Vedtekter til bygningsloven for Stranda kommune, Møre og Romsdal

DatoFOR-0000-00-00-351
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-857
Endrer
Gjelder forStranda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Stranda

Kapitteloversikt:

Endret 26. august 1982, 30. juni 1989 nr. 857.

30. des. 1969
Til § 49 nr. 1.
1.Fordelingsregelen i § 48, nr. 3 skal gjelde for fylgjande sentrumsområde i Stranda:
a)Stranda sentrum:

Området begrensa av Kirkegata fra Ringstad A/S og sjøen og området begrensa av Storgata frå Kirkegata ved kirka til Ringstadkrysset og Storelva til sjøen.

b)Hellesylt sentrum:

Området aust for elva mellom sjøen og riksvegen samt fylkesveg til Høgbrua.

Området vest for elva begrensa av sjøen og fylkesvegen frå Høgbrua og fram til og med H. Tryggestads Bilverkstad.

Områda er vist på kart, datert juli 1969, i målestokk 1:5.000 for Stranda sentrum og 1:1.000 for Hellesylt sentrum.

2.Utenfor desse områda vert utgiftene fordelt med ein halvpart i forhold til eigedomenes grunnareal og halvparten i forhold til eigedomenes tillatte utnyttelse (bebygd areal).

(I 1969 s 1132)

12. mai 1967
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for kommunens utlegg til veg og kloakk skal leggjast til grunn utgiftsoverslag etter faste prisar som er fastsett i departementet si normalvedtekt tabell 1 og 2, klasse 1.

(I 1067 s 1030)

12. mai 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplanen (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga denne har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigdomer som nemnt i første leddet i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein del av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetting av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føre anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1067 s 1030)

12. mai 1967
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk blir skilt ut før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1067 s 1030)

12. mai 1967
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjent veg til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskild overvassledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamand til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa.

Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast ved like av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen plikter likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første ledd, a.

(I 1067 s 1030)

12. mai 1967
Til § 69 nr. 3.

I byggeplaner og reguleringsplaner skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet er dekka for slike anlegg på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin sammenheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1067 s 1030)

12. mai 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1967 s 1030)

26. aug. 1982
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sumarhus og liknande bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, og frådeling og bortfesting av tomter til slikt formål, kan i områder som er avsett til dette i godkjent generalplan berre skje etter endeleg reguleringsplan eller etter disposisjonsplan godkjent av fylkesmannen.
2.Bygning som nemnt i nr. 1 kan ikkje oppførast nærare vassdrag enn 30 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand eller nærare veg open for allmenn ferdsel enn det som er fastlagt i veglova.
3.For bygning som nemnt under nr. 1 gjeld forutan bygningslova kap. III og IV og §§ 65 og 68 også §§ 66, 70, 71, 72, 73, 74, 93 og 94 og kap. XV og XVI.
4.Når særlege forhold ligg føre, kan bygningsrådet gje dispensasjon frå føresegnene ovafor.

(II 1982 s 569)

30. juni 1989 nr. 857.
Til § 117.

Stranda kommunestyre har 21. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 5. juni 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskrifta1 lyder:

Stranda kommune vedtek fylgjande forskrift om midlertidig plankrav etter § 117 i lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985.

Frå iverksetting av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 kan det i Stranda kommune ikkje settast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lova § 84 og § 93, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det same gjeld for andre tiltak, herunder frådeling som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

1.Forskriften er ikke tidligere kunngjort i Norsk Lovtidend.

(II 1989 261)