Vedtekter til bygningsloven for Ørskog kommune.

DatoFOR-0000-00-00-440
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-1989-06-30-715
Endrer
Gjelder forØrskog kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ørskog

Kapitteloversikt:

Endret 9. juli 1976, 30. juni 1989 nr. 715.

9. juli 1976
Til § 1 i lov av 21. des. 1956.
1.Delinga av Ørskog kommune i Møre og Romsdal fylke i dei tre tidlegare kommunane Skodje, Ørskog og Stordal, vedteken av Stortinget 31. mai 1976, vert gjennomførd frå 1. januar 1977.
2.Namna på dei nye kommunane skal vera Skodje, Ørskog og Stordal.
3.Kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar skal i perioden 1. januar 1977-31. desember 1979 ha i same følgd 21, 19 og 19 medlemmer.

Valtinget vert halde måndag 11. oktober 1976. Ved dette valet vert kommunen alt rekna som delt.

Manntalet vert ført av noverande manntalsførar i Ørskog kommune, men særskilt for kvar av dei nye kommunane. Manntalet vert lagt ut på dei stadene i dei nye kommunane som valstyret fastset, jfr. § 5 i kommunevallova.

Valstyret for den nye Skodje kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Skodje-området, supplert ved to medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Ørskog kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmene som bur i Ørskog-området, supplert med to medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyret for den nye Stordal kommune skal vera samansett av dei formannskapsmedlemmer som bur i Stordal-området, supplert med fire medlemmer valde blant kommunestyremedlemmene frå dette området, og manntalsføraren.

Valstyra vel sjølv formenn og vert første gongen kalla saman av ordføraren i Ørskog.

Ved valet gjeld elles reglane om kommunestyreval i lov 10. juli 1925 om kommunestyreval og fylkestingsval så langt dei høver - med følgjande unntak:

-I § 3 andre og tredje ledd gjeld datoen 1. august i staden for 1. juli.
-I § 3 fjerde ledd gjeld datoen 26. august i staden for dagen 2 månader før valet.
-I § 5 andre ledd gjeld datoen 10. august i staden for 1. juni.
-I § 15 andre ledd gjeld datoen 31. august i staden for 3 månader før valdagen.
-§ 22 c gjeld berre dei kommunane der det skal haldast valting.
4.Fylkesmannen i Møre og Romsdal kallar dei nyvalde kommunestyra i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar inn til konstituerande møte snarast råd er etter valet, jfr. § 7 i kommunelova.
5.Dei nyvalde kommunale organ skal før 1. januar 1977, så langt det er nødvendig for å førebu og gjennomføra delinga av Ørskog kommune, ha mynde til å setja i verk tiltak som elles vert gjorde av dei tilsvarande fungerande organ i Ørskog kommune.
6.Budsjetta for dei nye kommunane for 1977 skal vedtakast av dei nyvalde kommunestyra. For denne handsaminga av budsjetta gjeld ikkje dei fristane som er fastsette i kommunelova.
7.Dei allmenne vedtekter og føresegner som gjeld i noverande Ørskog kommune skal framleis gjelda i dei nye Skodje, Ørskog og Stordal kommunar til nye allmenne vedtekter for desse kommunane er gjevne.
8.Val etter §§ 57 og 75, jfr. §§ 77 og 79 i domstollova, vert haldne i dei nye kommunane i same følgd av dei nyvalde kommunestyra og av dei nyvalde formannskapa og manntalsføraren. Dei som vert valde, skal gjera teneste til utgongen av 1979.
9.Denne resolusjon trer i kraft straks.

(II 1976 s 207)

29. juli 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har atkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

(I 1966 s 1126)

29. juli 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan berre bebyggast dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den sida av tomta hvor den har sin atkomst. Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsatt i § 47 nr. 1, første ledd, og
b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om uføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten verderlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1966 s 1126)

29. juli 1966
Til § 69 nr. 3.

I bebyggelsesplaner og reguleringsplaner skal gjøres rede for plassering av de anlegg som er nevnt i § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekket på tilstøtende areal, må dette dokumenteres. Anleggene må vises i sin sammenheng med kjøreveger, gangveger og friareal.

29. juli 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forbyd at bedrifter, anlegg, opplag og lager av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1966 s 1126)

2. des. 1974
Til § 82.
1.Inntil generalplan med stadfesta vedtekter eller stadfesta reguleringsplan ligg føre, kan tomter til sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygningar som berre er tenkt nytta i kortare tidsrom, samt tilliggjande uthus, berre fråskiljast og bygningar berre oppførast i fylgjande område som vist på kart i målestokk 1:50.000, datert 10. september 1974, og signert Ørskog bygningsråd:
a.Ørskogfjellet som vist på «Fjellplan for Ørskogfjellet», datert 19. september 1972.
b.Vaksvikfjellet som vist på «Fjellplan for Vaksvikfjellet», datert november 1971.

Kopi av karta nemnde under dette punkt ligg i departementet.

2.Der generalplan med vedtekter ligg føre og i dei områda som er teke med i nr. 1 kan tomter berre fråskiljast og bygningar som nemnt i nr. 1 berre oppførast etter disposisjonsplan med handsama av bygningsrådet og godkjend av fylkesmannen.
3.For bygningar som nemnd under nr. 1 skal i tillegg til kap. III, IV og § 65 i bygningslova også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.

For hyttegrender, hyttekonsentrasjonar, skal dessutan §§ 66 nr. 2, 69 og 75 i bygningslova gjelde. Etter at bygningsrådet har hatt høve til å uttale seg, avgjer fylkesmannen i tvilstilfelle om ei samling hytter er av ein slik storleik at dette skal reknast som hyttegrend, hyttekonsentrasjon, etter denne vedtekt.

4.Bygningsrådet kan gi nærare reglar om hyttebygging.
5.Vedtekta trer i kraft straks.

(II 1974 s 283)

30. juni 1989 nr. 715.
Til § 117.

Ørskog kommunestyre har 22. september 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 6. juni 1986 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991. 

Forskriften1 lyder:

Ørskog kommunestyre vedtek at inntil 3 år frå lov nr. 77 plan- og bygningslova av 14. juni 1985 trer i kraft kan arbeid eller tiltak som er nemnt i §§ 84 og 93 ikkje setjast i verk utan etter samtykkje frå bygningsrådet og området går inn i arealdelen av kommuneplanen eller reguleringsplan. Det samme gjeld andre tiltak som vesentleg kan gjere planlegginga vanskeleg.

Unnatak frå plankravet i første ledd er anlegg som vert fremja i medhald av godkjend plan etter veglova av 21. juni 1963 § 12.

1Den opprinnelege kunngjering er ikkje teke inn i Norsk Lovtidend.

(II 1989 221)