Vedtekter til bygningsloven for Sund kommune, Hordaland.

DatoFOR-0000-00-00-355
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-31-761
Endrer
Gjelder forSund kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sund

Kapitteloversikt:

Endret 31. oktober 1984 nr. 1830, 31. juli 1989 nr. 761.

31. okt. 1984 nr. 1830.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Sund kommune, vedteke av Sund kommunestyre 10. februar 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet i dag. Vedtekta gjeld for areal i Sund kommune som ifølge generalplanen skal nyttast til jord-, skog- og naturområder, og som er nærare omtala under pkt. II.

II. Dei områda som vedtekta gjeld for ligg innafor ei ytre avgrensing som er danna av kommunegrensa, og avgrensa mot byggeområda slik det er vist på kartutsnitt i mål 1:5.000 av generalplanen, i mål 1:20.000, datert 27. juni 1983. Karta er gitt påteikning av Miljøverndepartementet 31. oktober 1984.

III. Innafor dei områda der vedtekta gjeld som omtalt under pkt. II, kan grunn ikkje taktast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

IV. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet treff sitt vedtak, skal rådet legge saka fram for formannskapet (generalplanutvalget) til fråsegn.

V. Denne vedtekt trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1984 s 500)

30. mars 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller for ein del har skaffa grunn til eller opparbeidd sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utgiftene.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden etter nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga av utgiftene avgjerast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette høvet og med høvet til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det avgjerast at betalinga heilt eller for ein del skal utstå.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overlata anlegget utan vederlag til eigarane av dei eigedomane det gjeld - som vert sameigarar i same mun som fastsett for refusjonen.

(I 1967 s 697)

30. mars 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1967 s 697)

30. mars 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av fårlege eller serleg plagsomt slag vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1967 s 697)

30. mars 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova, kap. III og IV og i § 65 gjelda desse §§: 66 nr. 2, 71, 74 og 94, jfr. 93.

(I 1967 s 697)

10. okt. 1970
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det i Sund kommune ikkje tillate å frådela tomt for eller å føre opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus, m.v.

Der generalplan m/vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetting med disposisjonsplan.

Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unnatak for enkelttomter når særlege grunnar talar for det.

2.For slike bygningar som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om samling av hytter er av ein slik storleik at det ligg føre hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
4.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar for hyttebygging.

(I 1970 s 1377)

31. juli 1989 nr. 761.
Til § 117.

Sund kommunestyre har 24. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 21. mai 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Sund kommune kan det i 3 år frå lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 vert gjort gjeldande ikkje settjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnt i §§ 84 og 93 i same lov utan etter samtykke frå bygningsrådet før området er med i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld for andre tiltak også frådeling som i vesentleg grad kan skapa vanskar for vidare planlegging.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse forskrifta.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 240)