Vedtekter til bygningsloven for Selje kommune.

DatoFOR-0000-00-00-312
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1995-02-20-194
Endrer
Gjelder forSelje kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Selje

Kapitteloversikt:

8 juli 1986 nr. 1670, 20 feb 1995 nr. 194.

20. februar 1995 nr. 194.
Til § 69 nr. 3:

Føresegner for avkøyrsle og parkering

1.Bustadhus skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. bustadeining pluss 0,25 bil pr. bustadeining for besøkande. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg skal ha 1 biloppstillingsplass pr. 50 m² påbyrja bruksareal av bygninga på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter. I tillegg kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
3.Industri-, handverk- og lagerbygg skal ha 1 biloppstillingsplass pr. 100 m² bruksareal. I tillegg kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
4.Sykehus- og pleieanstaltar, overnattingsstader, serveringsstader, forsamlingslokaler, skular, barnehagar og fritidsheimar, idrettsanlegg og andre bygningar med spesielle behov skal dokumentere at der er nok oppstillingsplassar for bilar på eiga tomt og tilfredsstillande inn- og utkøyringsforhold.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsetjast på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomtar.
6.Det skal ikkje gjevast ferdigattest eller mellombels bruksløyve (pbl) før oppstillingsplassar (også for vare- og lastebilar) og avkøyrsle på eiga tomt eller fellesareal er opparbeidd.
7.Kommunen kan når serlege tilhøve ligg føre, redusere antal parkeringsplassar.
8.Er kravet meir enn 25 % av heil plass, vert kravet auka til heil plass.
9.Kommunen kan samtykkje i at det i staden for oppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal vert innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av offentlege parkeringsanlegg.

Kommunestyret fastset satsane etter framlegg fra Teknisk Hovudutval.

10.Føresegnene gjeld også for tilbygg og ved bruksendring.

(II 1995 81)

5. sept. 1983
Til § 81.

For driftsbygninger for jord- eller skogbruk skal i tillegg til reglane i § 81 fyrste lekken også §§ 93 og 94 og kap. XV og XVI gjelde.

(II 1983 s 523)

6. des. 1983
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus og liknande byggverk som berre skal nyttast i kortare tidsrom og tilhøyrande uthus kan ikkje setjast opp nærare veg som er open for allmenn ferdsel enn 50 m målt i horisontalplanet frå vegen si midtline, og ikkje nærare elvar og vatn enn 50 m målt i horisontalplanet ved medels flomvasstand.
2.For bygningar som er nemnt under pkt. 1, skal utanom kap. III og IV og §§ 65 og 68 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66, 70, 74 nr. 2, 93 a, b, og c, 94 og kap. XV og XVI. Vidare gjeld kap. 49 i byggeforskriftene.
3.Bygningsrådet kan gje nærare reglar for hyttebygging, jfr. § 74 nr. 2.

(II 1983 s 654)

20. februar 1995 nr. 194.
Til § 107 første ledd:

I heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement o.l. ikkje kan setjast opp utan etter samtykke fra kommunen. Ved handsaming i kommunen gjeld § 94 og § 95 tilsvarande. I bustadområde er reklamearrangement ikkje tillete.

Ved handsaming av søknader om skilt og reklamearrangement gjeld desse generelle reglane:

1.Skilt skal vere samstemde med fasaden på bygget. Fargar og hovudoppdeling av fasaden på bygget og nabobygga skal respekterast.
2.Skilt skal vere lett lesbare utan at dette skal fremje større skilt.
3.Skilt skal plasserast på huset sin hovudfasade i tilknytting til dør eller vindauge. Skilt skal tilstrebast plasserte i etasjeskiljet mellom 1. og 2. etg. utan å kome i konflikt med gesims eller annan fasadeutsmykning. Skilt skal ikkje vere samanhengande over heile bygnings-/forretningsfasaden.
4.Uthengsskilt

Uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast tilstrekkeleg høgt på fasaden. Kommunen tilrår slike skilt montert på svingbar arm. Uthengsskilt skal maksimalt stikke 1,0 m ut frå fasaden og storleiken skal ikkje overstige 0,5 m².

Målte skilt

Målte skilt på fasaden skal utformast i tråd med reglane i punkta 1 - 3. Slike skilt kan belysast. Slik belysning må plasserast slik at naboar og trafikantar ikkje blir skadelidane.

Lysskilt

Dersom slike skilt skal nyttast, må dei utformast i tråd med retningslinene i punkta 1 - 3. Spesielt må ein unngå for dominerande lyskasser. Lysskilta skal skjermast slik at det berre er teksten og eventuelt symbolet som gjev lys.

Markiser

Markiser skal avgrensast til vindaugsopningane. Ved planlegging av markiser skal desse utformast etter regelen i pkt. 1.

Av omsyn til trafikken skal markisene vera foldbare.

(II 1995 81)

8. juli 1986 nr. 1670
Til § 117.

I Selje kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 565)