Vedtekter til bygningsloven for Time kommune

DatoFOR-0000-00-00-373
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-08-07-774
Endrer
Gjelder forTime kommune, Rogaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Time

Kapitteloversikt:

Endret 23. mars 1981, 25. november 1985 nr. 2147, 23. mai 1989 nr. 426, 23. mai 1989 nr. 427, 22. juni 1989 nr. 690, 7. august 1989 nr. 774.

25. nov. 1985 nr. 2146.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 4. september 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985.

II

Vedtekta gjeld for heile Time kommune.

III

Vedtektsområdet er vist på oversiktskart i målestokk 1:100.000, datert 1983 og soneplankart datert 1983 gitt Miljøverndepartementet si påteikning 25. november 1985.

Arealbruken er slik:

1.Byggeområder: Bryne, Kvernaland, Undland, Lyefjell.
2.Jord-, skog- og naturområde.

IV

Innafor dei områda som er nemnde i pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentlig grad vil vanskeleggjere den utnytting som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet etter at formannskapet, evt. generalplannemnda, har gitt fråsegn om saka, gjere unntak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta vert sett i kraft straks og gjeld i 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 836)

25. nov. 1985 nr. 2147.
Til § 21 fyrste ledd bokstav b.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Time kommune, vedteke av Time kommunestyre 4. september 1984, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 25. november 1985. Vedtekta gjeld for dei areala der kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva for tida ikkje er tilfredsstillande, jfr. pkt. II.

II

Planlagde byggeområde innafor følgjande soneplanar kjem inn under vedtekta:

a)Bryne
b)Kvernaland
c)Undheim
d)Lyefjell 

Grensene for desse areala går fram av soneplankart datert 1983 og gitt Miljøverndepartementets si påteikning 25. november 1985.

III

I dei planlagde byggeområda innafor soneplanane nemnde under pkt. II, kan grunn for tida ikkje takast i bruk til utbygging. Når særlege grunnar ligg føre, og tiltaket ikkje vil vanskeleggjere arbeidet med å gjere vedkomande område byggeklart i sin heilheit, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

IV

Denne generalplanvedtekta vert sett i kraft frå stadfestinga og gjeld til kommunikasjons-, vassforsynings-, kloakk- eller elektrisitetstilhøva etter kommunestyret sitt skjønn er tilfredsstillande ordna, likevel ikkje utover 10 år.

(II 1985 s 837)

28. mars 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i først ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget, kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.

(I 1967 s 671)

23. mars 1981
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre delast eller byggjast dersom:

a.Der er opparbeidd og godkjend veg til og langs den sida av tomta der den har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert lagt ut og veg opparbeidd i større bredde enn fastsett i § 47 nr. 1 første leden, og
b.Hovedkloakk, medrekna i tilfelle også særskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan godtaka kloakksamband til annen hovedkloakk.
c.Hovedvassleidning fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast at det vert lagt røyr av større diameter enn 150 mm. Bygningsrådet kan godtaka vassforsyning frå annan vassleidning.

Kommunen kan gjeva reglar for utføringa.

Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overtaka veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter første leden a.

Forslaget til vedtekt er endra i samsvar med ordlyden i lova.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1981 s 217)

7. august 1989 nr. 774
Til § 69 nr. 3.

I reguleringsplanar, busetnadsplanar og andre utbyggingsplanar skal det gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i plan- og bygningslovens § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekka på tilstøytande areal må dette dokumenterast.

Føresegner og leikeplassar

1. Sandleikeplass/leikeplass ved inngang

For kvar husgruppe skal det avsetjast areal for sandleikeplass/leikeplass ved inngang. Ingen bustad skal ha større gangavstand enn 50 m fram til plassen, og den skal vera minimum 50 m² stor. Det bør vera synskontakt mellom bustad/husvære og leikeplass. Arealet skal ha plass for bl a sandkasse, bord og benker for barn og vaksne, og det bør opparbeidast eit flatt område med fast dekke for sykling med trehjulssykkel. Leikeplassen skal ikkje ligge mot gate med gjennomgangstrafikk og må ha gode soltilhøve og ligge lunt til. Atkomsten til plassen skal vera mest mogeleg trafikksikker og ikkje i noko høve krysse samleveg/hovudveg. 

