Vedtekter til bygningsloven for Valle kommune

DatoFOR-0000-00-00-405
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-05-20-1189
Endrer
Gjelder forValle kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Valle

Kapitteloversikt:

30. des. 1980
Til § 21, 1. ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekt knytter seg til generalplan for del av Valle kommune, vedteken av Valle kommunestyre den 4. april 1979 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet i dag.

II. Vedtekta gjeld for dei areala i Valle kommune som etter generalplanen skal nyttast som jord-, skog- og naturområde, og som er omtalt under pkt. III nedafor. Unntekne frå vedtekta er dei områda der det ligg føre godkjend disposisjonsplan etter vedtekt til § 82 i bygningslova.

III. Dei områda der vedtekta gjeld, er vist på vedlagte kart i målestav 1:50.000, datert desember 1976. Karta er gitt påteikning av Miljøverndepartementet, datert i dag. Områda har fylgjande grenseavtale:

Vestheia:

Frå Voilenuten i nord i grensa til Bykle kommune i bei line søraust mot trig.pkt. 1376 like aust for Skammevarden, vidare i bei line søraustleg retning til trig.pkt. 1383 like sør for Simlegjeddin, vidare i austleg retning til Dravleskorv, trig.pkt. 1390, vidare i sørleg retning til Storvarnuten, trig.pkt. 1377, vidare i sørvestleg retning til høgdepunkt 1261 aust for Krokkevatn, vidare i sørvestleg retning til høgdepunkt 1220 like sør for Merakkevatnet, vidare i sørleg retning til trig.punkt 1179, vidare i sørvestleg retning til trig.pkt. 1119, like nord for Videva, vidare i sørleg retning til Øyetjønnsnuten, trig.pkt. 1060, vidare i søraustleg retning til trig.pkt. 1089, Søtebekkheii, vidare i austleg retning til Veirehovudet, trig.pkt. 1018, vidare i søraustleg retning til Fagrevassnuten, trig.pkt. 1040 i grense til Bygland kommune, vidare i vestleg retning i grensa mot Bygland kommune, til fylkesgrense mot Vest-Agder og Sirdal kommune, vidare i nordleg retning i grensa til Sirdal kommune til grensa mot Bykle kommune ved Lisle Auråvatnet, vidare i austleg retning i grensa mot Bykle attende til utgangspunktet Voilenuten.

Aust-Heia

Frå fylkesgrensa mot Telemark ved Rv-45 i bei line i sørvestleg retning til Kladheimsheii, trig.pkt. 1246, vidare i nordvestleg retning til høgdepkt. 1152 sør for austenden av Bjørnevatn, vidare i nordvestleg retning til Strondenuten, høgdepkt. 1116, vidare i sørvestleg retning til Bermålåsen høgdepkt. 1033, vidare i sørvestleg retning til Revtjønnsnapen, høgde 999, vidare i søraustleg retning til Undemigtjønn, høgdepkt. 918, vidare i søraustleg retning til Løyningsheii, høgdepkt. 1090, vidare i sørleg retning til Glotteheii, høgdepkt. 1059, vidare i sørvestleg retning til Nørstestøylsfjøddet, høgdepkt. 1043, vidare i søraustleg retning til Kleiv, høgdepkt. 1039, vidare i søraustleg retning til høgdepkt. 1148 nord for Djupeskor, vidare i sørleg retning til Pressvassnuten, høgdepkt. 1153, vidare i sørvestleg retning til Valefjødd, høgdepkt. 1165, vidare i søraustleg retning til Stavedalsheii, høgdepkt. 1176, vidare i sørvestleg retning til Luseskardheii, høgdepkt. 1137, vidare i søraustleg retning til Vasslandsnuten, høgdepkt. 1161, vidare i søraustleg retning til høgdepkt. 939, aust for Kvæveheii, vidare i søraustleg retning til høgdepkt. 909 sør for Kvæveheii, vidare i søraustleg retning til høgdepkt. 800 ved Hovatn, vidare i sørvestleg retning til høgdepkt. 821 nord for Maurdalstjønni, vidare i sørleg retning til Åsvassnuten i grensa mot Bygland kommune, vidare i austleg retning i grensa mot Bygland kommune til Mjåvassnipa i grensa mot Telemark fylke, vidare i nordleg retning i fylkesgrensa mot Telemark, Fyresdal og Tokke komunar, attende til utgangspunktet ved Rv-45 aust for Bjørnevatn.

