Vedtekter til bygningsloven for Vinje kommune.

DatoFOR-0000-00-00-427
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1998-03-10-233
Endrer
Gjelder forVinje kommune, Telemark.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Vinje

Kapitteloversikt:

Endret 3 juni 1986 nr. 1522, 20 juni 1989 nr. 685, 10 mars 1998 nr. 233.

15. juni 1976
Til § 21.
1.Denne generalplanvedtekta gjeld for heile Vinje kommune med unntak for dei område der det ligg føre stadfest reguleringsplan eller disposisjonsplan godkjend av fylkesmannen i medhald av vedtekt til § 82 i Bygningslova.
2.Der vedtekta gjeld kan ikkje arealet nyttast på annan måte enn vanleg der arealet ligg og heller ikkje takast i bruk på ein måte som i vesentleg grad vil kunne vanskeliggjera planlegginga eller gjennomføringa av planen. Det er såleis forbode å ta i bruk grunnen til noko bygge- eller anleggsarbeid som ikkje har direkte tilknytting til jordbruk, skogbruk, jakt og fiske.
3.Når særlege grunnar ligg føre, kan Bygningsrådet gjera unntak frå vedtekta.
4.Denne vedtekta vert sett i kraft straks og gjeld inntil 10 år frå stadfestinga.
2. mars 1967
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- eller skogbruk skal i tillegg til reglane i kapitel III og IV og § 65 gjelde §§ 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XI og XVI.

(I 1967 s 571)

2. nov. 1978
Til § 82.
1.Frådeling eller bortfeste - herunder punktfeste - av hyttetomter og oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar og tilhøyrande uthus, båthus, garasje og tilbygg til desse m.v. kan, dersom det er gjeve dispensasjon frå generalplanvedtekta, berre gjerast etter disposisjonsplan som er handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.

Bygningsrådet kan, når særlege grunnar ligg føre, etter grunngjeven søknad og etter at det er innhenta uttaler frå jordstyre og skogråd, fritaka for eller gjeva utsetjing med utarbeiding av disposisjonsplan for visse område.

2.For bygningar som nemnt under nr. 1 skal, utanom kap. III og IV og § 65 i bygningslova også gjelde §§ 66, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 87, 93, 94, 109 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utarbeide nærmare reglar for hyttebygging.

(II 1978 s 533)

10. mars 1998 nr. 233
Til § 107.

I

1. Søknad

I heile kommunen skal skilt, reklameinnretningar o.l. godkjennast av kommunen før dei blir sett opp.

Det blir også kravd godkjenning for mindre skilt eller reklameinnretningar o.l. på byggverk eller innhegning.

Kommunen kan berre gje løyve inntil vidare eller for eit avgrensa tidsrom.

2. Områdehensyn

2.1 Kommunen kan sjølv utarbeide eller krevje utarbeidd ein samla skiltplan for eit avgrensa område.
2.2 I ope naturlandskap, kulturlandskap, parkar og friområde er det ikkje høve til å setje opp frittståande reklameskilt.
2.3 Skilt og reklameinnretningar i serprega og historisk interessante miljø skal vere tilpassa dei tilhøva som gjev og har gjeve miljøet ein eigenart.
2.4 I reine bustadområde er det ikkje høve til å setje opp reklameinnretningar.
2.5 Reklameinnretningar på parkeringsplassar, rivingstomter o.l. skal plasserast slik at dei tek omsyn til tilhøva på staden.
2.6 Ljosreklame er ikkje tillate med unntak av i område regulert til forretningsføremål og elles der kommunen har bestemt. Kommunen kan likevel godkjenne skilt med indirekte ljos utanom slike område.