2. Nærleikeplass

For kvar husgruppe med 25-200 bustader skal det avsetjast plass til nærleikeplass. Arealet for denne skal vera minimum 2 da og ingen bustad skal ha lenger gangavstand enn 150 m fram til plassen. Nærleikeplassen bør ha variert terreow med større samanhangande flater, naturterreng, vegetasjon og plass til leikereiskap, og den må ha gode soltilhøve og ligge lunt til. Atkomsten til plassen skal vera mest mogeleg trafikksikker og ikkje i noko høve krysse samleveg/hovudveg. 

3. Ballplass

For kvar husgruppe med 150 - 600 bustader skal det avsetjast plass til ballplass. Arealet skal vera minst 2,5 da og ingen bustad skal ha lenger gangavstand enn 400 m fram til plassen. Det bør frå naturen si side vera mest mogeleg plant slik at ein kan unngå store masseinngrep. Området skal ha ei form som kan gje plass for ein bane på minimum 22 x 42 m. Banen må ikkje ligga så nær veg, bygningar m m at det kan føra til farlege konfliktar eller hindra fri utfalding. Atkomsten til plassen skal vera mest mogeleg trafikksikker. I tilknytning til banen kan det eventuelt innpassast nærleikeplass. 

4. Sentralt leikeområde/grendeleikeplass

For bustadområdet med 600 - 2.000 bustader skal det avsetjast plass for sentralt leikeområde. Dette skal ha eit areal på minimum 6 da og ligga lett tilgjengeleg for heile området. Det bør ha variert terreng for flest mogeleg leikeaktivitetar, slik som byggeleikeplass, plaskedam og akebakke.

Atkomsten til området skal vera mest mogeleg trafikksikker. Som del av eit sentralt leikeområde kan det eventuelt også innpassast nærleikeplass og/eller ballplass. 

5. Friområder m v

Friområder og friluftsområder som ikkje skal opparbeidast for spesiell bruk (ballplass, sandleikeplass o l) bør i størst mogeleg grad vernast, slik at dei kan nyttast som naturlege leike- og opphaldsområder.

Tilsvarande skal områder som blir omforma gjennom utbygginga, f eks skjæring og fylling, massedeponering o l gis ei tiltalande utforming. 

6. Andre tilhøve

Gjennom utforminga, t d ved materialbruk, fargekontraster m m, skal det leggjast vekt på at også funksjonshemma skal kunna nytte leikeplassane.

Leikeplassar bør ikkje plasserast i områder med høgare støynivå enn 50 dB (A). 

7. Opparbeidingsplanar

Opparbeidingsplanar for områda nemnde ovafor skal utarbeidast og behandlast som del av planane for dei øvrige tekniske anlegga for bustadfeltet som gjeld veg-, vatn- og kloakkanlegg o l. 

8. Opparbeiding

Ved utbygging av nye bustadområder bør opparbeiding av dei ulike leikeområda/friområda skje samtidig med dei øvrige tekniske anlegga og kunne tas i bruk når innflyttinga i bustadene tar til.

Eventuelt skal det avsetjast tilstrekkelege midler basert på konkret kostnadsoverslag til seinare opparbeiding. 

9. Etappevis planlegging/utbygging

I områder kor det blir så stort bustadtal som nemnt i pkt 1-4, men kor desse ikkje blir utbygd samla, avgjer bygningsrådet kor leikeplassane skal innpassast.

Samstundes vert oppheva forskrift om vedtekt til § 69 nr. 3 gjeven til bygningslova av 1965, stadfesta 28. mars 1967.

(II 1989 245)

23. mai 1989 nr. 426
Til § 69 nr. 4.

