Vedtekter til bygningsloven for Seljord kommune.

DatoFOR-0000-00-00-313
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1995-02-22-198
Endrer
Gjelder forSeljord kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Seljord

Kapitteloversikt:

Endret 24 juli 1986 nr. 1743, 22 feb 1995 nr. 198.

31.jan.1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplanen (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsle, samt gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunens utgifter.

Kommunen delar utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i fyrste leden i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein del av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetting av refusjonen og delinga gjerast etter skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med dette og med høvet til å prøve kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen føre anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, fyrste punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1968 s 223)

31.jan.1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekte at tomt i regulera strok blir skilt ut før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 223)

31.jan.1968
Til § 67.

Tomt i regulera strok kan bare byggjast på dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjent veg til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert lagt ut og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, fyrste leden, og
b.hovedkloakk, medrekna i tilfelle også serskild overvassledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godtaka kloakksamband til annen hovudkloakk. Kommunen kan gjeva reglar om utføringa.

Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overtaka veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter fyrste leden, a.

(I 1968 s 223)

15. nov. 1983
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på felles areal blir innbetalt eit beløp pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret bestemmer kva slags satsar som til ei kvar tid skal gjelde i slike tilfelle.

Vedtekten trer i kraft 1. desember 1983.

(II 1983 s 624)

31. jan. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan nekta at verksemder, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 223)

12. okt. 1981
Til § 81.

Til driftsbygninger for jord- eller skogbruk skal gjelde foruten reglene i bygningslovens kapitler III og IV og § 65 følgende §§ 68, 74, 77, kap. XIII, §§ 100, 106, 108 og 109, samt kap. XV og kap. XVI, samt § 49 i byggeforskriftene.

Når særlege grunnar føreligg og det er framlagt grunngjeven søknad, kan bygningsrådet gjeva dispensasjon frå bestemmelsane ovanfor.

(II 1981 s 788)

21. mai 1981
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sumarhus, kolonihagehus, med tilhøyrande uthus, o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom og tilbygg til desse kan bare skje i dei områda som er avsatt til dette formål vist på kart i målestokk 1:50.000 datert 18. september 1980, og etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.

Det same gjeld for frådeling og bortfesting av tomt til slikt formål.

Kartene er gitt Miljøverndepartementets påtegning den 21. mai 1981.

2.Det kan ikkje førast opp bygningar som nemnt under pkt. 1 eller frådelast tomt til slikt formål, nærare vassdrag enn 50 m, målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomavstand. Til Seljordsvatnet, Sundsbarmvatnet, Gjevarvatnet og Veisvikvatnet skal avstanden likevel vera 100 meter.
3.For bygningar som er nemnd under pkt. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV, § 65 fyrste ledd og § 68, også gjelde § 63, § 65 andre til fjerde ledd, §§ 66, 70, 71, 72, 73, 74, 75, 87, 91, 93, 94, 95, 96, 106, 109 og kap. XV og XVI.
4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet, etter grunngjeven søknad gje dispensasjon frå reglane ovanfor.

(II 1981 s 414)

22. februar 1995 nr. 198.
Til § 93 første ledd bokstav g:
g.Oppsetting og endring av skilt og reklame som nevnt i vedtekt til § 107.

(II 1995 87)

22. februar 1995 nr. 198
Til § 107:
1.Søknad

Innan heile kommunen må skilt, reklameinnretningar o.l. ikkje setjast opp utan at kommunen har gjeve løyve etter søknad etter lovas kapittel XVI.

Det vert kravd løyve for mindre skilt, mindre reklameinnretningar o.l. som vert sett opp på byggverk eller innhegning.

Løyve kan berre gjevast inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

2.Reklameinnretningar - områdeomsyn
2.1. Kommunen kan sjølv utarbeide eller krevje utarbeidt ein samla skiltplan for eit avgrensa område under eitt.
2.2. I naturlandskap, kulturlandskap, parkar og friområde må det ikkje førast opp frittståande reklameskilt. På bygningar må det ikkje førast opp reklame som verkar dominerande. Kommunen kan gjeva dispensasjon når serlege grunnar ligg føre.
2.3. Innanfor særprega og historisk interessante miljø må det ikkje førast opp reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøet sin karakter og si historie.
2.4. I sentrale tettstadområde skal frittståande reklameinnretningar vera festa på einsarta reklamebukkar/festeanordningar. Det vil bli utarbeidt detaljert regelverk for dette i kommunen.
2.5. I reine bustadområde må det ikkje førast opp reklameinnretningar utan at kommunen på førehand har gjeve godkjenning.
2.6. På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje førast opp dersom plasseringa ikkje tek omsyn til tilhøva på staden.
2.7. Ljosreklame må ikkje førast opp med unntak av i område regulert til forretningar og i område som kommunen har fastsete. Det er ikkje tillete å føre opp ljosreklame som er til ulempe for bustader.
3.Krav til utforming
3.1. Skilt og reklameinnretningar skal utførast slik at dei tilfredstiller krav til venleik, storleik og utforming både i seg sjølv og i høve til bakgrunn og omgjevnad. Skjemmande fargar og utføring er ikkje tillete og kan bli kravd endra. Standardisera kjedeskilt kan i einskilde høve etter spesielle vurderingar godkjennast av kommunen.
3.2. Skilt, reklameinnretningar o.l. skal ikkje vera til hinder for ferdsel på fortog, gangvegar eller til fare for omgjevnaden på annan måte.
3.3. Skilt bør ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk eller gesims.
3.5. Markiser skal avgrensast til åpninga av vindauge. Det skal ikkje vera anna enn logo/firmanamn på markisa.
3.6. I næringsbygg som inneheld fleire verksemder, skal skilta til verksemdene samlast i ei oppslagstavle. Denne kan vera frittståande. Verksemder i lokale med fasade mot fortog eller gate med eigen inngang kan ha eigne skilt. Antalet skilt kan aukast dersom verksemdene disponerar fleire fasadar på eigedomen langs fortog eller gate, og der det er naturleg at det vert sett opp skilt også her. Skilta skal i hovudregel vera plassera ved inngangane.
3.7 Det er ikkje tillate med:
-reklame som ikkje er fastmontera,
-skilt og reklameinnretningar på stolpar og gjerde.
4.Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.v.
4.1. Dersom det er oppsett skilt eller reklameinnretningar som det ikkje er gjeve løyve til, kan desse krevjast fjerna av kommunen ved pålegg.
4.2. Når det føreligg særlege grunnar, kan kommunen gjeva dispensasjon frå desse føresegner

(II 1995 87)

24.juli 1986 nr. 1743
Til § 117.

I Seljord kommune kan det i 3 år frå det tidspunkt ny plan- og bygningslov av 14. juni 1985 vert gjort gjeldande, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemndt i denne lovs §§ 84 og 93, utan samtykkje frå bygningsrådet, før området vert teke med i kommune- eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medreikna frådeling, som i større grad vil gjera planlegging vanskeleg.

Arbeid som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er undateken frå desse reglane.

(II 1986 s 588)