3. Krav til utforming og plassering

3.1 Form og utsjånad på skilt og reklameinnretningar må stette rimeleg krav til god form både i høve til seg sjølv og til bakgrunnen og omgjevnadene. Skjemmande fargar og utføring er ikkje tillete, og kan bli kravd endra. Dei vedlagte illustrasjonane og retningslinene skal liggje til grunn for vurdering av den einskilde saka.
3.2 Lausfotreklame, som flyttbare innretningar for plakatar, må få ei utforming i samsvar med dei vedlagte illustrasjonane og retningslinene. Flyttbare innretningar for vimplar, flagg osb. er ikkje tillate.
3.3 Ballongar og andre reklameinnretningar i lufta er ikkje tillate. Det er heller ikkje høve til å setje opp reklameinnretningar på stolpar og gjerde.
3.4 Skilt, reklameinnretningar o.l. skal ikkje vere til hinder for ferdsel på veg, gangveg og fortau, eller til fare for omgjevnadene på annan måte.
3.5 Skilt og reklameinnretningar må ikkje plasserast på møne, takflate, takutstikk eller gesims.
3.6 Det er ikkje høve til å setje opp skilt og reklame i form av ljoskasser. Kommunen kan likevel gje samtykke til uthengsskilt i form av ljoskasser der berre tekst eller symboler blir gjennomlyst og skiltarealet ikkje overstig 0,5 m². Gesimsar utforma som lysande kasser er ikkje tillate.

Dersom skilt og reklameinnretningar skal ha ljossetjing, må denne i størst mogeleg grad vere indirekte.

3.7 Markiser skal vere avgrensa til vindaugsopning. Det skal ikkje vere anna merking enn logo eller firmanamn på markisa.
3.8 Transparentar må ikkje bryte med det arkitektoniske uttrykket til den bygningen eller bakgrunnen dei er festa på.
3.9 Kvar verksemd kan ikkje ha meir enn eitt uthengsskilt og eitt veggskilt. Kommunen kan gjere unntak når ei verksemd har fleire fasadar mot fortau eller veg. Der det er trong for frittståande verksemdsskilt og samfunnsinformasjon, må dette fylgje skiltplan der det er utarbeidd.
3.10 Skilt på bygningar skal ikkje vere eller verke samanhengande over heile eller store delar av fasaden. Skilt skal ikkje dekkje meir enn 1/4 av lengda på fasaden.
3.11 Uthengsskilt på bygningar o.l. skal ikkje ha større breidde enn 1 m, og fri høgde til fortau skal ikkje vere under 2,5 m.

Skiltarealet må ikkje vere over 1,5 m².

På freda eller verneverdige bygningar skal ikkje skilta vere større enn 0,6 m².

4. Fjerning av skilt, reklameinnretningar m.v.

Dersom skilt eller reklameinnretningar er sett opp utan samtykke, eller samtykket er gjeve inntil vidare, kan kommunen gje pålegg om å fjerne eller endra slike innretningar som denne vedtekta omfattar. Grunnlaget for slikt pålegg må vere at innretningane etter kommunen sitt skjønn verkar skjemmande i seg sjølv eller i høve til omgjevnadene. Det same gjeld innretningar som kan medføre fare.

II

Vedtekta trer i kraft 1. april 1998.

(I 1998 165)

3. juli 1986 nr. 1522.
Til § 117.

Inntil 3 år frå plan- og bygningslova vert sett i verk, kan arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 81, 84, 86 a, 86 b, og 93, samt frådeling til slike føremål, ikkje setjast i verk utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld for andre tiltak som vesentleg kan gjera planlegginga vanskeleg.

Anlegg fremja i medhald av godkjend plan etter veglovas § 12, er unnateke frå plankravet.

Samtykke i medhald av fyrste leden gjeld også som unnatak frå forbodet i § 17-2, fyrste leden.

§ 7, andre og tredje leden og § 15, gjeld tilsvarande. Det kan setjast vilkår for samtykke etter fyrste leden.

(II 1986 s 527)

20. juni 1989 nr. 685.
Til § 117.

Vinje kommunestyre har 13. april 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 3. juli 1986 nr. 1522 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningslovens § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Telemark har 20. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 210)