Vedtekter til bygningsloven for Bjerkreim kommune.

DatoFOR-0000-00-00-34
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1990-09-12-1042
Endrer
Gjelder forBjerkreim kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Bjerkreim

Kapitteloversikt:

26. nov. 1984 nr. 1993.
Til § 21.

I. Denne generalplanvedtekt er knyttet til generalplan for Bjerkreim kommune, vedteken av kommunestyret 2. februar 1983, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet 26. november 1984.

II. Vedtekta gjeld for heile Bjerkreim kommune med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III. Vedtektsområdet er vist på oversiktskart i målestokk 1:50.000 og soneplankart for Bjerkreim og Vikeså i målestokk 1:10.000, dagsett 14. oktober 1980.

IV. Innanfor dei områda vedtekta gjeld, kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet, etter at saka er lagt fram for generalplanutvalget, gjera unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestingsdatoen.

(II 1984 s 626)

21. des. 1976
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom samt tilhøyrande uthus, kan berre plasserast og oppførast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter forslag frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan for nærmare fastlagte områder.
2.For bygningar som nemnde under nr. 1, skal utanom kap. III, IV og § 65 i bygningslova også gjelde: §§ 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og 109, dessutan kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferde nærmare reglar om hyttebygging.
4.Denne vedtekta tek til å gjelde straks.

(II 1976 s 468)

12. september 1990 nr. 1042
Til § 85.

Kommunestyret i Bjerkreim har 12. september 1990 vedteke å innføra vedtekt til § 85 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77.

Vedtekten regulerer etablering og drift av campingvognplassar, samt parkering av campingvogner utanfor særskilt opparbeidde plassar.

1.Denne vedtekta gjeld plassering av midlertidige eller transportable konstruksjonar eller anlegg, herunder campingvogner, telt o.l., skur og opplag og må godkjennast av bygningsrådet etter fylgjande bestemmelser:
2.Oppstilling av campingvogner, telt o.l. for lengre tid enn ein månad, er berre tillatt på områder som er godkjent for føremålet av bygningsrådet og som er, eller vil verta teke inn i kommuneplanens arealdel.
3.For etablering av oppstillingsplassar for campingvogner/telt skal fråsegn frå helsemyndighetene liggja føre. Godkjenning av drifta vert gitt av helsemyndighetene for 1 år om gongen. I sin årlege vurdering vil helsemyndighetene sikre at plassen oppfyller dei krava som til kvar tid gjeld med omsyn til drikkevatn, avfallsordning og toalettforhold.
4.Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner, telt o.l. etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje fører til vesentlege ulemper for omgivnadane.

Bygningsrådet skal krevja at det ligg føre tilfredsstillande vassforsyning, og at det kan opprettast lovleg utslepp av avløpsvatn og kloakk.

Utsleppstillatelse frå Fylkesmannen må føreliggja etter § 11 i forurensingslova og etter § 7 i forskrifter om utslepp frå separate avløpsanlegg. Helsemyndighetene si fråsegn må innhentast før plassane vert godkjent av bygningsrådet. Det må liggja føre gyldig avkjøringstillatelse frå offentleg vegmyndighet.

Det må og liggja frå uttalelse frå Dalane Elverk.

5.Bygningsrådet kan setja krav til kvar enkelt oppstillingsplass som sikrar eit godt fysisk miljø, så som planting av tre og buskar, tilsåing og bygging av jordvollar for å bryte store einsformige flater.

Vedkomande avstandsreglane viser ein til gjeldande retningsliner for brannvern på campingplasser.

Bygningsrådet kan gjera godkjenninga tidsavgrensa.

Ved misleghald av vilkåra kan bygningsrådet oppheva godkjenninga.

6.Den som driv oppstillingsplass for campingvogner og/eller teltplass skal ta del i den kommunale renovasjonsordninga.
7.Med søknad om godkjenning av campingvogn/teltplass skal fylgja plan for oppstillingsområdet, med oppstillingsplassar innteikna. Også parkeringsplass for bilar skal visast, 1 bilplass for kvar vogn. Nabovarsel skal fylgja med.
8.Av søknaden skal det gå klart fram om det gjeld vintercamping eller heilårscamping.

For vinteroppstillingsplass kan bygningsrådet dispensere frå reglane i plan- og bygningslova § 85.

Om vinteren kan campingvogner stå i tidsrommet september - mai, maks. 8 mnd.

9.Unntatt frå denne vedtekta er oppstilling av ei enkelt campingvogn, telt o.l. på tomt for heilårleg bustad når brukarane av campingvogna/teltet kan nytta vassforsyning og sanitæranlegg i bustaden, jfr. § 104 i plan- og bygningslova, campingvogn til kvile og overnatting på arbeidsplassen og telt som kan bærast over lengre strekningar.
10.Denne vedtekta skal innarbeidast i kommuneplanens arealdel.

(II 1990 388)

2. juli 1986
Til § 117.

Bjerkreim kommunestyre har 2. juli 1986 vedteke å innføra midlertidig plankrav:

I Bjerkreim kommune kan det i 3 år frå iverksetting av lov nr. 77, plan- og bygningslov av 14. juni 1985 eller til revidert kommuneplan er vedteken, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar for planlegginga.

Mindre arbeid eller tiltak som ikkje vil få innverknad på planlegginga eller gjennomføringa av planane kan godkjennast av bygningssjefen.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 745)