Vedtekter til bygningsloven for Ulstein kommune.

DatoFOR-0000-00-00-400
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2010-12-16-1688 fra 23.01.2011
Endrer
Gjelder forUlstein kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ulstein

Kapitteloversikt:

Endret ved forskrifter 3 sep 1986 nr. 1830, 30 juni 1989 nr. 712, 30 nov 2006 nr. 1540, 16 des 2010 nr. 1688 (i kraft 23 jan 2011).

18. april 1979
Til § 21.

I. Denne generalplanvedtekta gjeld for heile Ulstein kommune, med unnatak av dei områda som er omfatta av fylgjande reguleringsplanar:

1.Reg.plan Felt H, stadfest 24. april 1978
2.Ulsteinvik sentrum, stadfest 15. januar 1973
3.Saunes Nedre, stadfest 9. desember 1974
4.Osnes Del I og II, stadfest 30. juni 1977
5.Osnes utmark, stadfest 30. august 1971
6.Hofset, Høddvoll og Holseker, stadfest 12. mai 1975
7.Vollane, stadfest 7. august 1967
8.Alvehaugen, stadfest 17. juni 1975
9.Skuleområdet, Ulsteinvik, stadfest 23. september 1969
10.Krushammarvegen, Sjøgata, stadfest 10. mai 1977
11.Skeide, stadfest 21. juni 1982
12.Ulsteinstranda Sør og Nord, stadfest 25. oktober 1976
13.Sundgotmarka, stadfest 4. august 1975
14.Skjerva, stadfest 6. juli 1971
15.Solsida i Haddal, stadfest 14. august 1972
16.Einhaugen, Haddal, stadfest 18. september 1973
17.Øyra - Skylsteinen - Holmane, Haddal, stadfest 25. september 1975
18.Reiten, Ulsteinvik, stadfest 2. januar 1980
19.Osnessanden - Oshaugen, stadfest 8. januar 1979
20.Osnesbakkane, stadfest 30. oktober 1980
21.Saunes, stadfest 22. august 1979
22.Hofsetmarka aust, stadfest 26. mars 1979
23.Saunesmarka, stadfest 23. mars 1979
24.Leitet - Garshol, stadfest 28. september 1983
25.Solsida II, Haddal, stadfest 16. februar 1979
26.Håheimsvågen Nordre, stadfest 19. februar 1979

og reguleringsplanar stadfesta i tida frå 1. januar 1984 og fram til datoen for stadfesting av denne generalplanvedtekta.

II. Dei areala der vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg og heller ikkje takast i bruk på ein annan måtet som i vesentleg grad vil kunne vanskeleggjere planlegging og gjennomføring av planen. Det er såleis forbode å ta i bruk grunnen til nye bygge- og anleggsarbeid som ikkje har direkte tilknytning til eksisterande arealbruk.

III. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet etter at generalplanutvalet har uttalt seg, gjere unntak frå vedtekta.

IV. Denne vedtekta tek til å gjelda straks og den står ved lag inntil 5 år frå stadfestingsdatoen.

Miljøverndepartementet har 2. april 1984 forlengja tida ovannemnde vedtekt gjeld for med inntil 5 år fram til 18. april 1989.

(II 1979 s 179, II 1984 s 223)

7. okt. 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan setja forbod mot at tomt i regulert strøk vert fråskilt før den har tilkomst og kloakksamband som nevnt i § 67.

(I 1966 s 1560)

7. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk bør berre byggast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjend veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomsten sin. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagd og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.Hovedkloakk, under dette tilfelle også særskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Ein kan ikkje krevje at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykkje av helserådet godta kloakksambinding til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gi reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagd av grunneigar (festar), skal haldast ved like av kommunen frå det tidspunktet anlegget er ferdig og godkjent, og tilkjem då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

Opparbeiding av gate og/eller nedlegging av kloakk som vert utført av private, må skje etter dei føresegner som gjeld for kommunen.

Etter at bygningsrådet har hatt høve til å uttale seg, kan formannskapet etter søknad gi utsetjing med opparbeidingar. Tomteeigaren må då med tinglyst fråsegn forplikte seg til å utføre arbeidet med gate og kloakk når kommunen krev det.

(I 1966 s 1560)

30. november 2006 nr. 1540
Til § 69 nr. 3.

Generelt

1.I regulerings- og utbyggingsplanar skal det gjerast greie for dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekt på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal må visast.

Biloppstillingsplassar:

2.På eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter skal det sikrast areal for følgjande tal på biloppstillingsplassar:
a.Einebustader, tomannsbustader og rekkjehus skal ha dekning for 2 biloppstillingslpassar pr. bueining. Det skal visast høve til å ha minst 1 av desse plassane overdekt.
b.Bustader elles ( i terrassehus, blokker, bygg med fleire mindre husvære og husvære i forretnings- / kontorbygg) skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1,5 bil pr. bueining.

For hybelbygg er kravet 1 biloppstillingsplass pr. hybeleining.

