Vedtekter til bygningsloven for Sandøy kommune

DatoFOR-0000-00-00-306
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-709
Endrer
Gjelder forSandøy kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sandøy

Kapitteloversikt:

Endret 28. august 1986 nr. 1881, 30. juni 1989 nr. 709.

6. juni 1985 nr. 1247
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyttar seg til generalplan for Sandøy kommune, vedtatt av Sandøy kommunestyre 23. september og 18. november 1983 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 6. juni 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen med unntak for følgjande område:

A)Soneplanområda
1.Ona-Husøy
2.Sandøy
3.Orten 
B)Område med stadfesta reguleringsplan
1.Steinshamn reguleringsplan, stadfesta 22. november 1979
2.Reguleringsplan for Haugane bustadfelt, stadfesta 22. desember 1976.

III

Vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000 og 1:5.000, datert 6. juni 1985 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning.

Arealbruken er slik:

1.
A.Bustadområde:
1.Myklebost B2 og B3
2.Røsok B1 og B2
3.Morsund-Brunvoll B1
4.Steinshamn-Harnes-Huse B1 og B2
5.Finnøy B1. 
B.Industriområde:
1.Myklebust I1 og I2
2.Steinshamn-Harnes-Huse I1 - I5
3.Finnøy I1. 
C.Område for offentleg utbygging, O, og forretningsområde, P:
1.Myklebust F1 og P1
2.Røsok P1
3.Steinshamn-Harnes-Huse O2, P4, P5 
D.Friområde:
1.Myklebust O1 og F2
2.Malen friområde F1
3.Steinshamn-Harnes-Huse F1 og F2. 
E.Naustområde:
1.Myklebost N1
2.Røsok N1
3.Morsund-Brunvoll N1, N2 og N3
4.Steinshamn-Harnes-Huse N1 og N2
5.Finnøy N1. 
2.Landbruksområde og naturområde:

Desse omfattar dei areala i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnd under pkt. 1.

IV

Innafor dei områda som er omskrevne under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar føreligg, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta tek til å gjelda straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 356)

6. juni 1985 nr. 1248
Til § 21 første ledd bokstav b.

I

Denne generalplanvedtekta knyttar seg til generalplan for Sandøy kommune, vedtatt av Sandøy kommunestyre 23. september og 18. november 1983 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 6. juni 1985.

II

Vedtekta gjeld for grunn som i generalplanen vert føresett bebygd, men der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande ordna. Utbyggingsområda er vist på kart i målestokk 1:5.000, datert 6. juni 1985 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning.

III

I dei planlagte områda som er omskrevne under pkt. II ovafor kan grunnen for tida ikkje bebyggast. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeliggjere arbeidet med å gjere vedkomande område byggjeklart i si heilheit, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

IV

Denne vedtekta trer i kraft frå stadfestingsdato og gjeld inntil kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- og eller elektrisitetstilhøva etter kommunestyret sitt skjønn er tilfredsstillande ordna for vedkomande byggjeområde, likevel ikkje utover 10 år.

(II 1985 s 358)

26. mai 1981
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(II 1981 s 450)

26. mai 1981
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal bygningslova sine reglar gjelda fullt ut.

Vedtektene trer i kraft straks.

(II 1981 s 416)

18. juni 1981
Til § 82.
1.For sportshytter, sumarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom og tilhøyrande uthus skal bygningslova sine reglar gjelde fullt ut.
2.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging jfr. bygningslova § 74 nr. 2.

(II 1981 s 450)

28. aug. 1986 nr. 1881
Til § 117.

I Sandøy kommune kan det i 3 år frå kunngjering av dette vedtaket ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnd i §§ 84 og 93 i lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan utan etter samtykke frå bygningsrådet. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga. Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan eller veglova er unnateke frå desse reglane. Dette vert gjort gjeldande for heile kommunen.

(II 1986 s 628)

30. juni 1989 nr. 709.
Til § 117.

Sandøy kommunestyre har 20. april 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 28. august 1986 nr. 1881 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 219)