Vedtekter til bygningsloven for Osterøy kommune.

DatoFOR-0000-00-00-269
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-25-1496
Endrer
Gjelder forOsterøy kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Osterøy

Kapitteloversikt:

2. mars 1982
Til § 21, 1. ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Osterøy kommune, vedteke av Osterøy Heradsstyre 5. desember 1979 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 2. mars 1982.

II

Vedtekta gjeld for heile Osterøy kommune med unntak for dei områda der det føreligg stadfesta reguleringsplan.

III

Innafor dei områda der denne vedtekt gjeld, som nemnt under punkt II, kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen. Innafor dei områda som i generalplanen er føresett nytta til jordbruk, skogbruk og naturområder er det såleis ikkje tillete å setja i verk bygg- eller anleggsarbeid som ikkje har direkte tilknyting til tradisjonelt jordbruk, skogbruk og fiskenæring.

Når særlege grunnar føreligg kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

IV

Denne vedtek trer i kraft straks, og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

2. mars 1982
Til § 21, 1. ledd, bokstav b.
I

Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Osterøy kommune, vedteke av Osterøy Heradsstyre 5. desember 1979 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 2. mars 1982. Vedtekta gjeld for areal der kommunikasjons, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande ordna, jfr. punkt II.

II

Fylgjande område vert omfatta av vedtekta:

Nr.OmrådeJfr. soneplan nr.
 1SpikhaugenBruvik984-2
 2HåhaugenBruvik984-2
 3Votlo (øvre)984-4
 4Øvre Verkane IIHaus984-3
 5Øvre ÅsheimHaus984-3
 6NesterindenValestrand984-5
 7HjeilabakkenValestrand984-5
 8ReigstadåsenValestrand984-5
 9Ramberget IILonevåg984-7
10NausthaugenLonevåg984-7
11Nesmarka SørLonevåg984-7
12NesetLonevåg984-7
13PrestegardsmarkaHosanger984-9

Karta er dagsett 3. mars 1980 og stempla godkjent i Miljøverndepartementet 2. mars 1982.

III

I dei planlagde byggeområda som er nemnt ovanfor under punkt II kan ein for tida ikkje byggja. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeleggjera arbeidet med å gjera vedkomande område byggeklart, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

IV

Denne generalplanvedtekt gjeld frå stadfestingsdatoen og inntil kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk-, eller elektrisitetstilhøva etter Heradsstyret si vurdering er tilfredsstillande ordna for vedkomande byggeområde, likevel ikkje ut over 10 år.

3. okt. 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigdomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga han har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leddet i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det skal fatsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøva som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 1743)

17. okt. 1980.
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre deles eller bebyges dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin atkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredder enn fastsatt i § 47 nr. 1 første ledd, og
b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan godta kloakkforbindelse til anna hovedkloakk, og
c.hovedvannledning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godta vannforsyning frå anna vannledning.

Kommunen kan gjeva fyresegner om utføringa.

Veg, hovedkloakk og hovedvannledning som er lagt av grunneier (fester) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller då kommunen utan vederlag. Kommunen plikter likvel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter første ledd a.

Bygningsrådet kan dersom det ligg føre serlege grunner gjera unntak frå krava i a, b, og c. Vedkomande må i så fall, ved tinglyst erklæring forplikta seg til å opparbeida veg og byggja kloakk når kommunen krev det.

Vedtekt til § 63 nr. 3 vert oppheva. Vedtekten trer i kraft straks.

(II 1980 s 797)

3. okt. 1966
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet er dekka for slike anlegg på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin sammenheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1966 s 1743)

3. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1743)

24. des. 1970
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Osterøy kommune ikkje tillete å frådele tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.

Der generalplan m/vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetting med disposisjonsplan. Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for enkelttomter når særlige grunnar taler for det.

2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samlinga av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1970 s 7)

19. jan. 1981
Til § 93.

Reglane i første ledd skal ikkje gjelda for bygning som vert ført opp i tilknytning til eksisterande busetnad på eigedomen og som:

a)ikkje har større grunnflate enn 10 m²
b)ikkje har større mønehøgd enn 2,5 m
c)ikkje skal nyttast til bustad eller næringsdrift eller som garasje eller naust.

( II 1981 s 16)

25. juni 1986 nr. 1496.
Til § 117.

Osterøy heradsstyre har 25. juni 1986 vedteke mellombels plankrav etter § 117 i den nye plan- og bygningslova. Plankravet gjeld for eit tidsrom av 3 år frå den nye lova tek til å gjelda, 1. juli 1986.

Nærare opplysningar kan ein få i kommuneadministrasjonen.

(II 1986 s 517)