Vedtekter til bygningsloven for Bygland kommune.

DatoFOR-0000-00-00-44
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1986-06-12-1460
Endrer
Gjelder forBygland kommune, Aust-Agder
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Bygland

Kapitteloversikt:

19. aug. 1977
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus o.l. som er rekna på skal verte nytta i kortare tidsrom, og tilhøyrande uthus, kan berre førast opp etter godkjenning av bygningsrådet. Dette gjeld og frådeling av grunn til bygning som nemnt.
2.I tilfelle bygningsrådet finn det naudsynt, og i alle høve ved frådeling av grunn for og oppføring av meir enn 2 hytter, skal det krevjast disposisjonsplan som vert godkjend av bygningsrådet. Byningsrådet kan sende planen til fylkesmannen til uttale.
3.For bygningar som nemnde under nr. 1 skal i tillegg til kap. 3 og 4 og § 65 i bygningslova, og gjelde §§ 66, 69, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 75, 87, 88, 89, 90, 91, 93, 94 95, 96, 97, 109 og kap. XV og XVI.
4.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, er det ikkje lov å setje opp bygningar eller dela grunn som nemnt i pkt. 1
a)nærmere vassdrag enn 30 m frå strandlina, målt i horisontalplanet ved gjennomsnittleg vasstand i flaum,
b)på øyane i Byglandsfjorden. Med øyar meinast areal som ikkje er landfast ved normalvasstand i fjorden i området frå kommunegrensa mot Evje og Hornnes kommune i sør til Ose bru i nord.

Når særlege grunnar ligg føre, kan bygningsrådet dispensere frå reglane i pkt. 4.

5.Bygningsrådet kan skrive ut nærare reglar om hyttebygging som må godkjennast av kommunestyret. Det same gjeld om reglane skal endrast eller avlysast.
6.Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1977 s 321)

12. juni 1986 nr. 1460.
Til § 117.

I Bygland kommune kan det i 3 - tre - år frå den dato lov nr. 77 plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 trer i kraft, ikkje setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 i same lova, utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området inngår i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan.

Det same gjeld andre tiltak, m.a. frådeling, som kan føre til vesentlege vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremma etter godkjend vegplan etter veglova fell utanom denne føresegna.

(II 1986 s 504)