Vedtekter til bygningsloven for Voss kommune.

DatoFOR-0000-00-00-429
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2006-05-04-969
Endrer
Gjelder forVoss kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Voss

Kapitteloversikt:

Endra 14. mai 1985 nr. 1050, 5. juli 1994 nr. 767, 4 mai 2006 nr. 969.

15. april 1970
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26, punkt f nr. 1), heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidt opp sams avkøyrsle, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigedomar som får nytte av anlegget refundere kommunen utelgga den har hatt. Kommunen deler utgiftene på eigarane, (festarane) av eigedomar sopm nemnt i første leden i høve til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane, (festarane) krev det skal fastsetjing av refusjon og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjende med denne retten og deira rett til å få prøvd kommunen si avgjerd ved skjøn, og med fristen etter § 57. Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.
2.Når refusjonen er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar som blir sameigarar i same høve som fastsett for refusjonen.
3.Føresenga i § 46, nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1970 s 615)

5. juli 1994 nr. 767
Til § 63 nr. 3, nytt siste punktum.

Plan- og bygningslova § 95 nr. 3 skal gjelde på tilsvarende måte for deling som for bygging.

(II 1995 nr. 6)

15. april 1970
Til § 67.

Tomt i regulert strok kan berre byggjast på dersom:

a.Opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta der den har åtkome. (Det kan ikkje krevast at veggrunn blir lagt ut og veg opparbeidd i større breidd enn fastsett i § 47, nr. 1, første leden), og
b.hovedkloakk, heri i tilfelle også serskilt overvassleidning, fører til og langs, eller over tomta. Det kan ikkje krevjast lagt røyr av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av Helserådet godta kloakksamband til annan hovedkloakk.

Kommunen kan gje reglar om utføringa. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneigarar (festar) skal holdast vedlike av kommunen frå det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfell då kommunen utan vederlag. Kommunen pliktar likevel ikkje å overta veg som ikkje er opparbeidd til full breidd, etter første led, a.

(I 1970 s 615)

5. juli 1994 nr. 767
Til § 69 nr. 3.

I byggeplaner skal det gjerast greie for plassering av dei anlegga som er nemnde i § 69 nr. 1.

I den grad trongen for slike anlegg er føresett dekka på nærliggjande areal, må dette dokumenterast.

Kommunen kan krevja at desse anlegga vert opparbeidde før bygningane vert tekne i bruk.

(II 1994 nr. 6)

5. juli 1994 nr. 767
Til § 76.

Som vilkår for å godkjenne oppføring av bygg, kan kommunen krevje at det er sikra turvande garasje og/eller parkeringsplass til eigedomen.

(II 1994 nr. 6)

5. juli 1994 nr. 767
Til § 78 nr. 1.

Kommunen kan forby at verksemder, anlegg, opplag og lager av farleg eller serleg sjenerande art vert lagd innan kommunen eller deler av denne.

(II 1994 nr. 6)

14. mai 1985 nr. 1050
Til § 81.

For driftsbygningar for jord- eller skogbruk skal bygningslova med tilhøyrande byggeforskrifter gjelde.

(II 1985 s 312)

25. april 1985 nr. 906.
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre kan oppføring av sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt til å bu i for kortare tidsrom, samt tilhøyrande uthus berre skje etter reguleringsplan.

Det same gjeld frådeling av tomt for oppføring av slik bygning som nemnt.

2.Der generalplan med stadfesta vedtekter ligg føre kan dei tiltak som er nemnt i nr. 1 berre skje dersom tiltaket er i samsvar med godkjent generalplan eller reguleringsplan.
3.Unnateke frå føresegnene i nr. 1 og 2 er dei område der det ligg føre disposisjonsplan godkjent før 1. juli 1984. Endringar i disposisjonsplanane kan likevel berre skje etter reguleringsplan.
4.Bygningar nemnt under nr. 1 kan ikkje førast opp nærare vassdrag enn 50 meter målt i horisontalplanet ved medels flomvasstand.
5.For bygningar som nemnt skal bygningslova gjelde fullt ut. Byggeforskriftene kap. 23:11, 12, 13, kap. 30, 31, 49 og 51 skal og gjelde.
6.Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå denne vedtekta.
7.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid vert tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Voss kommune, stadfesta 14. september 1972, oppheva.

(II 1985 s 273)

30 april 1981
Til § 93.

