Vedtekter til bygningsloven for Ørsta kommune.

DatoFOR-0000-00-00-441
Publisert
Ikrafttredelse
Sist endretFOR-2005-04-25-423
Endrer
Gjelder forØrsta kommune, Møre og Romsdal
HjemmelLOV-1985-06-14-77-§4
Kunngjort
KorttittelVedtekter til bygningsloven, Ørsta

Kapitteloversikt:

Endret 26. mai 1988 nr. 1212, 2. februar 1989 nr. 41, 30. juni 1989 nr. 716, 25 april 2005 nr. 423.

17. juli 1984 nr. 1432.
Til § 21, fyrste ledd bokstav a.

I. Denne generalplanvedtekta knyter seg til generalplanen for Ørsta kommune, vedteke av Ørsta kommunestyre 6. juni 1983, sak 75/83 og slik den er godkjend av Miljøverndepartementet 17. juli 1984.

II. Vedtekta omfattar heile kommunen med unntak av dei områda som er vist på generalplankartet i målestokk 1:50.000 datert 10. desember 1981 og revidert 6. juni 1983 og med Miljøverndepartementet si påteikning 17. juli 1984.

III. Vedtaksområdet er vist på kart i målestokk 1:50.000 datert 10. desember 1981 og revidert 6. juni 1983 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 17. juli 1984. Arealdisponeringa er slik:

1.Byggjeområde.

Detaljert arealutnytting er vist på kart i målestokk 1:50.000 og 1:5.000 datert 10. desember 1981 og revidert 6. juni 1983 og gjeve Miljøverndepartementet si påteikning 17. juli 1984.

2.Jord-, skog- og naturområde.

Desse omfattar dei areal som ikkje er avgrensa av formål nemnt under pkt. 1.

IV. Innafor dei områda som er nemnde under pkt. II og III kan ikkje grunn takast i bruk til formål som i vesentleg grad vil gjere det vanskeleg med ei slik utnytting som er føresett i generalplanen.

V. Når særlege grunnar ligg føre kan bygningsrådet gjere unntak frå vedtekta.

VI. Denne vedtekta tek til å gjelde straks og gjeld i inntil 10 år frå stadfestinga.

(II 1984 s 381)

6. okt. 1969
Til § 49 nr. 2.

Ved utlikning av refusjon for utgifter til utføring av tiltak nemnde i § 46 nr. 1 fyrste lekken i bygningslova, skal leggjast til grunn utgiftsoverslag etter dei faste prisar som er fastsett i departementet sin normalvedtekt tabell 1 klasse 1.

(I 1969 s 1234)

29. juni 1966
Til § 52.
1.Når kommunen i medhold av reguleringsplan (§ 26 nr. 1 punkt f) helt eller delvis har ervervet grunn til eller opparbeidd felles avkjørsel, felles gårdsplass eller annet felles areal for flere eiendommer, skal eierne (festerne) av de eiendommer som får nytte av anlegget, refundere kommunen dens utgifter.

Kommunen fordeler utgiftene på eierne (festerne) av eiendommer som nevnt i første ledd i forhold til nytten for hver eiendom. Dersom kommunen eller en av eierne (festerne) krever det, skal fastsetting av refusjonen og fordelingen foretas ved skjønn. Eierne (festerne) skal gjøres kjent med denne adgang og med adgangen til å få prøvd kommunens avgjerd ved skjønn og med fristen etter § 57.

Refusjonsbeløpet forfaller til betaling 3 måneder etter at det er endelig fastsatt. For eiendom som ikke straks får full nytte av anlegget, kan det bestemmes at betalingen helt eller delvis skal utstå.

2.Når refusjon er endelig fastsatt, skal kommunen overdra anlegget uten vederlag til eierne av de interesserte eiendommer, som blir sameiere i samme forhold som fastsatt for refusjonen.
3.Bestemmelsen i § 46 nr. 2, første punktum, gjelder tilsvarende.

(I 1966 s 954)

29. juni 1966
Til § 63 nr. 3.

Bygningsrådet kan forby at tomt i regulert strøk fraskilles før den har adkomst og kloakkforbindelse som nevnt i § 67.

(I 1966 s 954)

29. juni 1966
Til § 67.

Tomt i regulert strøk kan bare bebygges dersom:

a.opparbeidd og godkjent veg fører til og langs den side av tomta hvor den har sin atkomst.

Det kan ikke kreves at veggrunn blir utlagt og veg opparbeidd i større bredde enn fastsattt i § 47 nr. 1, første ledd, og

b.hovedkloakk, herunder i tilfelle også særskilt overvannsledning, fører til og langs eller over tomta. Det kan ikke kreves lagt rør av større diameter enn 305 mm. Bygningsrådet kan med samtykke av helserådet godta kloakkforbindelse til annen hovedkloakk.

Kommunen kan gi regler om utføringen. Veg og hovedkloakk som er lagt av grunneier (fester), holdes vedlike av kommunen fra det tidspunkt anlegget er ferdig og godkjent, og tilfaller da kommunen uten vederlag. Kommunen plikter likevel ikke å overta veg som ikke er opparbeidd til full bredde etter første ledd, a.

(I 1966 s 954)

25. april 2005 nr. 423
Til § 69 nr. 3 og nr. 4
1.I bygge- og reguleringsplanar skal det visast plass for dei anlegg som er nemnde i § 69 nr. 1. I den grad behovet for slike anlegg er dekka, må dette dokumenterast. Anlegga må visast med køyrevegar, gangvegar og friareal.

