Vedtekter til bygningsloven for Sula kommune

DatoFOR-0000-00-00-353
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-606
Endrer
Gjelder forSula kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4, LOV-1956-12-21-3
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sula

Kapitteloversikt:

Endret 9. juli 1976, 11. februar 1985 nr. 314, 6. mai 1986 nr. 1179, 30. juni 1989 nr. 606.

9. juli 1976
Til § 1 i lov av 21. des. 1956
1.Fråskiljing av øya Sula av Ålesund kommune i Møre og Romsdal fylke, som eigen kommune, vedteken ved kgl.res. 27. februar 1976, jfr. Stortinget sitt vedtak 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Sula.
3.Kommunestyra i den nye Sula kommune og i attverande Ålesund kommune skal i perioden 1. januar 1977-31.desember 1979 ha i same følgd 29 og 61 medlemmer.

Valting vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Sula kommune alt rekna som fråskild.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Ålesund kommune, men særskilt for den nye Sula og attverande Ålesund kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Sula kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på øya, supplert med 7 representantar valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for attverande Ålesund kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur på dette området, og manntalsføraren.

Valstyret vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ålesund.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak: 

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting. 

4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar det nyvalde kommunestyre i den nye Sula kommune inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunal organ skal før 1. januar 1977 så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre fråskiljinga av Sula, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ålesund kommune.
6.Budsjetta for den nye Sula kommune og for attverande Ålesund kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ålesund kommune, skal framleis gjelda i den fråskilde Sula kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Sula kommune og i attveranda Ålesund kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert halde skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.

(II 1979 s 209)

16. des. 1974
Til § 21.

I. Denne vedtekta gjeld for område i Sula kommune slik det går fram av pkt. II.

II. Vedtekta gjeld for heile Sula kommune med unntak av område med reguleringsplan og eit område ved Myren i Fiskarstrand. Vedtektsområdet er vist med grøn farge på kart i målestokk 1:20.000, datert Sula kommune 31. oktober 1984, godkjent av Miljøverndepartementet 11. februar 1985.

Følgjande område med reguleringsplan er unnateke frå vedtekta:

A.Reguleringsplan for Langevåg. Stadfest 13. mars 1963.
B.Reguleringsplan for Åregjerdvågen i Langevåg. Stadfest 24. januar 1975.
C.Reguleringsplan for Rørstad Vestre. Stadfest 28. april 1975.
D.Reguleringsplan for eit område nord for Vassetvatnet. Stadfest 16. oktober 1975.
E.Reguleringsplan for området aust for den kommunale vegen til Holen trelast, med ny veg til eit utvida industriområde. Stadfest 31. januar 1977.
F.Reguleringsplan for ny veg til Kvasnes trevarefabrikk fra r.v. 14. Stadfest 28. februar 1977.
G.Reguleringsplan for eit område ved Holsmyrane i Langevåg. Stadfest 9. januar 1978.
H.Reguleringsplan for Sunde - Leirvåg. Stadfest 16. mai 1980.
I.Reguleringsplan for Holsmyrane. Stadfest 16. september 1980.
J.Reguleringsplan for Langevåg sør. Stadfest 22. juni 1981.
K.Reguleringsplan for Langevåg nord I. Stadfest 10. desember 1982.
L.Reguleringsplan for Langevåg nord II. Stadfest 15. desember 1982.

Vidare er følgjande område unnateke frå vedtekta:

M.Eit område på Myren, Fiskarstrand, med grenseline slik ho er bestemt av følgjande koordinatar:

Frå hjørne i sørvest bestemt av koordinat Y = 11150 - X = 494300 går grensa langs gardsvegen til koordinat Y = 11375 - X = 494660 i riksveg. Mot nordaust følgje grensa i riksveg 657 til koordinat Y = 11520 - X = 494520. Frå dette punktet følgjer grensa gardsveg tilbake til utgangspunktet.

III. Innafor vedtektsområdet kan areala ikkje nyttast på annan måte enn det som er vanleg der arealet ligg og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegginga eller gjennomføring av planen.

IV. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

V. Denne vedtekta trer i kraft frå 16. desember 1984 og gjeld til det ligg føre godkjendt generalplan eller reguleringsplan for vedkommande område, likevel ikkje lenger enn 16. desember 1986.

(II 1985 s 136)

6. mai 1986 nr. 1179.
Til § 117.

Sula kommunestyre har 6. mai 1986 gjort vedtak om at det i Sula kommune i 3 år frå iverksettinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje kan settast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lova, §§ 84 og 93, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld for andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga.

(II 1986 s 388)

30. juni 1989 nr. 606.
Til § 117.

Sula kommunestyre har 15. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift 6. mai 1986 nr. 1179 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 30. juni 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 183)