys.

Blinkande eller bevegelege lysskilt vert ikkje tillatne. 

Markiser

For dei forretningane som har trong for solskjerming ved markiser, skal desse strengt avgrensast til vindaugeopningane.

Ved planlegging av markiser, skal desse utformast etter regelen i pkt. 1

10.Unntak

For særlege kortvarige høve kan det etter søknad gjevast unntak frå vedtektene. I slike høve må det leggjast vekt på at plasseringa ikkje hindrar passasjen. Spesielt må ein passa på at det ikkje medfører ulempe eller risiko for synshemma eller rørslehemma. 

Forskrifta trer i kraft f.o.m. 15. april 1996.

(II 1996 s 74)

19. september 1989 nr. 1437
Til § 93, 3. og 4. ledd.

Bygningslova § 93 gjeld og for større grave- og fyllingsarbeid.

I strøk med frittliggjande busetnad gjeld ikkje reglane i § 93, første ledd, for bygning som vert oppført i tilknytning til eksisterande bustadbygg på eigdomen og som

a)ikkje har større grunnflate enn 10 m²,
b)ikkje har større mønehøgd enn 2,5 m,
c)ikkje skal nyttast til bustadføremål, næringsdrift, garasje eller naust,
d)ikkje vert plassert i strid med byggelineavstandar fastsett i reguleringsplan eller veglov.

Reglane i § 93, første ledd, gjeld heller ikkje for forstøtningsmurar med mindre høgd enn 1,0 m og for innhegning mot veg, under føresetnad av at mur og/eller innhegning vert plassert innanfor eigne grenseliner, og slik at mur/innhegning ikkje vert til hinder for frisikt i vegkryss.

Desse vedtektene vert gjeldande straks. Frå same tid fell nogjeldande vedtekter til bygningslova, unnateke vedtekta til § 82, for Os kommune bort.

(II 1981 s 804)

17. juni 1986 nr. 1342.
Til § 117.

I Os kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnatekne frå desse reglane.

(II 1986 s 445)