Vedtekter til bygningsloven for Surnadal kommune

DatoFOR-0000-00-00-357
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1990-10-04-1044
Endrer
Gjelder forSurnadal kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Surnadal

Kapitteloversikt:

Endret 15. mai 1986 nr. 1187, 30. juni 1989 nr. 710, 4. oktober 1990 r. 1044.

29. sept. 1983
Til § 21, 1. ledd bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Surnadal kommune, vedteke av Surnadal kommunestyre 5. november 1981 og slik han er godkjent av Miljøverndepartementet.
II.Vedtekta omfattar heile kommunen med unntak av dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar, godkjente strandplanar og godkjente disposisjonsplanar etter vedtekt til bygningslova § 82, som går fram av følgjande opplisting:

Reguleringsplanar.

 1.Reguleringsplan for Grytåa 4 og 9stadfesta 23.08.69

med endring av 13.10.78stadfesta 23.03.79

 2.Reguleringsplan for Gryta 5 og 10

(Vassendmarka)stadfesta 14.06.74

med endring 03.11.77stadfesta 11.09.78

med endring 27.02.79stadfesta 07.08.79

 3.Felt 6 og 7, Grytåa (Midtigrenda)stadfesta 10.12.75

med endring av 15.07.77stadfesta 15.09.77

 4.Holtamoanstadfesta 27.06.75
 5.Felt 12 og 13, Grimsmomarkastadfesta 03.05.76

med endring av 25.11.76stadfesta 13.04.77

 6.Bøvrasmoan - Syltøranstadfesta 21.04.78

med endring av 04.04.79stadfesta 26.02.80

med endring av 21.02.80stadfesta 12.08.80

 7.Åsskardsfjordenstadfesta 10.03.77
 8.Kvensetøranstadfesta 07.09.77
 9.Skei - Grimsmostadfesta 17.06.80
10.Ny Øra Brustadfesta 12.08.80
11.Gjerahaugenstadfesta 05.09.80
12.Stenbergstadfesta 16.03.81
13.Solliastadfesta 20.03.81
14.Dalafeltetstadfesta 02.09.80
15.Pestutrøastadfesta 09.12.74
16.Pestutrøa IIstadfesta 30.08.78

Strandplanar

Strandplan for Flessastrandstadfesta 24.03.77

Disposisjonsplanar

Disposisjonsplanar for

 1.Fjellslettet gnr. 17, bnr. 23godkjent 28.06.76
 2.Aasgaard gnr. 88, bnr. 1godkjent 16.04.79
 3.Vindøldalen gnr. 17, bnr. 2, 19

21 og 22godkjent 28.06.76

 4.Vindøldalen gnr. 13, bnr. 1godkjent 18.09.78
 5.Østbøhaugen gnr. 47, bnr. 1godkjent 02.02.79
 6.Berset, nedre/austre gnr. 66,

bnr. 1godkjent 21.12.78

 7.Vindøldalen gnr. 17, bnr. 14 og 16godkjent 13.07.77
 8.Krokvassdalen gnr. 18, bnr. 25godkjent 14.07.77
 9.Hammeren gnr. 71, bnr. 11godkjent 14.08.78
10.Vindøldalen gnr. 14, bnr. 1godkjent 14.07.77
III.Vedtektsområdet er vist på kart:
01.Oversikt i målestokk1:5.000 datert 28.06.78
03.Soneplan Nedre Surnadal i målestokk1:5.000 datert 19.07.78
04.Soneplan Todalen i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
05.Soneplan Kvanne i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
06.Soneplan Finnvik i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
07.Soneplan Stangvik i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
08.Soneplan Øvre Surnadal i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
09.Soneplan Bæverfjord i målestokk1:5.000 datert 26.11.79
10.Soneplan Bøfjorden i målestokk1:5.000 datert 26.11.79

Karta har gitt Miljøverndepartementet si påteikning datert den 29. september 1983.

IV.Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.
V.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.
VI.Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestingsdato.

(II 1983 s 549)

3. jan. 1085 nr. 35.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, fritidshus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er berekna til å bu i for kortare tidsrom, kan berre skje etter reguleringsplan. Det same gjeld frådeling og bortfeste av tomt til slikt formål.
2.Bygningar som nemnde i nr. 1 kan ikkje førast opp nærare bekk eller elv enn 50 meter, og ikkje nærare innsjø enn 100 meter. Avstand til vassdrag blir målt horisontalt frå normal flomvasstand. Vidare kan slike bygningar som nemnt ikkje førast opp nærare veg som er open for allmenn ferdsel enn 20 meter, målt horisontalt frå midtlina på vegen.
3.For bygningar som er nemnde, skal forutan kap. III, IV og §§ 65 og 68 i bygningslova og gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 74 nr. 2, 87, 89, 90, 91, 92 siste ledd, 93, 94, 95, 96, 97, 98, 99, 103, 109 og kap. XV og XVI og kap. 49 i byggeforskriftene.

For hyttegrender og hyttekonsentrasjonar skal dessutan § 66 nr. 2, 69 og 75 i bygningslova gjelde.

4.Bygningsrådet kan gje nærare reglar for hyttebygging innenfor ramma av dei føresegnene i bygningslova som her er gjort gjeldande.
5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekta.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Surnadal kommune, stadfesta 6. juni 1973, oppheva.

(II 1985 s 3)

15. mai 1986 nr. 1187.
Til § 117.

I Surnadal kommune kan det i 3 år frå iverksettinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje iverksettast arbeid med faste anlegg, bygningar m.m. utan etter samtykke frå bygningsrådet. Dette gjeld inntil området er tatt inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Nærare opplysningar om forskrifta med fullstendig tekst kan ein få ved å vende seg til kommunen.

(II 1986 s 391)

30. juni 1989 nr. 710.
Til § 117.

Surnadal kommunestyre har 27. april 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 15. mai 1986 nr. 1187 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990.

(II 1989 219)

4. oktober 1990 nr. 1044.
Til § 117.

Med heimel i plan- og bygningslovas § 117, 1. ledd, siste punktum, vedtok Surnadal formannskap 27. juni 1990 å forlenge forskrift av 15. mai 1986 nr. 1187. Forlenginga gjeld fram til 1. juli 1991.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 4. oktober 1990 i medhald av plan- og bygningslova § 117, jfr. Miljøverndepartementets rundskriv T-1/89 gitt sitt samtykke til forlenginga.

(1990 390)