Vedtekter til bygningsloven for Sykkylven kommune

DatoFOR-0000-00-00-360
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1999-12-15-1419
Endrer
Gjelder forSykkylven kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Sykkylven

Kapitteloversikt:

Endret 5. mai 1986 nr. 1309, 30. juni 1989 nr. 711, 15 des 1999 nr. 1419.

5. april 1982 nr. 867.
Til § 21 første ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Sykkylven kommune, vedteken av Sykkylven kommunestyre den 22. november 1982, og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta femner om heile kommunen.

III. Vedtektsområdet er vist på oversiktskart i målestokk 1:100.000.

Arealdisponeringa går fram av fylgjande soneplankart i målestokk 1:5.000:

A.Soneplan for Hundeidvik - Ikornes
B.Velledalen
C.Søvikdal - Ramstaddal
D.Straumgjerde
E.Aursnes - Tynes
F.Fjellsæter - Nysæter

Alle karta har fått Miljøverndepartementet si påteikning datert i dag.

IV. Innanfor dei områda som er nemnde under pkt III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentlig grad vil vanskeliggjere den utnyttinga som er fastsett i generalplanen.

V. Når det er særlege grunnar for det, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1984 s 229)

20. jan. 1969
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsle, sams gardsplass, eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen utlegga han har hatt. Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leden i samhøve med nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med høvet til å få prøvt kommunale avgjerder ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett.

For eigedomar som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føre anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar som blir sameigarar i same tilhøve som er fastsett for refusjonen.
3.Foresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarende.

(I 1969 s 95)

11. nov. 1976
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekte frådeling av tomt i regulert strøk før den har tilkomst, kloakk og vassledning som nemnt i § 67.

(II 1976 s 421)

11. nov. 1976
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast dersom:

a)Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikke krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1 første leddet.
b)Hovudkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.
c)Hovudvassleidning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt rør av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet og brannstyret godta vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gi reglar om utføringa.

Veg, hovudkloakk og hovudvassleidning som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast ved like av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen plikter likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(II 1976 s 421)

20. jan. 1969
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal det takast turvande omsyn til plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad trongen for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal, må dette dokumenterast. Anlegga må synast i samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1969 s 95)

11. nov. 1976
Til § 76 nr. 1.

Bygningsrådet kan krevje at nødvendig garasjeplass skal vere sikra for eigedomen sitt behov. Ved byggemelding skal det vere oppgitt garasjeplass svarande til talet på husværa.

(II 1976 s 421)

20. jan. 1969
Til § 78 nr. 1.

Byggerådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av fårleg eller særleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1969 s 95)

11. nov. 1976
Til § 81.
1.For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal gjelde utanom reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65, også §§ 68 og 74 nr. 2.
2.For husvære for skogsdrift (skogshusvær) skal gjelde følgjande føresegner:
a)Skogshusvær kan ikkje oppførast nærare vassdrag (bekk, elv, innsjø) enn 50 meter. Avstanden vert målt horisontalt frå normal flomvasstand. Vidare kan skogshusvær ikkje oppførast nærare gangsti eller kjøreveg som er åpen for ålmen ferdsel enn 50 meter målt horisontalt frå vegen midtlinje.

Bygningsrådet kan, når særlege grunnar ligg føre, dispensera frå desse avstandskrava.

b)For skogshusvær skal i tillegg til kap. III og IV og § 65 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 95, 96 og 109 og kap. XV og XVI samt kap. 49 i bygningsforskriftene.

(II 1976 s 421)

14. jan. 1977
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, stadfesta reguleringsplan eller strandplan ligg føre, kan tomter til sportshytte, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilliggjande uthus, berre fråskiljast og bygningar berre oppførast etter disposisjonsplanar godkjent av bygningsrådet. Dispensasjon fra disposisjonskravet for frådeling og bygging blir å fremje etter bygningslova § 7.
2.Der generalplan med vedtekter ligg føre kan tomter berre fråskiljast og bygningar som nemnt i nr. 1 berre oppførast etter disposisjonsplan førehatt av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
3.Bygningar som nemnt under pkt. 1 kan ikkje oppførast nærare vassdrag (bekk, elv, innsjø) enn 50 meter. Avstanden vert målt horisontalt frå normal flomvasstand.

Vidare kan slike bygningar som nemnt ikkje oppførast nærare gangsti eller kjøreveg som er åpen for ålmen ferdsel enn 50 meter målt horisontalt frå vegens midtlinje.

Bygningsrådet kan når særlege grunnar ligg føre, dispensera frå desse avstandskrava.

4.For bygningar som nemnt under pkt. 1 skal i tillegg til kap. III og IV og § 65 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 95, 96 og 109 og kap. XV og XVI samt kap. 49 i bygningsforskriftene.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal dessuten §§ 66 nr. 2, 69 og 75 i bygningslova gjelde. Etter at bygningsrådet har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om ei slik samling hytter er av ein slik storleik at det skal reknast som hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekta.

