Vedtekter til bygningsloven for Radøy kommune.

DatoFOR-0000-00-00-273
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-694
Endrer
Gjelder forRadøy kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Radøy

Kapitteloversikt:

Endret 28. mai 1971, 23. juni 1989 nr. 694.

28. mai 1971
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Radøy kommune ikkje tillete å frådele tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus, m.v.

Der generalplan m/vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetting med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for enkelttomter når særlege grunnar taler for det.

2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr.2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal § 66 nr.2 og § 75 i bygningslova gjelde. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar for hyttebygging

(I 1971 s 721)

23. juni 1989 nr. 694.
Til § 117.

Radøy kommunestyre har 25. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 19. juni 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Radøy kommune kan det i 3 år frå iverksetnad av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnd i same lovs paragrafar 84 og 93 utan etter samtykke frå bygningsrådet før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, og frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegging.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse bestemmelsane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 213)