Vedtekter til bygningsloven for Ølen kommune.

DatoFOR-0000-00-00-438
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1984-01-13
Endrer
Gjelder forØlen kommune, Hordaland
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ølen

Kapitteloversikt:

24. sept. 1968
Til § 52.
1.Når kommunen i medhald av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) heilt eller delvis har skaffa grunn til eller arbeidd opp felles avkøyrsel, sams gardsplass eller anna sams areal for fleire eigedomar, skal eigarane (festarane) av dei eigdomar som får nytte av anlegget, refundera kommunens utgifter.

Kommunen deler utgiftene på eigarene (festarane) av eigedomar som nemnt i første leddet i forhold til nytten for kvar eigedom. Dersom kommunen eller ein av eigarane (festarane) krev det, skal fastsetjinga av refusjonen og delinga gjerast etter skjøn. Eigarane (festarane) skal gjerast kjent med denne åtgangen og med åtgangen til å få prøvt kommunens avgjerd ved skjøn og med fristen etter § 57.

Refusjonssummen forfell til betaling 3 månader etter at den er endeleg fastsett. For eigedom som ikkje straks får full nytte av anlegget, kan det bli fastsett at betalinga heilt eller delvis skal stå ut.

1.Når refusjon er endeleg fastsett, skal kommunen føra anlegget utan vederlag over til eigarane av dei interesserte eigedomar, som blir sameigarar i same tilhøve som fastsett for refusjonene.
3.Føresegna i § 46 nr. 2, første punktum, gjeld tilsvarande.

(I 1968 s 1175)

13. januar 1984
Til § 82.
1.Oppføring av sportshytter, sumarhus, kolonihagehus og liknande bygninger som berre er berekna å bu i for kortare tidsrom og tilhøyrande uthus m.v. kan berre skje i dei områda som er vist for slikt formål på kart i målestokk 1:20.000 dagsett 11. mars 1983. Det same gjeld frådeling og bortfesting av tomt til slikt formål. Kartet er gitt påteikning av Miljøverndepartementet i dag og beror i departementet.

Innafor desse kartfesta områda kan dei tiltak som er nemnt berre skje etter endeleg reguleringsplan.

2.For slike tiltak som nemnt i nr. 1 skal forutan bygningslova kap. III, IV og §§ 65 og 68 også gjelda §§ 63, 66 nr. 1, 70, 74 nr. 2, 91, 93, 94, 96 og 109 samt kap. XV og XVI. For hyttegrender, hyttekonsentrasjoner, skal dessuten § 66 nr. 2 og § 75 gjelda.
3.Denne vedtekta tek til å gjelda straks. Frå same tid held tidlegare vedtekt til § 82 i bygningslova for Ølen kommune, stadfesta den 5. januar 1972 opp å gjelde.

(II 1984 s 12)