Vedtekter til bygningsloven for Sande kommune.

DatoFOR-0000-00-00-302
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-07-09-1742
Endrer
Gjelder forSande kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sande

Kapitteloversikt:

13. des. 1969
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk vert fråskild før den har tilkomst og kloakksamband som nemnd i § 67.

(I 1969 s 1545)

13. des. 1969
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tilkomstvegen til huset skal vera. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1 første lekk, og
b.hovedkloakk, under dette tilfelle også særskilt overvassledning fører til og langs- eller over tomta.

Ein kan ikkje krevja at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta sambinding til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gi reglar for utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilkjem å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidde etter første lekk, a.

Etter at bygningsrådet har hatt høve til å uttale seg, kan formannskapet etter søknad gi utsetjing med opparbeidingar. Tomteeigaren må då med tinglyst fråsegn forplikte seg til å utføre arbeidet med gate og kloakk når kommunen krev det.

(I 1969 s 1545)

13. des. 1969
Til § 69 nr. 3.

I bygningsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekt på vedliggjande areal må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Retningsliner for avkøyrsel og parkering av bilar, motorsyklar og syklar for busetnaden sin trong.

1.Bustadhus skal ha oppstillingsplss på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. bustad pluss 0,25 bil pr. bustad for gjesting. For hybelbygg krevst det tilsvarande for annankvar hybel.

Fråsegn om trongen er dekt, og om inn- og utkøyringstilhøva bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.

2.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter, for 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygninga. Til dette kjem lasteareal for vare og lastebilar. Fråsegn om trongen er dekt, og om inn og utkøyringstilhøva, bør ein få frå sakkunnig før godkjenning av planane.
3.Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for ein bil pr. 100 m² golvflate i bygninga. Elles gjeld same påboda som i pkt. 2.
4.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokaler, skolar, idrottsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der særskilte høve gjer seg gjeldande, skal ha oppstillingsplass for bilar og ut- og innkøyringstilhøve.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsetjast på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

På sentrale stader kan ein ta avgjerder om ferre oppstillingsplassar enn nemnt før, når trafikktilhøva på staden etter sakkunnig fråsegn tilseier dette.

(I 1969 s 1545)

13. des. 1969
Til § 76.

I tillegg til det som er nemnt om oppstillingsplass for bilar i vedtekt til § 69, 3, 1. lekken, skal bygningsrådet krevja at turvande garasjeplass skal vere sikra, etter trongen til kvar eigedom.

(I 1969 s 1545)

13. des. 1969
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at veksemder, anlegg, opplag og lager av farlig eller særs sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 1545)

27. april 1983
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk, skal forutan reglane i § 81 første leden andre punktum i bygningslova sine kapittel III, IV og §§ 65, 68, 71, 74 nr. 2, 77, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94 nr. 1 og 2, 95, 96, 97, 98, 99, 109 og kap. XV og XVI også gjelde.

Vedtekt til § 81 i bygningslova stadfesta av Kommunaldepartementet 13. desember 1969 vert oppheva.

Vedtekten trer i kraft 1. juni 1983.

(II 1983 s 350)

15. aug. 1980
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, stadfesta reguleringsplan eller strandplan ligg føre, kan tomter til sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilliggande uthus m.v. berre fråskiljast og bygningar berre oppførast i samsvar med disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Bygningsrådet kan når særlege grunnar ligg føre, frita for eller gi utsetting for kravet om disposisjonsplan for bestemte område.

2.Bygningar som er nemnt under pkt. 1 kan ikkje oppførast nærare vassdrag (bekk, elv, innsjø) enn 50 meter. Avstanden vert målt i horisontalt frå normal flomvasstand.

Vidare kan slike bygningar som nemnt ikkje oppførast nærare gangsti eller køyreveg som er åpen for allmenn ferdsel enn 20 meter målt horisontalt frå midt veg.

Bygningsrådet kan når særlege grunnar ligg føre, dispensere frå desse avstandskrava.

3.For bygningar som nemnt under pkt. 1 skal forutan bygningslova sine kapittel III og IV og §§ 65 og 68 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 88, 91, 93, 94, 95, 96 og 109, kapittel XV og XVI, samt kapittel 49 i byggeforskriftene.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar og hytter i område med heilårsbusetnad skal dessutan §§ 66 nr. 2, 69 og 75 i bygningslova gjelde. Etter at bygningsrådet har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om ei slik samling av hytter er av ein slik storleik at det skal reknast som hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekta.

4.Bygningsrådet kan utferde nærare reglar om hyttebygging.
5.Vedtektene trer i kraft straks.

(II 1980 s 703)

9. juli 1986 nr. 1742
Til § 117.

I inntil 3 år frå iverksetjinga av den nye plan- og bygningslov kan det ikkje setjast i gong arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93, utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape vesentlege vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjend vegplan etter veglova er unnatekne frå plankravet.

(II 1986 s 588)