Vedtekter til bygningsloven for Suldal kommune

DatoFOR-0000-00-00-354
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1998-03-05-229
Endrer
Gjelder forSuldal kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Suldal

Kapitteloversikt:

Endret 1 juli 1986 nr. 1517, 14 juli 1997 nr. 864, 5 mars 1998 nr. 229.

19. juni 1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa seg eigedomsretten til grunn eller har opparbeidd felles avkøyrsel, felles gardspalss eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundera kommunen utgiftene i samband med dette.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden i tilhøve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det skal fastsetjing av refusjon og fordelinga føretakast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med dette og med høvet til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfell til betaling 3 måndader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det fastsetjast at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overføra anlegget vederlagsfritt til eigarane av dei interesserte eigedomane, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Det som er fastsett i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1968 s 784)

19. juni 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan gje forbod mot at tomt i regulert strok blir fråskilt før tomta har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 784)

24. sept. 1980
Til § 69 nr. 3.

For leikeplassar for barn i samband med reguleringsplaner for bustadfelt gjeld følgjande reglar:

1.Leikeplassar for større barn skal plasserast sentralt i nye bustadfelt med minst 15 bustadeiningar, og minst ein leikeplass for kvar 25 bustadeining i større felt. Leikeplassar for større barn bør vere 1-2 da og bestå av arealer som eignar seg til leikeplass, av dette tilstrekkeleg flate areal.

Leikeplassane skal helst plasserast i samband med friområde og naturområde dersom slike finnst og dersom dette er høveleg.

Det skal takast omsyn til nærliggande bustader, trafikkareal o.l., slik at det i minst mogleg grad oppstår konfliktsituasjnar. Leikeplass med adkomst skal vere trafikksikker. Leikeplassen bør innehalde grusa, grasdekte og asfalterte arealer etter den funksjon områda skal ha, og ellers variert utstyr til dei forskjellige aldersgrupper av barn.

2.Sandleikeplassar skal plasserast sentralt i nye bustadfelt med minst 10 bustadeieningar, og minst ein sandleikeplass for kvar 15 bustadeining i større felt. Plassen med adkomst skal vere trafikksikker og ligge laleg til med omsyn til sol, vind og andre klimatiske tilhøve.

Storleiken på plassen bør vere fra 100-200 kvadratmeter. Plassen skal innehalde utstyr for mindre barn som f.eks. sandkassar, bord m/benker og anna enkelt utstyr.

3.Ballplassar skal plasserast sentralt i tilknytning til bustadfelt på minst 50 bustadeiningar. Plassen med adkomst skal vere trafikksikker og skal ha ein storleik fra 2-6 da.

Ved plassering skal det taktast omsyn til nærliggande bustadhus, trafikkareal o.l.,slik at det i minst mogeleg grad oppstår konfliktsituasjonar. Ballplassen bør bestå av grusa arealer og grasfelt.

4.Den terrengmessige opparbeidinga av leikeplassane omtala under pkt. 1-2 skal vere ferdig før dei første barna flytter in.
5.Naudsynt asfalteringsarbeid skal gjerast samstundes med anna asfaltering i feltet.
6.Teknisk etat skal ha kontroll med at arbeidet blir gjort.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 729)

19. juni 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan gje forbod mot at verksemder, anlegg, opplag og lager av fårleg eller særleg sjenerande art, blir plassert innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 784).

14. juli 1997 nr. 864.
Til § 79.

Bruksendring frå heilårsbustad til fritidsbustad er forbode. Kommunen kan i særlege høve gjera unnatak frå denne føresegna.

Vedtekta tek til å gjelde 25. august 1997.

(II 1997 444

13. aug. 1976
Til § 81.

For husvære for seterbruk og skogsdrift skal plasseringa i terrenget godkjennast av bygningsrådet.

(II 1976 s 252)

28. jan. 1977
Til § 82.
1.Frådeling av tomt til og bygging av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som er meint å vere bustad berre i kortare tid, samt tilhøyrande uthus, kan berre går føre seg etter stadfesta reguleriningsplan, godkjent strandplan eller etter disposisjonsplan vedtatt av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Bygningsrådet kan likevel når særlege grunnar ligg føre, dispensere frå dette plankravet når det gjeld frådeling av enkelttomt og bygging av enkelthytte.

2.For bygningar som er nemnde under pkt. 1 skal utanom bygningslova sine kap. III, IV og § 65 første ledd, også gjelde kap. VI og §§ 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 95, 96, 97, 109 og dessutan kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging.

(II 1976 s 49)

5. mars 1998 nr. 229.
Til § 107.