I medhald av §§ 3 og 4 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 har Time kommunestyre 23. mai 1989 vedtatt følgande vedtekt til § 69 nr. 4 i same lov:

1. Parkeringssoner

Time kommune skal inndelast i 2 parkeringssoner 

Sone 1: Bryne sentrum:

er definert som området avgrensa av ny Rv 44, kommunegrensa, Tinghaugvegen, Brynevegen, Vardheivegen, jernbanen, Roslandsåna, Frøylandsvatnet, grense mellom gnr. 2 bnr. 596/gnr. 2 bnr. 43 og gnr. 2 bnr. 7 og 159, Arne Garborgs veg, Biskop Hognestads gate, Pastellvegen, grense mellom gnr. 2 bnr. 101/gnr. 2 bnr. 391, Industrivegen, Jernbanegata, grense mellom gnr. 1 bnr. 467/gnr. 1 bnr. 585 og gnr. 1 bnr. 86, Hognestadvegen, Torkel Maulands veg, ei rett linje mellom kryss Torkel Maulands veg/Parkvegen og kryss Sveinsvollvegen/Ole Tjøttas veg, Sveinsvollvegen, Reevegen og Elvegata. (Jfr. kart datert 18. juli 1988). 

Sone 2: Resten av kommunen 

er definert som resten av kommunen unnateke sone 1, Bryne sentrum.

2. Parkeringsnorm 

Sone 1: Bryne sentrum 

Det skal tilretteleggast 1,5 biloppstillingsplass pr. 100 m² brutto golvflate - eller den frikjøpssummen kommunestyret fastlegg. 

Sone 2: Resten av kommunen 

Tal parkerings-FellesIndivid
plassar pr.park.park.
1.Bustader
Familiehusvære> 80 m² eining2,02,0 + 0,5
Små husvære< 80 m² eining1,51,5 + 1,5
Hyblar< 30 m² eining1,01,0 + 0,5  
2.Forretningsbygg
(inkl. tilhøyrande
lager)  
Detaljhandel100 m² golvareal 2,5
Butikksenter100 m² golvareal 3,5
Kontor100 m² golvareal 1,5  
3.Industri, verkstad
(nkl. tilhøyrande
lager)100 m² golvareal 1,0  
4.Lager100 m² golvareal 0,5  
5.Hotell,
GjestgiveriGjesterom 0,7  
6.Restaurant
kafeteria100 m² golvareal 6,0  
7.forsamlingslokale
kino, kyrkjer100 m² golvareal10,0  
8.IdrettsanleggEining  
9.Undervisnings- Tilsett 0,3
institusjon,+ elev over 18 år 0,3
barnehage, skule  
10.Sjukeheim o.l.Tilsett 0,6  
11.Bensinstasjon
serviceretteEiningmin. 12,0
bare tankingEiningmin.  6,0  
12.GatekjøkkenEiningmin.  8,0
 

Skal det vurderast med omsyn til verksemdas art, storleik og plassering, og om parkeringsbehovet oppstår utanom vanleg arbeidstid og/eller at parkeringa kan dekkast på nærliggande offentleg parkeringsplass.

Endeleg parkeringskrav blir fastsett av bygningsrådet.

3. Frikjøp

a.Bygningsrådet kan godkjenna at det innafor sone 1 i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal blir innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg.
b.Frikjøpsordninga kan bare unntaksvis, og i særlege høve nyttast i sone 2.
c.Frikjøpssummen skal vera kr. 29.900,- pr. 1. januar 1988. Summen skal indeksregulerast pr. 1. januar kvart år på bakgrunn av Statistisk Sentralbyrås indeks for totale byggekostnader for bustadblokk pr. oktober føregåande år.
d.Dei som nyttar frikjøpsordninga får ikkje eksklusive rettar i parkeringsanlegget, men kan bruke anlegget på lik linje med andre brukarar.

4. Alment

a.Ved bruksendringar skal det tilretteleggast parkeringsplassar som ved nybygg. Jfr. plan- og bygningslovens § 69 nr. 5.
b.Som golvareal skal reknast brutto etasjetal, inkl. birom, kommunikasjonsareal, vegger etc.
c.Nødvendige laste- og losseplassar inngår ikkje i normkrava. Behovet for slike må vurderast konkret i kvart tilfelle.
d.I reguleringsplanar kan bygningsrådet fastsetja andre parkeringskrav enn dei som er gitt i normen. Parkeringskrav som er gitt i ein reguleringsplan gjeld framfor reglane i normen.
e.For frivillige lag og organisasjonar kan bygningsrådet vurdera eit lågare krav.

Vedtekten erstattar någjeldande vedtekt stadfesta av departementet 28. mai 1980.

(II 1989 122)

28. mars 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan kreve at nødvendig garasjeplass skal være sikret for eiendommens behov.

