Vedtekter til bygningsloven for Vaksdal kommune.

DatoFOR-0000-00-00-404
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1999-12-13-1415
Endrer
Gjelder forVaksdal kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Vaksdal

Kapitteloversikt:

Endret 22. juli 1985 nr. 1038, 31. juli 1989 nr. 763, 13 des 1999 nr. 1415.

9. mai 1985 nr. 1038.
Til § 21, første ledd, bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplan for Vaksdal kommune, vedteke av Vaksdal kommunestyre 17. november 1983, og slik han er godkjend av Miljøverndepartementet 9. mai 1985.

II. Vedtekta gjeld for heile Vaksdal kommune, med unntak for område der det ligg føre reguleringsplan eller disposisjonsplan godkjend av fylkesmannen.

III. Vedtektsområdet og arealbruken er vist på fylgjande kart i målestokk 1:5.000 og 1:50.000, datert 28. desember 1982, og gjevne Miljøverndepartementet si påteikning 9. mai 1985. 

Oversynskart        M = 1:50.000 (6390-1)

Soneplan for Vaksdal    M = 1: 5.000 (6390-2)

Soneplan for Stanghelle  M = 1: 5.000 (6390-3)

Soneplan for Dale     M = 1: 5.000 (6390-4)

Soneplan for Bergsdalen  M = 1: 5.000 (6390-5.1 og 5.2)

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde

Arealbruk som vist på nemnde soneplankart.

2.Jord-, skog- og naturområde

Desse omfattar dei areal som ikkje er avgrensa for føremål som nemnd under pkt. 1.

IV. Innafor dei områda som denne vedtekta gjeld for, og som er nemnde under pkt. II og III kan grunnen ikkje nyttast til føremål som i vesentleg grad vil gjere vanskelig den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta. Før bygningsrådet treff sitt vedtak, skal det legge saka fram for generalplanutvalet til fråsegn.

VI. Denne vedtekta trår i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1985 s 303)

24. sept. 1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna samt areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarne) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundere kommunen utlegga han har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarne (festarane) av eigedomar som nemnt i første ledd i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarne (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1968 s 1172)

24. sept. 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk blir skilt ut før den har åtkome og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 1172)

24. sept. 1968
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta den har åtkome. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag.

Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkej er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1968 s 1172)

24. sept. 1968
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevja at det for kvar eigedom vert sikra naudsynt garasjeplass eller plass til oppstilling av bil utanfor offentleg veggrunn.

(I 1968 s 1172)

24. sept. 1968
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1968 s 1172)

22. juli 1985 nr. 1512.
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus og liknande bygningar som berre skal nyttast til å bu i for kortare tidsrom, og uthus som høyrer til, kan berre førast opp i område som er avsett til dette i godkjent generalplan og berre på grunnlag av reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomter til slikt føremål.

2.I kommunen er det ikkje tillate å føre opp bygning som nemnt i nr. 1 nærare vassdrag enn 50 m målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg flomvasstand.
3.Unnteke frå forbodet i nr. 1 er område der det ligg føre disposisjonsplan godkjent før 1. januar 1980.
4.For bygningar som nemnde i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III og IV og §§ 65 og 68 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar skal § 66 nr. 2 og § 75 i bygningslova gjelde.

5.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjera unntak frå forskriftene i denne vedtekta.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Vaksdal kommune, stadfesta 11. januar 1980, oppheva.

(II 1985 s 537)

6. aug. 1981
Til § 85.

Oppstilling av campingvogner, også for kortere tid enn 3 månader, er berre tillete på område som er godkjent for føremålet av bygningsrådet.

Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner etter bygningsrådet sitt skjøn, ikkje vil vera til vesentleg ulempe for miljøet omkring og heller ikkje skjemma området i nemnande grad.

Bygningsrådet kan setja vilkår for godkjenninga og også gjera den tidsavgrensa.

Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende.

Når det gjeld oppstilling på stader der ein kan rekna med ulemper for jord- eller skogbruksinteresser, skal dei einskilde saker føreleggjast landbruksnemnda til uttale før bygningsrådet tek avgjerd.

Denne vedtekta gjeld ikkje oppstilling av ei einskild campingvogn, jfr. likevel bygningslova § 104.

(II 1981 s 535)

13. desember 1999 nr. 1415.
Til § 107.
1. Vedtekter for skilt og reklameinnretningar for Dale sentrum
1.1 I Dale sentrum vert det ikkje tillete frittståande reklameinnretningar som ikkje er tilpassa gatebiletet.
2. Formingskriteriar
2.1 Skiltinga skal passast inn i eit samla gatebilete. Føresetnaden for at dette skal finna stad, er at ein set opp felles retningsliner som skal vera styrande og samlande for sentrum.

Fasade og uthengsskilt skal plasserast som avslutning av 1. etasje. Skilta skal danna eit belte/ei line, som er med på å markera ein samanheng i butikknivået i gata. Det vert for kvar bygning fastsett eit øvre og eit nedre nivå for plassering av fasade- og uthengsskilt.

Størrelsen på fasadeskilta skal vera ei maks høgd på 0,5 m. Uthengsskilt skal ha ei maks breidde og lengde på 0,5 m.

Skiltfargar må tilpassast bygningen sine fargar, dette vil seia at ein må ta omsyn til bygningens framtidige fargeval som skal liggja innanfor dei normer som er oppsett i farge-vedtektene for Dale sentrum.

Fasadeskilta skal i størst mogeleg grad bestå av enkeltbokstavar eller sjablong-malte bokstavar. Den utformingstypen som etter kommunens skjønn passar best på den einskilde bygning skal veljast.

Skiltinga sitt formuttrykk skal vurderast i forhold til bygningens karakter og historiske samanheng.

Uthengsskilt skal festast til ein metallarm. Skiltet skal vera utført som metall-/treplate.

Uthengskilta skal plasserast med ein minste avstand frå bakken på 2,5 m.

Skilta skal ikkje ha lyskjelde, dei kan belysast av passande lyskjelde.

3. Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.m.

Dersom det ikkje er gjeve løyve for oppsetting av eit skilt, kan kommunen gje pålegg om å endra eller fjerna ei skilt- eller reklameinnretning som etter kommunens skjønn er skjemmande i seg sjølv eller i forhold til omgjevnadane. Det same gjeld for innretninger som er til fare eller stengjer sikt eller ferdsle eller verkar sjenerande.

4. Ikraftsetjing

Vedtekta trer i kraft ved kunngjeringa.

(II 1999 622)

31. juli 1989 nr. 763.
Til § 117.

Vaksdal kommunestyre har 21. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 1. oktober 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Hordaland har 31. juli 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

I Vaksdal kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 med endring av 20. juni 1985 ikkje settjast i verk arbeid eller tiltak nemnde i §§ 81, 84, 86a, 86b og 93, samt frådeling til slike føremål, utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplanen. Det samme gjeld for andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa vanskar for planlegginga.

Anlegg som er fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 241)