Vedtekter til bygningsloven for Tysnes kommune.

DatoFOR-0000-00-00-395
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-23-497
Endrer
Gjelder forTysnes kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Tysnes

Kapitteloversikt:

Endret 12. august 1985 nr. 1627, 11. september 1986 nr. 1885.

12. aug. 1985 nr. 1627.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan vedteke av kommunestyret 15. desember 1983, og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 12. august 1985.

II

Vedtekta gjeld heile kommunen, med unnatak for område der det føreligg stadfesta reguleringsplan.

III

Vedtektsområdet er vist på fylgjande kart i målestokk 1:5.000 og 1:20.000, datert 10. august 1983 og med Miljøverndepartementet si påteikning 12. august 1985. 

OversiktskartM=1:20.000

Soneplankart for VågeM=1:5.000

Soneplankart for UggdalM=1:5.000

Soneplankart for FlatråkerM=1:5.000

Soneplankart for OnarheimM=1:5.000

Soneplankart for ÅrbakkaM=1:5.000

Soneplankart for LundeM=1:5.000 

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde.

Arealbruk som vist på nemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areal som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

IV

Innafor dei område som er omtala under pkt. III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er føresett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unnatak frå vedtekta.

VI

Denne vedtekta trer i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 605)

11. mars 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1967 s 601)

27. nov. 1985 nr. 2151.
Til § 82.
1.Oppføring av hytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan berre skje i område der dette er tillate etter godkjent generalplan og berre i samsvar med reguleringsplan. Nemnde områder er vist på kart i målestokk 1:20.000 og er gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 27. november 1985.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slike føremål, samt vesentleg endring av slik bygning som nemnd t.d. påbygg.

2.For bygningar som nemnt i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV, og §§ 65 og 68, også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå føresegnene i denne vedtekt.
4.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Tysnes kommune, stadfesta 7. juli 1971, oppheva.

(II 1985 s 841)

11. sept. 1986 nr. 1885
Til § 117.

I Tysnes kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 ikkje setjast iverk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 81, 84, 86 a, 86 b og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som i vesentleg grad kan skapa vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå desse føresegnene.

(II 1986 s 630)

23. juni 1989 nr. 497
Til § 117.

Tysnes kommunestyre har 16. mars 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 11. september 1986 nr. 1885 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 23. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 150)