Vedtekter til bygningsloven for Ulvik kommune.

DatoFOR-0000-00-00-401
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-31-762
Endrer
Gjelder forUlvik kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ulvik

Kapitteloversikt:

Endret 17. september 1985 nr. 1746, 31. juli 1989 nr. 762.

13. aug. 1985 nr. 1632.
Til § 21 fyrste ledd bokstav a.

I

Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Ulvik herad vedtatt av Ulvik heradstyre 27. oktober 1984 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 13. august 1985.

II

Vedtekta omfattar heile kommunen, med unntak for områder der det ligg føre reguleringsplanar etter 17. mars 1967.

III

Vedtektsområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000 dagsett 1. april 1980 og 1:5.000 over Ulvik sentrum, dagsett 4. april 1980, over Osa, dagsett 1. mai 1980 og over Finse, dagsett 5. mai 1979 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning 13. august 1985.

1.Byggjeområder.

Detaljert arealutnytting er vist på kart i målestokk 1:5.000 over Ulvik sentrum, dagsett 4. april 1980, over Osa, dagsett 1. mai 1980 og over Finse, dagsett 5. mai 1979 og gitt Miljøverndepartementet si påteikning.

2.Jord-, skog- og naturområder.

Desse omfattar dei areal i kommunen som ikkje er avgrensa for føremål nemnt under pkt. 1.

IV

Innanfor de områder som er nemnt under pkt. III kan grunn ikkje nyttast til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnytting som er forutsett i generalplanen.

V

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet treffer sitt vedtak, skal rådet leggja saka fram for formannskapet til uttale.

VI

Denne vedtekta trer i verk straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 610)

17. jan. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har atkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsatt i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1968 s 197)

17. jan. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 197)

17. sept. 1985 nr. 1746.
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan berre skje i dei områda som er sett av til område for hyttebygg, og berre etter reguleringsplan. Områda er vist på kart i målestokk 1:50.000 datert 27. juni 1984 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 17. september 1985.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål samt vesentleg endring av slik bygning (t.d. tilbygg).

2.For bygningar som nemnd i nr. 1 skal forutan føresegnene i bygningslova kap. III og IV og §§ 65 og 68 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Når serlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene i denne vedtekt.
4.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Ulvik kommune, stadfesta 17. juli 1974, oppheva.

(II 1985 s 665)

31. juli 1989 nr. 762.
Til § 117.

Ulvik kommunestyre har 29. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 8. oktober 1987 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Ulvik kommune kan det, fram til 1. juli 1991, ikkje settast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i Plan- og bygningslova §§ 84 og 93, utan samtykke frå bygningsrådet, før det aktuelle området inngår i hovudplanen for heile eller delar av heradet eller i reguleringsplan. Det same gjeld frådeling eller andre tiltak som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 240)