Vedtekter til bygningsloven for Skodje kommune

DatoFOR-0000-00-00-327
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-17-1471
Endrer
Gjelder forSkodje kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Skodje

Kapitteloversikt:

9. juli 1976
Til § 1 i lov av 21. des.1956
1.Delinga av Ørskog kommune i Møre og Romsdal fylke i dei tre tidlegare kommunane Skodje, Ørskog og Stordal, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på dei nye kommunane skal vera Skodje, Ørskog og Stordal.
3.Kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar skal i perioden 1. januar 1977-31. desember 1979 ha i same følgd 21, 19 og 19 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntallet vert ført av noverande manntalsførar i Ørskog kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Skodje kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Skodje-området, supplert med to medlemer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Ørskog kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Ørskog-området, supplert med to medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Stordal kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmer som bur i Stordal-området, supplet med fire medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ørskog.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar dei nyvalde kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra delinga av Ørskog kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ørskog kommune.
6.Budsjetta for dei nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaming av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ørskog kommune skal framleis gjelda i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.

(II 1976 s 207)

30. nov. 1978
Til § 21, 2. ledd

I

Denne generalplanvedtekta gjeld for alt areal innanfor Skodje kommune sine grenser med unntak av dei områda som er nemt under pkt. II.

II

Unnateke frå generalplanvedtekt er dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar eller disposisjonsplanar godkjent av fylkesmannen.

III

Dei areal der denne vedtekta gjeld kan ikkje nyttast på annan måte enn det som er vanleg der arealet ligg. Heller ikkje kan dei delast eller takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføringa av planen.

IV

Når serlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå denne vedtekta.

V

Denne vedtekta tek til å gjelda straks og gjeld inntil godkjent generalplan ligg føre. Vedtekta gjeld likevel ikkje lenger enn inntil 10 år frå stadfestingsdatoen.

Til § 67

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a)Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin adkomst. Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og
b)hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full breidde etter første ledd.

31. mars 1982
Til § 49 nr. 1.

Kommunale utgifter til anlegg som nemnt i § 46 nr. 1 skal delast i høve til eigedomane sitt grunnareal.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1982 s 182)

Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

22. febr. 1979
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, og frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål, kan berre skje etter stadfesta reguleringsplan eller etter disposisjonsplan handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen der det er gjeve unntak frå stadfesta vedtekt til bygningslovas § 21 for 2 eller fleire hytter.
2.I kommunen vert bygningar som nemnt i pkt. 1 ikkje tillate oppført nærmare vassdrag enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand eller nærmare veg som er open for allmen ferdsel enn 15 meter, målt horisontalt frå midtlina i vegen.
3.For bygningar som nemnt i pkt. 1 gjeld reglane i bygningslova kap. III, IV og § 65, i tillegg skal også §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94 og kap. XV og XVI i bygningslova gjelde.

For hytteområde og hyttekonsentrasjonar skal dessuten §§ 66 nr. 2 og 75 i bygningslova gjelde. (I tilfelle tvil om ei samling hytter er av ein slik storleik at den skal reknast som hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekta, skal spørsmålet avgjerast av fylkesmannen etter at bygningsrådet har gjeve si fråsegn).

4.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gi dispensasjon frå reglane ovanfor i denne vedtekta. Før bygningsrådet gjer vedtak om dispenasjon, skal saka leggjast fram for friluftsnemnd og generalplanutval.
5.Bygningsrådet kan gi nærmare reglar om hyttebygging.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks.

(II 1979 s 86)

16. april 1985 nr. 1223
Til § 93.

Bygning som skal førast opp i tilknytning til eksisterande bygning og som

a)ikkje har større grunnflate enn 10 m²
b)ikkje har større mønehøyde enn 2,5 m
c)ikkje skal nyttast til å bo i, til næringsdrift, til garasje eller naust, 

kan førast opp utan at søknad er sendt til og løyve gitt av bygningsrådet. Denne vedtekta gjeld også for mindre forstøtningsmur og innhegning mot veg, så lenge avstanden til vegkant er over 1,5 m. Jfr. likevel §§ 44, 45, 46 og 47 i veglova.

Det skal gjevast skriftleg melding om slik oppføring til bygningssjefen for påvising av avstandsreglar til nabogrense og til veg.

(II 1985 s 339)

17. juni 1986 nr. 1471.
Til § 117.

Skodje kommunestyre har 17. juni 1986 gjort vedtak om at det i Skodje kommune i tre år frå iverksetjinga av lov nr. 77, plan- og bygningslov av 14. juni 1985, ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lova §§ 84 og 93, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld for andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

(II 1986 s 508)