For husvære skal minst 1 biloppstillingsplass vere i garasje innanfor ein avstand på 100 m frå bygningen.

c.Forretnings-/kontorbygg skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. 40 m² bruksareal (BRA). I tillegg til dette kjem areal til inn- og utkøyring og naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar. Bruksareal for tekniske rom som t.d. ventilasjonsrom, heis- og heismaskinrom, fyrrom o.l. skal ikkje reknast med i arealgrunnlaget. Garasjeareal skal heller ikkje reknast med i grunnlaget.
d.Industri- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 50 m² bruksareal BRA. For bilverkstader og servicestasjonar er kravet 3 biloppstillingsplassar pr. 100 m² bruksareal BRA. I tillegg til dette kjem areal til inn- og utkøyring og naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar, jf. elles unntak under c.
e.Hotell skal ha oppstillingsplass for 0,7 bilar pr. rom og i tillegg 0,3 bilar pr. tilsett.
f.Restaurantar, kaféar o.l. skal ha oppstillingsplass for 0,2 bilar pr. sitjeplass.
g.Skular og barnehagar skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. tilsett. I tillegg skal vidaregåande skular ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 10 elevar, grunnskule skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 20 elevar og barnehagar skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 10 barn.
h.Sjukeheimar og omsorgsbustader skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. sengeplass.
i.Forsamlingslokale som t.d. kyrkjer, bedehus, ungdomshus/grendahus, teater og kino, skal ha biloppstillingsplassar fastsett etter skjønn. Kravet skal likevel vere minst 1 biloppstillingsplass pr. 5 sitjeplassar.
j.For andre bygningar og anlegg skal talet på biloppstillingsplassar fastsetjast etter skjønn.

Ombygging/bruksendring m.m.

3.For tilbygg/påbygg gjeld kravet i punkt 2 for dei deler av bygningar som arbeidet omfattar. Hovudombygging og bruksendring gjev krav om biloppstillingsplassar i samsvar med punkt 2.

(II 2006 hefte 5)

30. november 2006 nr. 1540
Til § 69 nr. 4

Frikjøp av parkeringsplassar:

1.Kommunen kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal vert innbetalt eit beløp pr. manglande plass for bygging av offentlege parkeringsanlegg. Kommunen kan krevje at tiltakshavar inngår avtale om betaling av nærare utrekna beløp før igangsetjingsløyve vert gjeve. Avtalen skal kunne tinglysast på eigedomen.

Endeleg innbetaling av fastsett/avtalt beløp skal gjerast seinast når bygget/anlegget vert teke i bruk.

2.Beløp pr. manglande parkeringsplass er fastsett til kr 250.000,-. Denne summen vert deretter regulert kvart år pr. 1. januar (første regulering 1. januar 2008) i takt med endringa i Statistisk sentralbyrå sin byggekostnadsindeks.

(II 2006 hefte 5)

0Endret ved forskrift 16 des 2010 nr. 1688 (i kraft 23 jan 2011).
7. okt. 1966
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at turvande garasjeplass skal vere sikra, etter trongen til kvar eigedom.

(I 1966 s 1560)

7. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av farlig eller særs sjenerande art, vert lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1560)

7. okt. 1966
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal utanom føresegnene i bygningslova kapitel III og IV og i § 65, også gjelda §§ 68, 71, 74 nr. 2, 77, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94 nr. 1-2 samt kap. XV og XVI.

(I 1966 s 1560)

7. okt. 1966
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, o.l. bygningar som berre er tiltenkt å bo i i kortare tidsrom, og uthus som høyrer til, kan berre plasserast og oppførast i område der det vert godkjend slik disposisjonsplan som nemnt nedanfor.

Bygging av hytter o.l. kan berre gjerast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen. Bygningsrådet kan gjera unntak frå denne føresegna.

2.For bygningar som er nemnde under nr. 1, skal utanom bygningslova sine kapitel III, IV og § 65 også gjelde §§ 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93 og 94, samt kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferde nærare reglar om hyttebygging.

(I 1966 s 1560)

Delegasjon av byggesakshandsaming.

Byggesaker som vert sende inn til bygningsrådet, og som i alle høve er i samsvar med gjeldande lover, føresegner og vedtekter, kan når det gjeld mindre saker handsamast og avgjerast av bygningssjefen, jfr. §§ 93 og 94.

Kunngjering om avgjerda skal refererast på første møte i bygningsrådet. Vidare vert overdrege til bygningssjefen det mynde bygningsrådet har etter bygningslova §§ 12 nr. 4, 62, 63, 64, 68, 74 nr. 1, 80, 84, 85, 87, 89, 90, 97, 98, 99, 100, 101, 102, 103, 107 og 113, sameleis byggeforskriftene kap. 14:11, 14:14, 14:16, 14:41, 22:10, 26:12, 26:13, 31:23, 33:5, 34:14, 34:23, 38:34, 38:6, 41, 42:2, 44:12, 45:21, 46:226, 49:121, 49:124, 49:126, 49:129, 49:232, 49:24, 49:253, 49:254, 49:284, 49:355, 54:32, 55:452, 55:462, 55:512.

Bygningssjefen kan om han ønskjer det også legge saker innanfor sitt myndeområde fram for bygningsrådet til avgjerd.

(II 1979 s 256)

3. september 1986 nr. 1828.
Til § 117.

I Ulstein kommune, med unntak av område i reguleringsplan stadfesta etter 1. januar 1967, kan det i 3 år frå iverksetjing av lov nr. 77 - plan- og bygningslov av 14. juni 1985 med endring ved lov av 20. juni 1986 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som er nemnde i §§ 81, 84, 86 a, 86 b og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan etter veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 610)

30. juni 1989 nr. 712.
Til § 117.

Ulstein kommunestyre har 1. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 3. september 1986 nr. 1828 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990.

(II 1989 220)