Vedtekter til bygningsloven for Stord kommune.

DatoFOR-0000-00-00-347
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-11-13-2099
Endrer
Gjelder forStord kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Stord

Kapitteloversikt:

6. okt. 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga den har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første ledd i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med dette tilgjenge og med høve til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 1530)

6. okt. 1966
Til § 63 nr.3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk blir skilt ut før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1966 s 1530)

6. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastset i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje relgar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1530)

11. sept. 1980
Til § 69 nr. 3.
1.Bustadbygg skal ha oppstillingsplass for 1,5 bil pr. bustad. For hybelbygg vert det kravd tilsvarande for annan kvar hybel.
2.Forretningsbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 50 m² golvflate i bygget, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
3.Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² golvflate i bygget, til det kjem lasteareal for vare- og lastebilar.
4.Institusjonar, hoteller, restaurantar, forsamlingslokaler, teater, skular, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der særskilde tilhøve gjer seg gjeldande skal ha oppstillingsplass for biler og fullnøyande ut- og innkjøringstilhøve. Bygningsrådet avgjer tal på oppstillingsplassar i det einskilde høve.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar fastsetjast av bygningsrådet i det einskilde høve.
6.Oppstillingsplassen skal være på eigen tomt eller på felles areal for fleire tomter.
7.Før bygningsrådet tek stode til godkjenning av byggeplanane, kan bygningsrådet krevja at søkeren legg fram fråsegn frå sakkunnig om trongen for oppstillingsplass er dekke og om ut- og innkjøringstilhøva.

Bygningsrådet kan også krevja at dei fastsette oppstillingsplassane er ferdig opparbeidd når bygning vert teken i bruk.

Bygningsrådet kan når serlege grunner ligg føre gjera unntak frå dei krav som er fastsett i denne vedtekta.

(II 1980 s 709)

10. mai 1979
Til § 69 nr. 3

I utbyggingsplanar og reguleringsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. Bygningsrådet kan krevja at utforming av fellesareal og anna ubebygd areal vert synt på særskilt plan som skal fylgja utbyggingsplanen. Denne planen skal syna mogleg terassering og planering, biloppstillingsplasser, private køyre- og gangvegar, tilplanting, tørkestativ o.l.

Ved samla utbygging av områder større enn 5 da. skal slik plan alltid sendast bygningsrådet. Det same gjeld plan for småbornsleikeplasser når det samstundes vert bygt fleire bustadeiningar. Bygningsrådet kan krevja dei innsendte planar endra i samsvar med nærare retningsliner gitt av rådet, herunder krav om bevaring av verneverdig landskap og vegetasjon.

Etter at planen er godkjent av bygningsrådet, pliktar eigaren (festaren) snarast å opparbeide arealet i samsvar med planen. Bygningsrådet skal sjå til at arbeidet vert utført, og kan gi påbod om dette.

Det vert kravd forsvarleg vedlikehald av arealer og anlegg.

For leikeplasser for born i samband med bebyggelsesplanar og reguleringsplanar for bustader gjeld følgjande føresegner:

1.Barnehagar og dagheim skal plasserast sentralt i bustadområder med 1.000 bustader eller meir.
2.Sentrale leikefelt skal anleggast for bustadområde med 600 bustader eller meir. Avstand til leikefelt bør ikkje vera meir enn 400 m. Feltet bør vera 6 til 7 mål, ha variert terreng og gi mulighet for verksemd som ikkje kan innpassast i mindre leikeplasser, som byggeleikeplass, plaskedam, akebakkar, toiletter og leskur.
3.Ballfelt for større born skal anleggast for minst 600 bustader. Det bør ikkje liggja meir enn 400 m frå bustader og vera opptil 6 mål med gras- og asfaltdekke.
4.Kvartalsleikeplass for litt større born skal anleggast for minst kvar 200 bustader. Den bør ikkje liggja meir enn 150 m frå bustad og vera opptil 2 mål. Plassen bør vera asfaltert og ha leikereiskap, sandkasse og bord med benker, og kan avsettast på bustadtomt eller som fellesareal for fleire tomtar med frå 25 leiligheter og meir.
5.Sandleikeplass for småborn skal anleggast for mindre bustadgrupper om minst for kvar 25 bustader. Den bør vera opptil 100 m² med god solbelysning, og med sandkasse, bord og benkar for born og vaksne. Plass kan avsetjast på bustadtomt eller som fellesareal for fleire tomtar med frå 4 bustader og meir.
6.I områder der det er regulert så stort antall bustader om anført under pkt. 1 til 5, men der desse ikkje blir utbygt samla, avgjer bygningsrådet når anlegget av leikeplassar m.m. skal gjennomførast.
11. sept. 1980
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eiga grunn eller på felles areal vert innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Kommunestyret fastset dei satsane som til ein kvar tid skal gjelda i slike tilfelle.

Vedtektene trer i kraft straks.

(II 1980 s 709)

6. okt. 1966
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass.

(I 1966 s 1530)

6. feb. 1975
Til § 105.

Med heimel i § 105 i bygningslova har Stord kommunestyre i møte 6. februar 1975 vedteke føresegner for oppsetting, plassering og utforming av husnummerskilt i Stord kommune.

Av føresegnene går det frem at eigar som av kommunen har fått fastsett nummer til bygning eller bygningsdel, pliktar å setta opp og halde ved like husnummerskilt på eigedomen i samsvar med føresegnene.

Vidare inneheld føresegnen reglar for oppsetting, plassering, utforming og vedlikehald av husnummerskilt.

Føresegnene kan fåast ved å venda seg til Stord kommune, teknisk etat.

(II 1975 s 119)

13. november 1986
Til § 117.

Med heimel i § 117 i plan- og bygningslova vedtek 13. november 1986 Stord kommunestyre slik forskrift:

I Stord kommune kan det i 3 år fra 1. juli 1986 når lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 trer i kraft, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i lova sine §§ 84 og 93 om plankrav utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, her under frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå denne forskrifta.

(II 1986 s 715)