Vedtekter til bygningsloven for Bremanger kommune.

DatoFOR-0000-00-00-41
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-07-20-736
Endrer
Gjelder forBremanger kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Bremanger

Kapitteloversikt:

Endret 3. juli 1986 nr. 1741, 20. juli 1989 nr. 736.

17. okt. 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1, punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeid opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga han har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første ledd i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen. ø
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 1639)

17. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har åtkome. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første leddet, og
b.hovedkloakk, heri tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1639)

17. okt. 1966
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal det gjerast reie for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet er dekka for slike anlegg på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Fyresegner om leikeplassar for barn i samband med byggeplanar og reguleringsplanar for bustadar.

1.Barnehagar og dagheimar går ein ut frå blir plassert sentralt i bustadområde med 1000 boligar eller meir.
2.Sentrale leikefelt går ein ut frå blir lagt i bustadområde med 600 bustader eller meir. Fråstand til leikefelt bør ikkje vera meir enn 400 m. Feltet bør vera 6 til 7 mål, ha variert terreng og gje moglegheiter for verksemd som ikkje kan passast inn i mindre leikeplassar, som byggeleikeplass, plaskedam, akebakkar, toaletter og leskur.
3.Ballfelt for større barn går ein ut frå blir lagt for minst kvar 600 bustader. Det bør ikkje liggja meir enn 400 m fra bustad og vera opp til 6 mål med grasplen og asfaltdekke.
4.Kvartalsleikeplass for litt større barn bør leggjast for minst kvar 200 bustadar. Den bør ikkje leggja meir enn 150 m frå bustad og vera opp til 2 mål. Plassen bør vera asfaltert og ha leikereiskap, sandkasse og bord med benker, og kan setjast av på bustadstomt eller som fellesareal for fleire tomter med frå 25 husvære og meir.
5.Sandleikeplass for småbarn bør leggjast for mindre bustadgruper og minst for kvar 25 bustadar. Den bør vera opp til 100 m² med godt solljos, og med sandkasse, bord, benker for barn og vaksne. Plass kan setjast av på bustadtomt eller som fellesareal for fleire tomter med frå 4 bustadar og meir.
6.I områder der det er regulert så stor mengd bustadar som nemnt under pkt. 1 til 5, men der desse ikkje blir bygt samla, avgjer bygningsrådet når anlegget av leikeplassar m.m. skal gjennomførast.

(I 1966 s 1639)

14. juli 1967
Til § 69 nr. 3.

Føresegner for avkøyrsle og parkering av bilar, motorsyklar og syklar for busetnadens behov.

1.Bustadbusetnad skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. bustad, pluss 0,25 bil pr. bustad for gjester. For hybelbygg vert tilsvarande kravt for annakvar hybel. Fråsegn om behovet er dekka og om inn- og utkøyringsforholdet skal innhentas frå sakkunnig før godkjenning av planane.
2.Forretningsbustad skal ha oppstillingsplass på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter for 1 bil pr. 50 m² golvflate i busetnaden, til dette kjem lasteareal for vare- og lastebilar. Fråsegn om behovet er dekka og om inn- og utkøyringsforhold skal innhentas frå sakkunnig før godkjenning av planane.
3.Industri- og lagerbusetnad skal ha oppstillingsplass for ein bil pr. 100 m² golvflate i busetnaden.

Elles gjeld same føresegner som i pkt. 2.

4.Institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingslokale, teater, skular, universitet, idrettsanlegg, sjukehus og andre bygningsanlegg der spesielle forhold gjer seg gjeldande skal ha oppstillingsplass for bilar og forsvarlege ut- og innkøyringsforhold.
5.Oppstillingsplass for motorsyklar og syklar skal avsetjast på eiga tomt eller på fellesareal for fleire tomter.

I sentrale deler av store tettbusetnader kan det treffast føresegner om færre oppstillingsplassar enn nemnt i det som står framanfor når trafikktilhøva på staden etter sakkundig fråsegn tilseier det.

(I 1967 s 1412)

17. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1639)

17. oktober 1966
Til § 82.
1.Hyttebygging m.m. kan berre skje etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.
2.Bygningsrådet kan skriva ut nærare reglar om hyttebygging.
3. juli 1986 nr. 1741
Til § 117.

I Bremanger kommune kan det i 3 år frå iverksetjing av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape vanskar for planlegginga. Anlegg som vert fremja etter godkjend vegplan etter veglova, er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 588)

20. juli 1989 nr. 736.
Til § 117.

Bremanger kommunestyre har 21. juni 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 3. juli 1986 nr. 1741 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 20. juli 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 228)