Vedtekter til bygningsloven for Vik kommune.

DatoFOR-0000-00-00-424
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1992-05-08-405
Endrer
Gjelder forVik kommune, Sogn og Fjordane
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Vik

Kapitteloversikt:

Endret 3. juli 1986 nr. 1524, 23. juni 1989 496, 8. mai 1992 nr. 405.

2. april 1971
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til, eller arbeidd opp felles avkøyrsle, felles gardsplass eller anna fellesareal for fleire eigendomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av tiltaket, refundera kommunen sine utlegg med tiltaket.

Kommunen deler utlegga på eigarane (festarane) av eigedomane som nemnt i førsteledd, i høve til den nytte kvar eigedom har av tiltaket. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal storleiken av refusjonen og delinga, fastsettast ved skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjend med at det er høve å få prøvd avgjerd av kommunen ved skjøn og med frest etter § 57.

Refusjonen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av tiltaket kan kommunestyret ta avgjer om at betalinga heilt eller delvis skal stå ut til seinare.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen overdra tiltaket utan vederlag til eigarane av dei intersserte eigedomar, som då blir sameigarar i same høve som er fastsett ved delinga av refusjonen.
3.Det som er fastsett i § 46 nr. 2 første punktum, gjeld tilsvarende.

(I 1971 s 517)

2. april 1971
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan nekta at tomt i regulert strøk blir fråskilt før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1971 s 517)

2. april 1971
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der tomta har tilkomst. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større breidde enn fastsett i § 47 nr. 1 fyrste ledd, og
b.hovudkloakk, herunder i tilfelle og særskild overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakktilknyting til annan hovudkloakk, og

Kommunen kan gi reglar om korleis veg og kloakk skal utførast. Veg og hovudkloakk som er lagt av grunneigar (festar) vert halden vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og vert då utan vederlag kommunen sin eigdeom. Kommunen pliktarlikevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd i full breidd etter pkt a.

(I 1971 s 517)

2. april 1971
Til § 69 nr. 3.

I planar fo bygging og regulering skal gjerast greie for plassering av dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den mon trongen for slike anlegg er stetta på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må visast i sin samanheng med avkøyrsle, køyreveg, gangveg og friareal.

Retningsliner for avkøyrsler og parkering.

1.Busetnaden skal ha oppstillingsplass på eigen tomt eller på fellesareal for fleire tomter for minst 1 bil for kvar bustad. For hybelbygg krevst tilsvarande for annankvar hybel.
2.Forretningsbygg, industribygg og lagerbygg, institusjonar, hotell, restaurantar, forsamlingshus, skular, idrettsanlegg og andre bygningsanlegg der serskilte tilhøve gjer seg gjeldande, skal ha turvande oppstillingsplass for bilar og tilfredsstillande ut- og innkøyringstilhøve.

(I 1971 s 517)

2. april 1971
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- og skogbruk skal forutan reglane i bygningslova kap. III og IV og § 65 også gjelda § 74 nr. 2 og § 79 samt kap. XV og XVI.

(I 1971 s 517)

2. april 1971
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar med tilhøyrande uthus, som berre er i bruk for kortare tidsrom, kan berre plasserast og oppførast etter disposisjonsplan som har vore lagt fram for bygningsrådet og er godkjent av fylkesmannen. Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita eller gjeva utsetjing med disposisjonsplan for nærare avgrensa område.
2.for bygningar som nemnde under nr. 1, skal forutan reglane i bygningslova kap. III, IV og § 65 også gjelda §§ 63, 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan elles utferda nærare reglar omhyttebygging.

(I 1971 s 514)

08.05.1992 nr. 405
Til § 107 første ledd:
1.I heile kommunen gjeld at skilt, reklamearrangement ol ikkje kan setjast opp utan etter samtykke frå bygningsrådet. Ved handsaming i bygningsrådet gjeld §§ 94 og 95 tilsvarande. Samtykke kan bare gis inntil vidare eller for et begrensa tidsrom. I bustadområde er reklamearrangement ikkje tillatt.
2.Skilt skal vera samstemde med fasaden på bygget. Fargar og hovudoppdeling av fasaden på bygget og nabobygga skal respekterast.

Markiser og uthengsskilt skal av omsyn til sikt og ferdsel plasserast tilstrekkeleg høgt på fasaden. Uthengsskilt skal maksimalt stikka 1,0 m ut frå fasaden og storleiken skal ikkje overstiga 0,5 m².

Vedtekta trer i kraft fra 1. juni 1992.

(II 1992 226)

3. juli 1986 nr. 1524.
Til § 117.

I Vik kommune kan det i 3 år frå iverksetjinga av lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skapa store vanskar med planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjend vegplan er unnatekne frå desse reglane.

(II 1986 s 527)

23. juni 1989 nr. 496
Til § 117.

Vik kommunestyre har 25. mai 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift 3. juli 1986 nr. 1524 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova 14. juni 1985 nr. 77 § 117 1. ledd.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har 23. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 150)