5.Bygningsrådet kan gje nærare reglar om hyttebygging.

(II 1977 s 15)

15. desember 1999 nr. 1419.
Til § 107.

I

§ 1.Søknad
1.1.Skilt, reklameinnretningar o.l. må ikkje setjast opp uten at kommunen har gitt løyve etter søknad etter plan- og bygningslova § 93. Løyve kan berre bli gitt inntil vidare eller for eit bestemt tidsrom. Det vert ikkje krevd løyve for reklameskilt som vert montert flatt på vegg og som har storleik inntil 1,5 m² .
1.2.Søknad om løyve til oppsetting av slik innretning som er nemnd i pkt. 1.1 skal innehalde opplysningar om farge og materialbruk på innretninga og bakgrunn som den skal plasserast på. Alle ytre mål på innretninga skal vere oppgjeve og utforminga skal visast. Det skal også visast kor innretninga skal plasserast, situasjonsplan for frittståande reklame og fasadeteikning, foto eller liknande for veggmontert reklame. Søknadsmaterialet skal vise all eksisterande reklame på den eigedomen søknaden gjeld.
§ 2.Områdeomsyn
2.1.Innanfor særprega og historisk interessante miljø må det ikkje oppførast frittståande reklameinnretningar som ikkje er tilpassa miljøet sin karakter og historie. På freda eller verneverdige bygningar eller miljø skal maksimum skiltstorleik vere 0,6 m² .
2.2.I bustadområde må det ikkje førast opp reklameinnretningar. Mindre reklameskilt på forretningar, kioskar o.l. kan førast opp i den grad det ikkje sjenerer bustadene.
2.3På parkeringsplassar, rivingstomter o.l. kan reklameinnretningar ikkje førast opp dersom plasseringa ikkje tek omsyn til tilhøva på staden.
2.4I næringsbygg som inneheld fleire verksemder, skal firmanamn samlast på ei oppslagstavle som kan vere frittståande. Verksemd i lokale med fasade langs fortau eller gate med eigen inngang kan ha eigne skilt.
2.5.I ope landskap, parkar og friområde må det ikkje førast opp frittståande reklameskilt.

Reklameskilt vert ikkje tillete plassert på stolpar eller gjerde.

§ 3.Formingsvilkår
3.1.Skilt og reklameinnretningar skal ha moderat storleik, utforming og farge, og skal harmonere med bygget og miljøet ellers. Blinkande eller bevegelege skilt og reklameinnretningar vert ikkje tillete.
3.2.Skilt og reklame i form av lyskasser skal ikkje nyttast. Lyskasser kan likevel tillatast i område som er regulert til næringsverksemd, dersom dei er utført med lukka front slik at berre tekst eller symbol vert gjennomlyst.
3.3.Skilt skal ikkje overskride eit areal på 7,0 m² . Vert det montert fleire skilt nær kvarandre, skal den samla visuelle eksponeringsflata reknast som eit skilt.
3.4.Uthengsskilt skal ikkje ha større breidde enn 1,0 meter og skal ha ei fri høgde over fortau på minimum 2,5 m. Framspringet må aldri vere lenger ut enn at det minst er 1,0 meter fri avstand til fortauskant/vegkant. Største tillate areal er 1,5 m² .
3.5.Kommunen kan sjølv utarbeide eller krevje utarbeidd ein samla skiltplan for eit avgrensa område.
3.6.Skilt og reklameinnretningar på bygningar skal plasserast på veggflater, og vert ikkje tillete plassert på møne, takflater eller over gesims.
3.7.Skilt og reklameinnretningar skal ikkje vere til hinder for ferdsel eller til fare for omgivnadene på anna måte.
3.8Markiser skal vere avgrensa til opninga på vindauge. Anna merking enn firmanamn eller logo er ikkje tillate.
§ 4.Fjerning av skilt, reklameinnretningar o.l.

Kommunen kan gi pålegg om fjerning eller endring av skjemmande eller sjenerande skilt, reklameinnretningar o.l. dersom dette ikkje strid mot tidsavgrensa løyve som er gitt tidlegare. Innretningar som kan medføre fare kan i alle tilfelle krevjast fjerna ved pålegg frå kommunen.

§ 5.Dispensasjon

Kommunen kan gi dispensasjon i einskilde høve der det kan vere vanskeleg å finne gode løysingar som ivaretek krava i desse forskriftene.

II

Forskrifta trer i kraft frå kunngjeringa.

(II 1999 628)

5. mai 1986 nr. 1309.
Til § 117.

I Sykkylven kommune kan det 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga. Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 428)

30. juni 1989 nr. 711.
Til § 117.

Sykkylven kommunestyre har 5. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 5. mai 1986 nr. 1309 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta for kommunedelplanområdet Straumgjerde og Ikornes f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 219)