I

§ 1.Søknad

Innan heile kommunen må skilt, reklameinnretningar o.l. ikkje setjast opp utan at kommunen, etter søknad etter kap. XVI i plan- og bygningslova har gitt løyve. Løyve kan berre bli gjeve inntil vidare eller for eit bestemt tidsrom. Løyve etter 1. ledd blir ikkje kravd for mindre skilt, reklameinnretningar o.l. under 0,5 m² som blir montert flatt på bygning eller innhegning. For lysskilt blir det kravd søknad uavhengig av storleik.

§ 2.Reklameinnretningar. Omsyn til området sin karakter
2.01 Kommunen kan sjølv utarbeide eller krevja utarbeidt ein samla skiltplan for eit avgrensa område eller ein bygning.
2.02 I opent naturlandskap, kulturlandskap, landbruksområde, parkar eller friområde kan det ikkje oppførast frittståande reklameskilt.
2.03 Innanfor særprega og historisk interessante miljø kan det ikkje oppførast frittståande reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøet sin karakter og historie.
2.04 I tettbygde strok blir det ikkje gjeve løyve til frittståande reklameinnretningar som ikkje er spesielt utforma for å passa inn i området.
2.05 I reine bustadområder kan det ikkje førast opp reklameinnretningar.
2.06 På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje førast opp dersom plasseringa ikkje tek omsyn til dei lokale tilhøva.
2.07 Lysreklame kan ikkje førast opp anna enn i områder regulert til forretningar og ellers i område som kommunen har bestemt. Lysreklame som er til sjenanse for bustader blir ikkje tillete.
§ 3.Formingskriterier
3.01 Skilt og reklameinnretning skal utførast slik at rimelige krav til god utforming vert tilfredsstilt både i høve til seg sjølv og i høve til bakgrunn og omgjevnader. Skjemmande fargar og utføring blir ikkje tillete og kan bli kravd endra. Blinkande eller variabel skilt/reklameinnretning blir ikkje tillete.
3.02 På byggverk skal skilt og reklameinnretningar vera underordna og harmonere med bygningen si utforming med proporsjonar, materialer og fargar, og det skal takast omsyn til busetnad elles i området.
3.04 Skilt og reklame må ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk, eller gesims. Kommunen kan gjera unntak for åpne lysrøyrskilt med frittståande bokstavar e.l. som blir plassert på gesims.
3.05 Skilt og reklame utforma som lyskassar blir ikkje tillete.
3.06 Kvar verksemd kan ikkje ha meir enn eitt uthengsskilt og eitt veggskilt. Kommunen kan gjera unnatak for verksemder som disponerar fleire fasadar langs fortau eller vegar.
3.07 I område der kommunen tillet oppføring av reklametavler kan det ikkje førast opp innretningar med større samanhangande areal enn 7 m².

Ved fleire tavler nær ein annan blir den samla eksponeringsflaten rekna som eitt skilt.

3.08 Uthengsskilt på bygningar skal ikkje ha større breidde enn 1,0 m og skal ha minimum 2,25 m fri høgde over grunnen. Framspringet må aldri vera lenger ut enn at det er minst 0,7 m fri horisontal avstand til fortaukanten.
3.09 Markiser skal avpassast etter bygningen sin oppdeling og skal ha same breidde som dør og vindusopningane. Anna eventuell merking enn verksemda sitt namn eller logo blir ikkje tillate.

Markiser som vender mot offentleg stad skal ha minimum 2,25 m fri høgde over grunnen, og skal ha minimum 0,7 m fri horisontal avstand til fortauskant.

3.10 Transparentar må ikkje bryte med det arkitektoniske uttrykket på den bygningen eller bakgrunnen dei blir montert mot.
§ 4.Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.v.

Dersom det kan skje utan hinder av løyve som er gitt for avgrensa tid, kan kommunen gje pålegg om å fjerna eller endra ein kvar innretning som nemnt i første og andre ledd, eller når den etter kommunen sitt skjøn verkar skjemmande i seg sjølv eller i høve til omgjevnadane, eller verkar sjenerande.

Innretning som kan medføra fare kan i alle høve blir kravd fjerna ved pålegg fra kommunen.

II

Vedtekta trer i kraft 1. april 1998.

(II 1998 159)

1. juli 1986 nr. 1517.
Til § 117.

I 3 år frå plan- og bygningslov av 14. juni 1985 tek til å gjelda ( frå 1. juni 1986 til 31. mai 1989) kan det i Suldal kommune ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak av slikt slag som er omtala i §§ 84 og 93 i nemnde lov utan at området inngår i vedteken kommuneplan eller stadfesta reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, under dette frådeling når dette i vesentleg grad kan vanskeleggjera planlegginga.

Bygningsrådet kan etter søknad gjera unntak frå dette plankravet.

Anlegg som vert fremja i medhald av vegplan, godkjent etter veglova, kjem ikkje inn under denne forskrifta.

(II 1986 s 525)