Vedtekter til bygningsloven for Samnanger kommune

DatoFOR-0000-00-00-301
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-695
Endrer
Gjelder forSamnanger kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Samnanger

Kapitteloversikt:

Endret 18. februar 1983, 29. november 1985 nr. 2156, 23. juni 1989 nr. 695.

29. nov. 1985 nr. 2156.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 30. mars 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 29. november 1985.

II

Vedtekta gjeld for heile kommunen med unnatak for område der det ligg føre reguleringsplan.

Vedtektsområdet er vist på fylgjande kart i målestokk 1:50.000 og målestokk 1:50.000, datert 1. juni 1983, og med Miljøverndepartementet si påteikning 29. november 1985:

1.OversiktskartM = 1:50.000
2.Soneplan 1 for SamnangerfjordenM = 1: 5.000
3.Soneplan 2 for RolvsvågM = 1: 5.000
4.Soneplan 3 for HisdalM = 1: 5.000 

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde

Arealbruk som vist på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areala som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

III

Innanfor dei områda som er omtala under pkt. II kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

IV

Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unnatak frå vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak skal saka leggjast fram for formannskapet (generalplanutvalet) til fråsegn.

V

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 845)

23. mai 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1, punkt f) heilt eller delvis har skaffa seg grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utgiftene den har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden etter nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med dette tilhøve og med høve til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det avgjerast at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overlata anlegget utan vederlag til eigarane av dei eigedomane det gjeld - som vert sameigarar i same mun som fastsett for refusjonen.
3.Reglane i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 63.

Bygningsrådet kan forby frådeling av tomt i regulert strøk før der er tilkomst og kloakkutløysing som nemnt i § 67.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 67.

På tomt i regulert strøk kan berre byggjast dersom:

a.det fører opparbeidd og godkjent veg til og langs den sida av tomta der tilkomsten er. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagd og veg opparbeidd i større breidd en fastsett i § 47 nr. 1, første leden, og
b.hovudkloakk, herunder i tilfelle også særskild overvassledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samytkkje av helserådet godta kloakksambinding til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg- og hovudkloakk som er lagd av grunneigar (festar) vert å halda vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og vert då kommunal eige utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparveidd til full breidd etter første leden, a.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal gjerast greide for plassering av dei anlegg som er nemnd i § 69 nr. 1. I den mun trongen for slike anlegg er stetta på tilliggjande areal må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av fårlege eller særleg plagsamt slag vert lagt innanfor kommunen sitt område eller deler av dette.

(I 1967 s 1057)

23. mai 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal utanom reglane i bygningslova kapitla III og IV og § 65 gjelda §§ 66 nr. 2, 70 pkt. 1 annet ledd, 74, 93.

(I 1967 s 1057)

18. febr. 1983
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Samnanger kommune ikkje tillete å frådele tomt for, eller føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus, m.v.
2.Der generalplan med vedtekter ligg føre kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnde berre skje etter disposisjonsplan som er godkjend av fylkesmannen.
3.For slike bygningar som nemnd under pkt. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66, 70, 74 nr. 2, kap. XII, §§ 93, 94, 96, 109 og kap. XV og XVI.
4.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 75 i bygningslova gjelda.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unntak frå denne vedtekta.

Før bygningsrådet gjer vedtak om unntak frå plankravet for enkelttomter, skal rådet legge saka fram for Generalplannemnda til fråsegn.

6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Samnanger kommune, stadfesta den 16. desember 1970, oppheva.

(II 1983 s 105)

30. okt. 1980
Til § 85.

Oppstilling/parkering av campingvogner, også for kortare tid enn 3 mnd., er berre lovleg på område som bygningsrådet har godkjent for dette føremålet.

Løyve kan berre gjevast når oppstilling/parkering av campingvogner etter bygningsrådet sitt skjøn ikkje vil vera til ulempe for omgivnaden i vesentleg grad. Bygningsrådet kan setja vilkår for godkjenning og gjera den gjeldande for ett avgrensa tidsrom fastsett av bygningsrådet.

Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende dersom vilkåra for godkjenning ikkje vert oppfylt.

Denne vedtekta gjeld ikkje for oppstilling/parkering av ei einskild campingvogn i tilknytning til heilårsbustad, jfr. § 104 i bygningslova.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 804)

23. juni 1989 nr. 695.
Til § 117.

Samnanger kommunestyre har 31. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 9. oktober 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Samnanger kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 i plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnteke frå desse reglane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 214)