IV. Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld som omtala under pkt. II og III kan grunn ikkje takast i bruk til føremål som i vesentleg grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er føresett i generalplanen.

Innafor dei områda som i generalplanen er føresett nytta som jord-, skog- og naturområde er det såleis forbode å setje i gang byggje- eller anleggsarbeid som ikkje har direkte tilknyting til tradisjonelt jordbruk, skogbruk, jakt og fiske.

V. Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta trer i kraft straks, og gjeld i inntil 10 år fra stadfestinga.

30. des. 1980
Til § 21, pkt. 2.

I. Denne generalplanvedtekta gjeld for heile Valle kommune med unntak av dei områda som er omfatta av godkjend reguleringsplan for Valle kommune, med tilhøyrande generalplanvedtekt. Avgrensinga mot desse områda er vist på kart i målestad 1:50.000, dagsett desember 1976 og gitt påteikning av Miljøverndepartementet datert i dag. Likeeins er område der det ligg føre stadfesta reguleringsplanar eller godkjend disposisjonsplan etter vedtekt til § 82 i bygningslova, unnatekne frå generalplanvedtekta.

II. Dei områda der denne vedtekta gjeld, kan ikkje nyttast på annan måte enn vanleg der arealet gjeld, og dei kan heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeliggjera planlegginga og gjennomføringa av planen. Det er såleis forbode å taka i bruk grunn til nye byggje- og anleggsarbeid som ikkje har direkte tilknytnad til tidhøveleg jordbruk, skogbruk og tradisjonell utnytting av jakt- og fiskerettar.

III. Når særlege grunnar talar for det, kan bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.

Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

19. juni 1981
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sumarhus, kolonihagehus o.l bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, og tilhøyrande uthus, og frådeling og bortfesting av tomter til dette føremål, kan berre skje i område som er sett av til dette føremålet i godkjend generalplan og etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.
2.Bygningar som nemnt i nr. 1 kan ikkje oppførast nærare vassdrag enn 100 m rekna i horisontalplanet ved middels vasstand.
3.For dei bygningar som er nemnde under nr. 1 skal bygningslova kap. III og IV og § 65 første ledd og § 68 også gjelde § 66 nr. 1, § 69, § 74 nr. 2, §§ 87, 89, 91, 93, 94, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender og hyttekonsentrasjonar skal § 66 nr. 2 gjelde. Etter at kommunestyret har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tilfelle tvil om det er så stor samling av hytter at det er hyttegrend eller hyttekonsetrasjon etter denne vedtekt.

4.Når særlege grunner ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå føresegnene ovanfor.

(II 1981 s 452)

24. juli 1980
Til § 85.

Oppstilling av campingvogner, telt o.l., også for kortere tid enn 3 måneder, er berre tillatt på områder som er godkjent for føremålet av bygningsrådet. Godkjenning kan berre gjevast når oppstilling av campingvogner, telt o.l. etter bygningsrådet sitt skjønn ikkje hindrar den allmenne ferdsel og ikkje fører til vesentlege ulemper for omgivnaden. Bygningsrådet kan settje vilkår for godkjenninga og også gjere den tidsavgrensa. Godkjenninga kan når som helst trekkjast attende.

Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

Denne vedtekt gjeld ikkje oppstilling av campingvogner, telt o.l. på gårdsplass eller bebygd hustomt, jfr. likevel § 104 i bygningslova, og heller ikkje for telt som kan bærast over lengre strekningar.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1980 s 627)

20. mai 1986 nr. 1189.
Til § 117.

I Valle kommune kan det, i 3 år frå iverksetjing av nemnde lov nr. 77, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 i den same lova utan bygningsrådet si godkjenning før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planleggjinga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 392)