Reglane i første ledd i § 93 gjeld ikkje for bygning som vert førd opp i tilknytning til eksisterande bygningar på eigedom, og som:

a.ikkje har større grunnflate enn 10 m²,
b.ikkje har større mønemengd enn 2,5 m,
c.ikkje skal nyttast til å bu i eller til næringsdrift eller som garasje eller naust.

(II 1981 s 696)

5. juli 1994 nr. 767
Til § 103 andre ledd:

Kommunen kan krevje innhegning mot veg.

(II 1994 nr. 6)

Vedtaket til § 107. 
1. Føremål

Føremålet med vedtekta er å sikra at skilt og reklameinnretningar i Voss kommune får god estetisk utforming med høg kvalitet, og at skiltet/reklamen ikkje fører til fare eller urimelege ulemper for omgjevnadene eller almenne interesser. 

2. Verkeområde

Alle skilt og reklameinnretningar o.l. i Voss kommune skal godkjennast av kommunen før dei vert sett opp. Det same gjeld markiser på forretningsbygg. 

3. Definisjonar, typar skilt og reklameinnretningar 

Skilt:

Utendørs eller innandørs innretning som er retta mot utsida, som annonserer verksemd på staden og som ikkje inneheld reklamebodskap. Gjeld også logoar og designelement o.l. som ikkje inneheld reklamebodskap. 

Reklameinnretning:

Utendørs eller innandørs innretning som er retta mot utsida, som annonserer for varer, tenester eller arrangement som er plassert for formidling av reklamebodskap. Gjeld også logoar og designelement o.l. som ikkje inneheld reklamebodskap. 

Informasjonstavle

Opplysningsskilt med informasjon om offentleg eller privat verksemd, utan reklamebodskap. 

4. Krav til plassering og utforming

Skilt skal plasserast på bygningen sin hovudfasade i tilknyting til inngangen.

Tekst, symbol og logo skal som hovedregel plasserast i høgde mellom første og andre etasje.

Husnamn kan plasserast høgare på veggen men må vera tilpassa fasaden.

Bygningen sin storleik, byggestil, fasadeutforming og fasadematerialar skal vera avgjerande for val av type skilt og skiltutforming. Skiltinga må vera lett leselege utan å dominera eller ha eit unødvendig stort omfang.

Skilting for verksemder over første etasje skal avgrensast til informasjonsskilt ved inngangen.

Samanhengande skiltband, reklamefelt eller markering langs fasadar skal ikkje førekoma.

For kvar verksemd skal det ikkje tillatast meir enn eitt veggskilt og eitt uthengskilt mot kvar gate eller plass.

For skilting av bensinstasjonar skal også eigen rettleiar leggjast til grunn. (Lokalisering og utforming av bensinstasjoner - Retningsliner, Norsk form, Norsk Petroleumsinstitutt 1994.) 

4.1. Skilt direkte på fasaden og plateskilt

Informasjonen kan malast direkte på vegg eller festast som konturskorne bokstavar, symbol eller logo på vegg eller veggplate som er tilpassa fasaden i form og fargebruk.

4.2. Uthengskilt

Uthengskilt kan stikka maksimalt 1 m ut frå fasaden og ikkje vera større enn 0,5 m2.

Fri høgde skal vera i samsvar med § 5.

4.3. Tidstypiske skilt

Enkelte noverande skilt som er tidstypiske bør bevarast og eventuelt fornyast.

Kommunen avgjer kva skilting som bør oppretthaldast.

4.4. Lysskilt

Lyskassar skal ikkje godkjennast, men frittståande bokstavar og symbol kan ha innebygd lyskjelde.

Indirekte lys på bakvegg kan nyttast for å framheva relieffet av bokstavar og symbol.

Lyskasser og skilt med varierande lysstyrke skal ikkje tillatast.

4.5. Markiser

Breidda på markiser skal avgrensast til opninga på vindauga.

Reklame skal ikkje plasserast på markiser.

Fri høgde skal vera i samsvar med § 5.

4.6. Folie og transparentar

Folie på vindaugsflata skal avgrensast til 1/3 av vindauget og skal vera transparent med nøytrale, tilpassa fargar. Montasje innanfor vindauga som visuelt vert oppfatta som del av fasaden må godkjennast.

Vindauga skal vera mest mogleg opne og framstå som vindauga med utstilling.

4.7. Reklameinnretning

Reklameskilt for bestemte varemerker skal ikkje tillatast på fasadar. Skiltinga må avgrensast til firmanamn med logo og tekst eller symbol for produktgrupper.

4.8 Skilt på tak eller plassert oppe på baldakin

Skilt på møne, takflate, eller festa oppe på baldakin, skal ikkje tillatast.