(I 1967 s 671)

28. mars 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, herunder også pelsdyrfarmer, anlegg, opplag og lagere av farlig eller sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1967 s 671).

22. jan. 1981
Til § 82.
1.For sportshytter, sommerhus, kolonihagehus o.l. bygninger, samt for tilhørende uthus skal foruten bygningslovens kap. III, IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde § 63, § 66 nr. 1, §§ 70, 71, 72, 73, § 74nr. 2, §§ 87, 89, 91, 93, 94, 97, 109 og kap. XV og XVI.
2.Når særlige grunner foreligger kan bygningsrådet gi despensasjon fra bestemmelsene ovenfor.

(II 1981 s 58)

23. mai 1989 nr. 427
Til § 91 A.

I medhald av §§ 3 og 4 i plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 har Time kommunestyre 23. mai 1989 vedtatt følgande vedtekt til § 91 A i same lov:

Bygningsrådet skal godkjenne

a)at bustad vert tatt i bruk eller omgjort til forretningslokale, herunder hotell eller anna herberge
b)riving av bygning som inneheld bustad, unntatt når bygningen
1.er ekspropriert av det offentlege
2.ligg innafor område som blir omfatta av stadfesta fornyingsvedtak og er kjøpt av kommunen eller andre, som med kommunestyrets samtykke skal stå for fornyinga.
c)samanslåing av bustad eller oppdeling av husværet til hyblar.

Ved avgjerd om godkjenning etter 1. ledd, bokstav a til c skal gis, skal det tas omsyn til ei forsvarleg utnytting av bustadmassen. Det kan stillast vilkår om at dei som bur i huset skaffast erstatningsbustad.

Før bygningsrådet godkjenner riving, skal saka leggast fram for kulturminnenemnda til uttale.

Dersom bustad er ombygd i strid med denne vedtekt, kan bygningsrådet påby at den blir sett i slik stand at den kan tene sitt opprinnelege formål.

(II 1989 124)

Til § 107 første ledd.

I heile kommunen gjeld at lysreklame, gavlreklame, uthengsskilt, reklamevimplar, automatar, reklame på støttemur eller innhegning, samt frittståande reklameskilt eller liknande innretning ikkje må setjast opp utan at bygningsrådet på førehand har godkjent dette.

Takreklame, dvs. reklameinnretning som heilt eller delvis stikk opp over gesims, er ikkje tillatt. Bygningsrådet kan likevel i særlege høve godkjenna mindre innretningar slik som vimplar ol over gesims.

Skilt og andre innretningar ut over fortau og annan offentleg grunn, samt frittståande reklameskilt eller liknande, må ikkje plasserast slik at dei kan hindra ferdselen, eller kan medføre fare for omgjevnaden på annan måte. Dei må ikkje vera plasserte slik at dei kjem i vegen for trafikkstolpar eller andre offentlege innretningar som elles blir sett opp.

Fri høgd under uthengsskilt må vera minst 2,20 m. Framspringet kan maksimalt vera 1,0 m, men aldri lenger enn at det mellom ytre kant av skiltet og ytre kant av fortau blir ein minste fri avstand på 0,5 m.

I bustadstrok er lysreklame og større reklamearrangement ikkje tillatt. Mindre reklame på forretningar som tenar stroket kan tillatast. Reklame som sjenerar bustader kan forbys.

Det skal leggast avgjerande vekt på å tilpasse skiltet til bygningen og bygningsmiljøet i området.

(II 1989 245)

22. juni 1989 nr. 690
Til § 117.

Time kommunestyre har 23. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 13. mai 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Rogaland har 22. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

a.I Time kommune kan arbeid eller tiltak etter §§ 84 og 93 i plan- og bygningsloven ikkje setjast i verk utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak som vesentleg kan vanskeleggjere planlegginga medrekna frådeling.
b.Samtykke til unntak frå plankravet kan gjevast av bygningsrådet med tilvising til plan- og bygningsloven, § 7 andre og tredje ledd, jfr. § 15.
c.Unntak frå plankravet vert elles gjeve til anlegg som vert fremja i medhald av godkjend plan etter vegloven av 21. juni 1963, § 12.
1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 211)