Vedtekter til bygningsloven for Vanylven kommune.

DatoFOR-0000-00-00-408
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-713
Endrer
Gjelder forVanylven kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Vanylven

Kapitteloversikt:

Endret 3. juli 1986 nr. 1943, 30. juni 1989 nr. 713.

2. mars 1972
Til § 10.

Bygningsrådet skal ha 7 medlemmer med varamenn som veljast av kommunestyret.

(I 1972 s 291)

23. juli 1974
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 pkt. f) heilt eller delvis har tilegna seg grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass, eller anna felles areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomane som får nytte av anlegget, refundere kommunen sine utgifter.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomane som nemnt i første ledd, i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og delinga gjerast ved skjønn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med dette og med retten til å få prøvt kommunen si avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For kvar eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det gjerast vedtak om at betaling heilt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjonssummen er endeleg fastsett, skal kommunen utan vederlag overføre anlegget til eigarane av dei interesserte eigedomane. Disse vert då sameigarar i same forhold som fastsett for refusjonen.
3.Føresegnene i § 46 nr. 2 første pkt. gjeld tilsvarande.

(II 1974 s 176)

23. juli 1974
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert område vert frådelt før den har slik tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(II 1974 s 176)

23. juli 1974
Til § 67.

Tomt i regulert område kan berre byggast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomsten sin. Det kan ikkje krevjast at veggrunn vert utlagt og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1 første ledd, og
b.hovudkloakk, under dette tilfelle også særskilt overvassledning, fører til og langs eller over tomta. Ein kan ikkje krevja at det vert lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovudkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd etter første ledd a.

(II 1974 s 176)

3. juli 1986
Til § 117.

Vedteke av Vanylven kommunestyre 3. juli 1986 med heimel i § 117 i lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985.

Vanylven kommunestyre har 3. juli 1986 gjort vedtak om at det i Vanylven kommune i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i same lova §§ 84 og 93, utan etter samtykkje frå bygningsrådet, før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld for andre tiltak, herunder frådeling, som vesentleg kan vanskeleggjera planlegginga.

(II 1986 s 646)

30. juni 1989 nr. 713.
Til § 117.

Vanylven kommunestyre har 8. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 31. oktober 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 220)