Vedtekter til bygningsloven for Stordal kommune

DatoFOR-0000-00-00-348
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1985-11-25-2142
Endrer
Gjelder forStordal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Stordal

Kapitteloversikt:

Endret 09.07.1976

9. juli 1976
1.Delinga av Ørskog kommune i Møre og Romsdal fylke i dei tre tidlegare kommunane Skodje, Ørskog og Stordal, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på dei nye kommunane skal vera Skodje, Ørskog og Stordal.
3.Kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar skal i perioden 1. januar 1977-31. januar 1979 ha i same følgd 21, 19 og 19 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Ørskog kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyret fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Skodje kommune vert samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Skodje-området, supplert med to medlemer valde blant kommunestyremedlemmene fråm dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Ørskog kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Ørskog-området, supplert med tom medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Stordal kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmer som bur i Stordal-området, supplert med fire medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene fråa dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ørskog.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak: 

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar dei nyvalde kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra delinga av Ørskog kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ørskog kommune.
6.Budsjetta for den nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ørskog kommune skal framleis gjelda i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.

(II 1976 s 207)

25. nov. 1985 nr. 2142.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I medhald av § 21, jfr. § 20 i bygningslova av 18. juni 1965 nr. 7 har Miljøverndepartementet 25. november 1985 stadfesta kommunestyret sitt vedtak 25. april 1984 om generalplanvedtekt. Vedtekta lyder slik:

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 25. april 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet er vist på oversiktskart i målestokk 1:50.000, datert 26. mai 1983 og gitt påteikning 25. november 1985 av Miljøverndepartementet.

Detaljert arealutnytting er vist i soneplan for Stordal i målestokk 1:5.000 og utmarksplan for Stordal i målestokk 1:20.000 datert 5. mai 1983 og gitt påteikning 25. november 1985 av Miljøverndepartementet.

Arealbruken er i soneplan og utmarksplan delt opp i:

1.Utbyggingsområde

Soneplan:

-Bustadområde
-Område for industri/bilservice
-Område for offentlege bygningar
-Område for kontor og forretningar
-Område for almennyttige formål
-Trafikkområde
-Naustområde
-Friområde
-Spesialområde 

Utmarksplan

-Hytteområde
-Spesialområde/bygningsvern
-Merkantilt område
-Trafikkområde/parkering 
2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areala i kommunen som ikkje er avgrensa til formål nemnde under pkt. 1 eller avsett til skytebane og skitrekk som vist på oversiktskartet og utmarksplanen.

IV

Innanfor dei område som er nemnt under nr. II, kan ikkje grunn takast i bruk til formål som i vesentleg grad vil gjere det vanskeleg med ei slik utnytting som føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år fra stadfestinga.

(II 1985 s 832)