Vedtekter til bygningsloven for Fron kommune

DatoFOR-0000-00-00-365
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-07-468
Endrer
Gjelder forFron kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Fron

Kapitteloversikt:

Endra 16. juni 1986 nr. 1464, 7. juni 1989 nr. 468.

31. mars 1976.
Til § 1 i lov 21. desember 1956 om endring i kommunal inndeling vert bestemt:
1.Delinga av Fron kommune i Oppland fylke i dei to tidlegare kommunane Nord-Fron og Sør-Fron, vedteken av Stortinget 31. mars 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på de nye kommunane skal vera Nord-Fron og Sør-Fron.
3.Kommunestyra i dei nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar skal i perioden 1. januar 1977-31.desember 1979 har i same følgd 31 og 19 medlemmer.

Valting vert hard måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntalet vert ført av noverande manntallsførar i Fron kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Nord-Fron kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i dette området, supplert med 3 kommunestyrerepresentanter frå dette området, og manntallsføraren. Valstyret for den nye Sør-Fron kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i området, supplert med 3 kommunestyrerepresentanter frå området, og manntallsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Fron.

Ved valet gjeld reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver-med følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 tredje ledd gjeld datoen 10 august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.

§ 22 c gjeld berre i dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Oppland kallar dei nyvalde kommunestyra i dei nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar inn til konstituerande møte snarast råd etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføre delinga av Fron kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarende fungerande organ i Fron kommune.
6.Budsjetta for dei nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i Fron kommune, skal framleis gjelda i dei nye Nord-Fron og Sør-Fron kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntallsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjon trer i kraft straks.
23. mai 1967
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for kommunens utgifter til veg og kloakk, skal legges til grunn utgiftsoverslag etter de faste priser som er fastsatt i departementets normalvedtekt tabell 1 og 2, klasse I og II.

3. oktober 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytte for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas etter skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at den er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget kan det bestemme at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.
3. oktober 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har atkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

3. oktober 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin atkomst.

Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og

b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overa veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

3. oktober 1966
Til § 69 nr. 3.

I bebyggelsesplaner og reguleringsplaner skal gjøres rede for plassering av de anlegg som er nevnt i § 69 nr. 1.

I den grad behovet for slike anlegg er dekket på tilstøtende areal, må dette dokumenteres.

Anleggene må vises i sin sammenheng med kjøreveger, gangveger og friareal.

3. oktober 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagere av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

3. oktober 1966
Til § 81.

For driftsbygning for jord- og skogbruk skal gjelde foruten bestemmelsene i bygningslovens kapitler III og IV og i § 65 også bestemmelsene i § 74 og kap. XV og XVI.

8. juni 1979
Til § 82.
1.Inntil godkjend revidert generalplan, med tilhøyrande vedtekter som også omfatter fjellområde ligg føre, er det i Sør-Fron kommune ikkje lov å føre opp sportshytter, sommarhus, kolonihagehus, o.l. bygningar med tilhøyrande uthus som berre er meint til å bu i stuttare tidsrom. Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter for bygningar som nevnt og tilbygg til, påbygg på eller ombygging av eksisterande bygningar, jfr. § 87 nr. 2 i bygningslova.
2.Unntatt frå forbodet i pkt. 1 er tomter som inngår i disposisjonsplanar som er godkjente før 9. februar 1979.
3.Innafor området som i revidert godkjent generalplan er avsett til dette, kan frådeling til og oppføring av sportshytter o.l. berre skje etter godkjent disposisjonsplan.
4.For bygningar som er nemnde i nr. 1, skal foruten kap. III og IV og § 65 i bygningslova også gjelde kap. V og VI, §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 88, 89, 90, 91, 92, 93, 94, 95, 96, 109, kap. XV og XVI samt kap. 49 i byggeforskriftene. Bygningsrådet kan føra kontroll som nevnt i § 97.

For hyttegrender/hyttekonsetrasjonar skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.

5.Bygningar som er nemnde under nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag (elv, bekk, tjern eller innsjø) enn 100 m, avstanden målt horisontalt frå høgste observerte vasstand. Dei same bygningane kan ikkje førast opp nærare veg, sti eller anna viktig turdrag enn 20 m, avstanden målt horisontalt får midt i vegen.
6.Når serlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gje dispensasjon får føresegnene ovanfor.
7.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging som må vedtakast av kommunestyret og godkjennast av fylkesmannen.
8.Denne vedtekta er gjeldande frå 8. juni 1979.

(II 1979 s 256)

16. juni 1986 nr. 1464.
Til § 117.

I Sør-Fron kommune kan det i 3 år frå det tidspunkt då plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 trer i kraft, ikkje bli satt i gang arbeid eller tiltak som nemnt i lovas § 84 og § 93 utan etter løyve frå bygningsrådet før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller i stadfesta reguleringsplan. Tilsvarande gjeld andre tiltak, mellom anna frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå denne forskrifta.

Denne forskrifta trer i kraft samstundes med heimelslova.

(II 1986 s 505)

7. juni 1989 nr. 468
Til § 117.

Sør-Fron kommunestyre har 24. november 1988 vedtatt å forlenge forskrift av 16. juni 1986 nr. 1464 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Oppland har 7. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 141)