4.9. Fortauskilt med informasjon eller reklame

Fortauskilt kan plasserast på areal langs fasaden og skal ikkje koma meir enn 1 meter ut frå husveggen. Ei fortaubreidde på minst 3 meter skal vera fri for fotgjengartrafikk. Jf. politivedtektene.

4.10. Veggmonterte tavler

Oppsetting av veggmonterte tavler eller plakatar med reklame eller tilbod skal ikkje tillatast på fasade. Informasjonstavle kan godkjennast.

4.11. Banner, vimpelkjeder, midlertidige skilt og installasjonar

Banner eller vimpelkjeder på tvers av veg eller gate kan setjast opp inntil 14 dagar før eit større arrangement og skal fjernast straks arrangementet er avvikla. Fri høgde skal vera minst 4,7 m og veghaldar må gje samtykke.

Midlertidige skilt og installasjonar kan setjast opp ved særskilde markeringar, men skal meldast til kommunen. Kommunen kan nekta oppsetting eller setja vilkår.

4.12. Baldakinar

Baldakinar skal tilpassast fasaden som del av det arkitektoniske uttrykket og skal ha ei enkel og lett form. 

5. Oppheng, sikring, vedlikehald og fjerning av skilt

Skilt og innretningar skal festast forsvarleg og haldast vedlike eller fjernast dersom dei er skada eller prega av forfall.

Når ei verksemd blir nedlagt eller flytter, skal skilta straks fjernast.

Minste lovlege fri høgde til skilt, markiser og andre innretningar som stikk ut frå fasaden er 2,25 m over fotgjengarareal.

Over køyreveg skal fri høgde vera minst 4,7 meter. 

6. Krav til plan, dokumentasjon og søknad

Verksemder i same bygning skal samarbeida om ei samstemt skiltutforming som gjev eit tiltalande preg av heilskap. Skiltinga skal også tilpassast nabobygningar.

Ved søknad om nybygg skal plassering av skilt visast som ein del av fasadeutforminga. Prosjekterande skal føreslå materialbruk, form og farge.

Søknad om godkjenning av skilt og reklameinnretning skal skrivast på eige søknadsskjema og vedleggjast den dokumentasjon som kommunen fastset. Søknaden skal alltid vedleggjast fasadeoppriss eller bilde som er målsett og opplysningar om materialbruk, farge og eventuelt lyssetting.

Før kommunen behandlar søknadene kan det bli innhenta uttale frå aktuelle interesseorganisasjonar og faginstansar. 

7. Tiltakshavar og krav til faglege kvalifikasjonar

Alle skilt og reklameinnretningar er søknadspliktige med krav til ansvar og kontroll etter plan- og bygningslova. Eigar av bygget må stå ansvarleg som tiltakshavar.

Søknaden vert behandla etter § 93, jf. § 107 og § 74 nr. 2 i plan- og bygningslova. 

8. Unntak

Skilt og reklameplakatar på idrettsarenaer kan plasserast utan godkjenning når dei er vende inn mot anlegget eller når dei er knytta til enkeltståande arrangement. Plassering av skilt og reklameplakatar ved enkeltståande arrangement er avgrensa til tidspunktet for gjennomføring av arrangementet, med rimeleg tid før og etter arrangementet for oppsett/nedtaking.

Når særlege grunnar føreligg kan kommunen etter grunngjeven søknad, gjera unntak frå forskrifta og setja nærare vilkår for unntaket. 

9. Tilhøvet til eksisterande skilt og reklameinnretningar

Alle midlertidige løyver for skilt og reklameinnretningar o.l gjevne i medhald av § 107, § 93 eller § 86a vert oppheva frå 1. januar 2007, og eigar av bygning eller verksemd må søkja om ny godkjenning. Søknad om godkjenning må også sendast for alle andre skilt som ikkje er godkjende. 

10. Tilsyn og kontroll

Kommunen fører tilsyn og kontroll med at forskrifta vert fylt. 

11. Tilsyn og kontroll

For behandling av saker etter denne vedtekta skal det betalast gebyr etter gjeldande regulativ fastlagt av kommunestyret med heimel i plan og bygningslova. Det skal ikkje reknast gebyr for behandling av søknader om skilt og reklameinnretningar etter desse vedtektene, dersom søknad er innkomen til kommunen innan 1. desember 2006. 

12. Iverksetjing

Vedtekta trer i kraft ved kunngjering.

(II 2006 nr. 3).