Vedtekter til bygningsloven for Ullensvang kommune.

DatoFOR-0000-00-00-399
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1976-12-03
Endrer
Gjelder forUllensvang kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ullensvang

Kapitteloversikt:

9. juli 1976
Til § 1 i lov av 21. des. 1956
1.Fråskiljinga av tidlegare Eidfjord kommune frå Ullensvang kommune i Hordaland fylke, som eigen heradskommune, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1.januar 1977.
2.Namnet på den fråskilde kommunen skal vera Eidfjord.
3.Kommunestyra i den nye Eidfjord kommune og i attverande Ullensvang kommune skal i perioden 1. januar 1977 - 31. desember 1979 ha i same følgd 17 og 25 medlemmer.

Valtinget vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert Eidfjord alt rekna som fråskild.

Manntalet vert førd av noverande manntalsførar i Ullensvang kommune, men særskilt for den nye Eidfjord og atterverande Ullensvang kommune. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyra fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Eidfjord kommune skal vera samansatt av eit formannskapsmedlem som bur i området, supplert med 4 representantar valde blant kommunestyremedlemmene frå dette område, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Ullensvang kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmenesom bur på dette området, og mantalsføraren.

Valstyra vel sjølv formann og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ullensvang.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så lang dei høver - følgjande unntak:

I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.

I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.

I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.

I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader for valgdagen.

I § 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.

4.Fylkesmannen i Hordaland kallar det nyvalde kommunestyret i den nye Eidfjord kommune inn til konstituerande møte snarast råd er etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra fråskiljinga av Eidfjord, ha myndes til å setje i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ullensvang kommune.
6.Budsjetta for den nye Eidfjord kommune og for attvernade Ullensvang kommune for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ullensvang kommune, skal framleis gjelda i den fråskilde Eidfjord kommune til nye allmenne vedtekter for denne kommunen er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 27 og 79 i domstollova, vert haldne i den nye Eidfjord kommune og i attverande Ullensvang kommune i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjonen trer i kraft straks.

(II 1976 s 203)

4. nov. 1967
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald til reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har fått hand om grunn til eller opparbeidd sams utkøyring, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen sine utloger.

Kommunen deler utlogene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første ledd i høve til nytteverdet for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og fordelinga foretakast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med at det er høve til dette og med høve til å prøve kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfell til betaling 3 månader etter at det er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det fastsetjast at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen overføra anlegget utan vederlag til eigarane av dei interesserte eigedomar, som vert sameigarar i same høve som er fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2 fyrste punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1967 s 1769)

27. aug. 1965
Til § 70.

Bygningsrådet kan tillata at mindre uthusbygningar, garasjar o.l. på ikkje over ei høgd og med grunnflate ikkje over 35 m² utan brannvegg vert plassert nærare nabogrensa enn 2 1/2 meter eller i nabogrensa. Vert arealet for fleire slike nabobygningar større enn 70 m², eller skal det gjevast plass for meir enn 4 bilar, må dei skiljast med lovleg brannvegg.

(I 1965 s 1393)

4. nov. 1967
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass for oppstilling av bil utanfor offentleg grunn.

4. nov. 1967
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1967 s 1769)

4. nov. 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova, kap. III og IV og i § 65 også gjelda §§ 66 nr. 2, 71, 74, 93 og 94, samt kap. XV og XVI.

(I 1967 s 1769)

3. des. 1976
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter, stadfesta reguleringsplan eller godkjendt fjell-/strandplan ligg føre, er det i kommunen ikkje tillate å frådela tomt eller føra opp hytter, sommarhus, kolonihagehys o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, eller tilhøyrande uthus m.v.
2.Etter at generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre, kan frådeling av tomt for eller oppføring av bygningar som nemnd under nr. 1 berre skje etter stadfesta reguleringsplan, godkjend fjell-/strandplan eller disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter forslag frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan.
3.Bygningsrådet kan, etter fråsegn frå generalplannemnda, gjere unntak for einskildhytter når særlege grunnar talar for det.
4.For bygningar som nemnde under nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og 109 og kap. XV og XVI.
5.For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal også § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelda. Etter at kommunen har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om ei samling av hytter er av slik storleik at det er hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.
6.Bygningsrådet kan utferda nærmare reglar for hyttebygging i kommunen.

(II 1976 s 444)