Vedtekter til bygningsloven for Skjåk kommune

DatoFOR-0000-00-00-326
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-12-475
Endrer
Gjelder forSkjåk kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Skjåk

Kapitteloversikt:

Endra 29. september 1986 nr. 1901, 12. juni 1989 nr. 475.

21. sept. 1984 nr. 1703.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta gjeld for heile Skjåk kommune med unntak av dei områda der det ligg føre reguleringsplan.

II. Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld, kan grunnen ikkje takast i bruk til formål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

III. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta etter at generalplanutvalet har fått høve til å uttale seg.

IV. Denne vedtekta tek til å gjelde straks, og gjeld i inntil 10 år etter stadfestingsdatoen.

(II 1984 s 445)

24. september 1969
Til § 49 nr. 1

I de regulerte områder i kommunen skal refusjonsplikten for utgifter til veg og kloakk på grunneiere i henhold til følgende fordelingsnøkkel: 

2/3 i forhold til eiendommens netto grunnareal og

1/3 i forhold til eiendommens tillatte utnytting. 

(I 1969 s 1121)

20. mars 1985 nr. 718.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna til å bu i for kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus kan berre skje etter reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål.

2.I kommunen er det ikkje tillate å føre opp slik bygning som nemnd i nr. 1 nærare vassdrag (elv, bekk, tjønn eller innsjø) enn 50 meter målt i horisontalplanet ved middelflomvasstand og ikkje nærare veg som er åpen for allmenn ferdsel enn 30 meter målt horisontalt fra vegen si midtline.
3.Bygningar som nemnd kan likevel oppførast etter disposisjonsplan som er godkjent av fylkesmannen før denne vedtekta tek til å gjelda.
4.For bygningar som nemnd skal forutan kap. III og IV og §§ 65 og 68 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 79, 91, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI samt byggeforskriftene kap. 49. For hyttegrender og hyttekonsentrasjoner skal §§ 66 nr. 2 og 75 gjelde.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå denne vedtekt.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Skjåk kommune, stadfesta den 23. september 1969, oppheva.

(II 1985 s 228)

29. sept. 1986 nr. 1901
Til § 117.

I Skjåk kommune kan det i 3 år fra ikrafttredelse av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikke settes iverk arbeid eller tiltak som nevnt i samme lova §§ 84 og 93 uten etter samtykke fra bygningsrådet før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det samme gjelder andre tiltak, herunder fradeling, som vesentlig kan vanskeliggjøre planleggingen.

Anlegg som fremmes etter godkjent vegplan etter vegloven er unntatt fra disse bestemmelsene.

Bygningsrådet vil ha anledning til å dispensere fra plankravet i særlige tilfeller.

(II 1986 s 641)

12. juni 1989 nr. 475
Til § 117.

Skjåk kommunestyre har 27. april 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 29. september 1986 nr. 1901 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Oppland har 12. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 144)