Vedtekter til bygningsloven for Volda kommune.

DatoFOR-0000-00-00-428
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-714
Endrer
Gjelder forVolda kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Volda

Kapitteloversikt:

Endret 14. juli 1981, 30. juni 1989 nr. 714.

4. okt. 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller opparbeidd opp sams avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget, refundera kommunen utlegga han har hatt.

Kommunen deler utgiftene på eigarane (festarane) av eigedomar som nemnt i første leddet i forholdet til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjing av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

2.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonen.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1966 s 1503)

27. mai 1968
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk blir skilt ut før den har tilkomst og kloakksamband som nemnt i § 67.

(I 1968 s 629)

4. okt. 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre byggjast på dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har åtkome. Det kan ikkje krevjast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigar (festar) skal haldast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1503)

27. mai 1968
Til § 69 nr. 3.

I byggeplanar og reguleringsplanar skal det gjerast rede for plassering av dei anlegg som er nemnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet er dekka for slike anlegg på tilstøytande areal må dette dokumenterast. Anlegga må synast i sin samanheng med køyrevegar, gangvegar og friareal.

(I 1968 s 629)

14. juli 1981
Til § 69 nr. 4.

Bygningsrådet kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på felles areal blir innbetalt eit beløp eller stilt sjølvskyldnarkausjon pr. manglande plass til kommunen for bygging av parkeringsanlegg. Formannskapet avgjer når garantisummen skal innbetalast med 14 dagers varsel.

Kommunestyret bestemmer kva satsar som til ei kvar tid skal gjelde i slike tilfelle.

Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1981 s 498)

4. okt. 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art, blir lagt innanfor kommunen sitt område eller del av dette.

(I 1966 s 1503)

6. des. 1968
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, summarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er rekna på å bu i i kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus, kan berre føretakast etter disposisjonsplan som en handsama av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet frita for eller gje utsetjing med disposisjonsplan for avgrensa område.

Bygningsrådet kan i eksisterane hyttestrok tillata oppføring av einskilde hytter når rådet finn det tvillhaust.

2.For bygningar som nemnt under nr. 1 skal utanom kap. III, IV og §65 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.

Bygningsrådet kan ferda ut nærara reglar om hyttebygging

(I 1968 s 1494)

30. juni 1989 nr. 714.
Til § 117.

Volda kommunestyre har 27. april 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 3. juli 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1990. 

Forskriften1 lyder:

Dette inneber at det i 3 år frå iverksetjing av plan- og bygningslova av 14. juni 1985 nr. 77 i Volda kommune ikkje kan setjast iverk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i plan- og bygningslova utan etter samtykke frå bygningsrådet før området inngår i kommuneplanen sin arealdel eller i reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak som kan gjere planlegginga vanskeleg. Mellombels plankrav fell bort når kommunen har vedteken kommuneplan.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan etter veglova er unnateke frå denne føresegna.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 220)