Vedtekter til bygningsloven for Sogndal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-332
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1987-11-20-902
Endrer
Gjelder forSogndal kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sogndal

Kapitteloversikt:

18. november 1983
Til § 21, 1. ledd, bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Sogndal, vedteke av Sogndal kommunestyre den 31. august og 28. september 1982, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.
II.Generalplanvedtekta gjeld for heile kommunen med unntak av område der det ligg føre reguleringsplan som er stadfesta etter 1. janaur 1975. Unntaket gjeld og område der det ligg føre disposisjonsplan etter vedtekt til § 82 i bygningslova, godkjent av fylkesmannen etter 1. januar 1975. Desse planane er:

Hytteplan for Reppali, gnr. 55, bnr. 3.

Godkjent av fylkesmannen med brev av 9. september 1976.

Hytteplan for Nærestad, gnr. 22, bnr. 2.

Godkjent av fylkesmannen med brev av 14. juli 1977.

Hytteplan for Vetlekamben, gnr. 33, bnr. 33/48.

Godkjent av fylkesmannen med brev av 20. juli 1977.

III.Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.
IV.Når særlege grunner ligg føre kan bygningsrådet etter at generalplanutvalget har fått høve til å uttale seg, gjere unntak frå vedtekta.
V.Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1983 s 636)

7. okt. 1966
Til § 49 nr. 2.

I medhold av § 4 i bygningsloven av 18. juni 1965 stadfester departementet vedtak av Sogndal kommunestyre i møte den 17. juni 1966 om vedtekt til bygningslovens § 49 nr. 2 for Sogndal kommune, Sogn og Fjordane fylke. I vedtekten er lagt til grunn utgiftsoverslag etter faste priser ved utlikning av refusjon for utgifter til veg og kloakk i henhold til normalvedtektens tabell 1 og 2 klasse I og II.

(I 1966 s

20. nov. 1987 nr. 902
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av de anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekka på opptilliggjande areal, må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin heilhet med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Reglar for leikeplassar for barn i samband med byggeplanar og reguleringsplanar for bustadar:

Barnehagar og dagheimar går ein ut frå blir plassert sentralt i bustadområde med 1000 bustader eller meir.

Kvartalsleikeplass for litt større barn skal leggjast for minst kvar 200 bustadar. Plassen skal ha leikereiskap, sandkasse og bord med benker, og kan setjast av på bustadtomt eller på fellesareal for fleire tomter med 25 bustader og meir.

Sandleikeplassar for småbarn skal leggjast for mindre bustadgrupper og minst for kvar 25 bustader. Plassen skal ha ein storleik på opp til 100 m² med rikeleg sollys og med sandkasse, bord og benker for barn og vaksne. Plass kan setjast av på bustadtomt eller som fellesareal for fleire tomter med frå 4 bustader og meir.

Reglar for avkøyrsel og parkering av biler:

Bustadbygg skal ha oppstillingsplass for 2 bilar pr. bustad på eigen tomt eller på fellesareal for fleire tomter. Dersom det er meir enn eitt husvære pr. hus skal det avsetjast 1 oppstillingsplass for kvart ekstra husvære. Fråsegn om avkøyrsle bør innhentast frå vegstyresmakt før godkjenning av planane.

Forretnings-/kontorbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygget på eigen tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

For særskild parkeringskrevjande forretnings-/kontorbygg kan bygningsrådet etter skjønn auke talet på parkeringsplassar. Fråsegn om avkøyrsle bør innhentast frå vegstyresmakt før godkjenning av planane.

Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² golvflate. Fråsegn om avkøyrsle bør innhentast frå vegstyresmakt før godkjenning av planane.

Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, teater, skular, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygg der spesielle forhold gjer seg gjeldande skal ha oppstillingsplassar og tilfredsstillande inn- og utkøyringsforhold for bilar etter bygningsrådets skjønn.

Vedtekta vert sett i kraft frå 15. desember 1987.

(I 1987 s 455)

18. aug. 1966
Til § 76.

Bygningsrådet kan kreve at det blir avsatt nødvendig garasjeplass for eiendommens behov.

(I 1966 s 1552)

18. aug. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagere av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1966 s 1239)

23. juni 1982
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i kommunen ikkje tillatt å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus og liknande bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus. Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomt til slikt føremål.
2.Bygningar som er nemnde i nr. 1 kan i områder der det ligg føre generalplan med stadfesta vedtekter berre førast opp etter endeleg reguleringsplan.
3.Bygningar som er nemnde i nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 100 m. Avstanden vert målt horisontalt fra normal flomvasstand.
4.For bygningar som er nemnde under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, § 74 nr. 2, §§ 87, 93, 94, 109, 70, kap. XV og XVI og byggeforskriftene kap. 49.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr.2 og § 75 i bygningslova gjelde.

5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet dispensera frå reglane ovanfor.
6.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging, jfr. § 74 nr. 2 i bygningslova.

(II 1982 s 481)

22. juli 1977
Til § 93.

Hobbyvekstshus kan oppførast utan søknad om byggetillatelse dersom bygningen

a)har tilknyting til eksisterande busetnad på eigedomen
b)ikkje har større grunnflate enn 10 m²
c)ikkje har større mønehøgd enn 2,5 m
d)ikkje vert oppført nærare grannegrense enn 4 m

Dersom vektshuset fører med seg vesentlege ulemper for granne, kan bygningsrådet krevja vektshuset flytta eller fjerna.

(II 1977 s 297)

29. mai 1986 nr. 1207.
Til § 117.

I Sogndal kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 404)