Vedtekter til bygningsloven for Vågå kommune.

DatoFOR-0000-00-00-433
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-07-467
Endrer
Gjelder forVågå kommune, Oppland.
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Vågå

Kapitteloversikt:

Endret 9. juli 1986 nr. 1671, 7. juni 1989 nr. 467.

22. juni 1982 Nr. 1098.
Til § 21 første ledd bokstav a.
I.Denne generalplanvedtekt knyter seg til generalplan for Vågå kommune, vedteken av Vågå kommunestyre den 21. april 1980 og slik den er godkjent av Miljøverndepartementet.
II.Generalplanvedtekta gjeld for heile Vågå kommune med unntak for dei områda der det ligg føre stadfesta reguleringsplan og godkjend disposisjonsplan.
III.Vedtektsområda er vist på kart i målestokk 1:10.000 dagsett september 1979. Soneplan for Vågåmo og Lalm.

Arealbruken er slik:

1.Byggeområde
a)Bustadføremål
b)Offentlige føremål
c)Forretningsareal
d)Industriareal
e)Park-, idretts- og friareal
2.Jord-, skog- og naturområde

Disse omfatter dei arealer i kommunen som ikkje er avgrensa av føremål nemnd under pkt. 1.

IV.Innafor dei områda der denne vedtekta gjeld, kan grunnen ikkje takast i bruk til føremål som i vesentlig grad vil vanskeleggjera den utnyttinga som er fastsett i generalplanen.
V.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet etter at generalplanutvalet har fått høve til å uttala seg, gjere unnatak frå vedtekta.
VI.Denne vedtekta vert sett i kraft straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1982 s 463)

3. oktober 1969
Til § 49 nr. 1.

I regulerte områder i Lalm og Vågåmo skal de utgifter eier (fester) plikter å refundere i medhold av § 46 nr. 1 fordeles med to tredjedeler i forhold til eiendommens netto grunnareal og en tredjedel i forhold til eiendommens tillatte utnytting. Områdene har disse grenser:

Vågåmo.

Grensen tar til ved Vanglandet (pkt. A). Går derfra i rett linje nord-vestover til N.V.E høyspentmast på Prestberget (pkt. B). Videre i omtrent samme retning til A/S Eidefoss høyspentmast for 60 KV (pkt. C). Følger så høyspentlinjen i nord-østlig retning til neste høyspentmast for samme linje (pkt. D). Går så i nordlig retning i rett linje fram til krysset Skogbygdvegen og Grendevegen til Sandbakken (pkt. E). Derfra nord-østover i rett linje til maskinhuset for Vågå skitrekks nedre stasjon (pkt. F). Videre syd-østover i rett linje til våningshuset på garden «Steinseth», gnr. 17, bnr. 3 (pkt. G). Går så sydover i rett linje til «Kjerringvelta» v/Ottaelven (pkt. H). Følger så Ottaelvens nordlige elvekant til brofeste på Sundbrua (pkt. I), og går derfra langs Vågåvatnets nordlige vannkant til utgangspunktet (pkt. A).

Lalm.

Grensen tar til ved møllebygningen ved Bruviks Talk (pkt. A). Går derfra i syd-østlig retning i rett linje fram til A/S Eidefoss høyspentmast med retn. endring for 10 Kv linjen Vågåmo Eidefossen (pkt. B). Følger så denne linjen i sydlig retning til høyspentmast med retn. endring for samme linje (pkt. C). Går så i syd-vestlig retning i rett linje over Knut Bråtens verksted fram til Ottaelven (pkt. D). Følger så østre kant over Ottaelven til et pkt. E, rett ut for elven Rinda på vestsiden av Ottaelven (pkt. E). Går så fra dette punktet i vestlig retning over Ottaelva fram til utløpet av elven Rinda og følger denne fram til krysning mellom 20 KV høyspentlinje tilhørende A/S Eidefoss (pkt. F). Følger så denne linjen i nordlig retning fram til pkt. G som er skjæringspunktet av en rett linje trukket fra pkt. A over pkt. H ved krysset Sjårdalsvegen-Skårsbrekkvegen. Går så fra pkt. G i nord-østlig retning i rett linje over pkt. H fram til utgangspunktet (pkt. A).

Grensene er innteikna på flyfoto i målestokk 1:15.000 som ligg i departementet.

(I 1969 s 1178)

29. juli 1983
Til § 82.
1.Sportshytter, sommerhus, kolonihagehus eller liknande byggverk som berre blir rekna nytta i kortare tidsrom, og uthus til slike kan berre oppførast etter endeleg reguleringsplan. Det same gjeld frådeling og bortfeste av tomter til slike formål.
2.Hytter m.v. kan ikkje førast opp nærmere vassdrag (elv, bekk, tjønn eller innsjø) enn 50 m målt i horisontalplanet ved middels flom-vasstand.
3.Hytter m.v. kan ikkje førast opp nærmare veg som er open for allmenn ferdsel, enn 30 m målt horisontalt frå vegen si midtlinje. For riksveg gjeld føresegnene i veglova.
4.For bygninger som er nemnt under pkt. 1 skal bygningslova gjelda med unntak av §§ 97 og 99. Vidare skal kap. 49 i byggeforskriftene gjelda.
5.Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet gi dispensasjon frå føresegnene ovaftr.
6.Denne vedtekta tek til å gjelda straks.
9. juli 1986 nr. 1671
Til § 117.

I 3 år frå lov nr. 77 plan- og bygningslov av 14. juni 1985 er gjort gjeldande kan det i Vågå kommune ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 i lova - utan etter samtykke frå bygningsrådet - før området inngår i arealdelen av kommuneplan eller reguleringsplan. Det same gjeld andre tiltak - m.a. frådeling - som i vesentleg grad kan vanskeleggjera planlegginga.

Anlegg som blir fremja etter godkjent vegplan etter veglova, er unnateke frå plankravet.

Plan- og bygningslova og forskrifta ovanfor er sett i kraft frå 1. juli 1986.

(II 1986 s 656)

7. juni 1989 nr. 467
Til § 117.

Vågå kommunestyre har 30. mars 1989 vedtatt å forlenge forskrift av 9. juli 1986 nr. 1671 om midlertidig plankrav etter plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 nr. 77 § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Oppland har 7. juni 1989 med hjemmel i loven og delegering i Miljøverndepartementets rundskriv av 3. februar 1989 samtykket i at ovennevnte forskrift forlenges f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 1. juli 1991.

(II 1989 141)