Vedtekter til bygningsloven for Sveio kommune.

DatoFOR-0000-00-00-358
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1985-11-25 nr.2141
Endrer
Gjelder forSveio kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sveio

Kapitteloversikt:

Endret 23.01.1981

25. nov. 1985 nr. 2141.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 7. desember 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak av område der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar eller godkjende disposisjonsplanar etter vedtekt til § 82 i bygningslova.

III

Vedtektsområdet er synt på fylgjande kart i målestokk 1:5.000 og 1:20.000, revidert sist 4. oktober 1983 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning.

828101   OversiktskartM=1:20.000

828102   Soneplan for SveioM=1:5.000

828103   Soneplan for FørdeM=1:5.000

Arealbruken er slik:

1.Byggjeområde.

Detaljert arealbruk som synt på ovannemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnde under pkt. 1.

IV

Innanfor dei områda som er omtalt under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjere utnytting som er føresett i generalplanen.

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 831)

23. jan. 1981
Til § 82.
1.Inntil godkjend generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringplan eller godkjend strandplan ligg føre, er det i Sveio kommune ikkje tillete å frådela tomt for eller føra opp hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l., bygningar som berre er berekna å bu i kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus. Det same gjeld tilbygg til, påbygg eller ombygging av eksisterande bygningar, jfr. bygningslova § 87 nr.2.

Etter at godkjend generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd berre skje etter stadfesta reguleringsplan, godkjend strandplan eller disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.

2.Bygningsrådet kan gjera unntak for enkelttomtar når serlege grunnar talar for det.
3.For slike bygningar som nemnd under nr. 1, skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, §§ 87, 83, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
4.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar for hyttebygging.

(II 1981 s 61)