Biloppstillingsplassar

2.Ved nybygg, tilbygg, påbygg, underbygg, ombygging, bruksendring, og ved endra bruk av eksisterande bygningar, krevst det oppstillingsplass for bil (garasje eller parkeringsplass), berekna i høve til bueiningar eller brutto golvareal (NS-3940), på eiga tomt eller på fellesareal som er regulert til dette føremålet. «Historiske parkeringsplassar» som ikkje er frikjøpte tidlegare, skal det ikkje gjevast frådrag for i det tal parkeringsplassar byggjesøknaden vil utløyse. Tidlegare frikjøpte parkeringsplassar skal ikkje betalast for på ny. Areal som er avsett til køyretrafikk (til dømes framom garasjeport) kan ikkje reknast med. Det er det faktiske talet på oppstillingsplassar som gjeld («historiske plassar» o.l. kan ikkje trekkast ifrå). Syner til plan- og bygningslova § 69.

- bustadbygg:

a.Bustadbygg skal ha oppstillingsplass for 2 bilar pr. bueining, med unntak for bueiningar som har 2 rom (rom for varig opphald) eller færre, desse skal ha 1 oppstillingsplass.

Krav om parkeringsplassar i Ørsta sentrum (mellom dei 3 store bruene og mot nord til og med i høgde med bedehuset) vert sett til 0,5 plass for husvære t.o.m. 2 rom og 1 plass for bueiningar større enn 2 rom.

- forretningsbygg, kontor, og liknande:

b.Forretningsbygg, kontor, o.l. skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 50 m² bruttoareal. I tillegg kjem naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar etter kommunen sitt skjøn.

- industri-, verkstad- og lagerbygg:

c.Industri-, verkstad- og lagerbygg skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 100 m² bruttoareal.

Bilverkstad og servicestasjon skal ha oppstillingsplass for 3 bilar pr. 100 m² bruttoareal. I tillegg kjem naudsynt lasteareal for vare- og lastebilar etter Ørsta kommune sitt skjøn.

- hotell:

d.Hotell skal ha oppstillingsplass for 2/3 bil pr. overnattingsrom.

- restaurantar, kafear, og liknande:

e.Restaurantar, kafear o.l. skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 8 sitjeplassar.

- skular:

f.Skular skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. lærar.

I tillegg skal vidaregåande skular, høgskular o.l. ha oppstillingsplass for 1 bil pr. 5 elevar. For vidaregåande skular kan kommunen i særlege tilfelle fastsetje eit høgre tal elevar pr. bilplass.

- alders- og sjukeheimar og liknande:

g.Sjukehus, sjukeheim/aldersheim og sjukehotel skal ha oppstillingsplass for 1 bil pr. sengeplass.

- forsamlingslokale:

h.Forsamlingslokale, m.a. kyrkjer, bedehus, ungdomshus, teater og kino skal ha biloppstillingsplassar etter kommunen sitt skjøn. Talet på biloppstillingsplassar skal fastsetjast til minst 1 biloppstillingsplass pr. 30 sitjeplassar, og høgst 1 biloppstillingsplass pr. 10 sitjeplassar.

- andre bygningar og anlegg:

i.Andre bygningar og anlegg skal ha oppstillingsplassar for bilar etter kommunen sitt skjøn.

Ombygging

3.Hovudombygging eller delvis ombygging krev ikkje fleire biloppstillingsplassar etter punkt 2, dersom bygningen etter ombyggingsarbeidet samla sett framleis skal nyttast til same føremål som tidlegare.

Ev. frikjøp

4.Kommunen kan samtykke i at det i staden for biloppstillingsplassar på eigen grunn eller på fellesareal blir innbetalt ein sum pr. manglande plass til kommunen for bygging av offentlege parkeringsanlegg. Ørsta kommunestyre vedtek kva satsar som skal gjelde. Den vedtekne summen skal vere betalt inn før byggjearbeidet tek til, igangsettingsløyve kan ikkje gjevast før summen er betalt inn til kommunen. 

bv-20050425-0423.gif

(II 2005 hefte 2)

6. okt. 1969
Til § 76.

Bygningsrådet kan krevje at turvande garasjeplass skal vera sikra for kvar eigedom.

(I 1969 s 1234)

29. juni 1966
Til § 78 nr. 1.

Bygningsrådet kan forby at bedrifter, anlegg, opplag og lagere av farlig eller særlig sjenerende art, blir lagt innenfor kommunens område eller del av dette.

(I 1966 s 954)

18. mai 1984 nr. 1180.
Til § 81.

Med unnatak av §§ 77, 97, 98 og 99 nr. 1 skal bygningslova sine reglar gjelde fullt ut i dei område av kommunen som til kvar tid er omfatta av stadfesta reguleringsplan.

Vedtekten trer i kraft 1. juni 1984.

(II 1984 s 314)

27. aug. 1973
Til § 82.
1.Sportshytter, sommarhus, kolonihagehus o.l. bygg der det er meininga at folk berre skal bu i kortare tid, samt tilhøyrande uthus og naust kan berre tillatast plassert og oppført i samsvar med disposisjonsplan som er handsame av bygningsrådet og godkjent av fylkesmannen.

Fylkesmannen kan etter framlegg frå bygningsrådet fritaka for eller gi utsetjng med disposisjonsplan innan nærare avgrensa område.

2.For bygningar som nemnd i pkt. 1 skal utanom bygningslova sine kap. III, IV, og § 65 også gjelde §§ 63, 66 nr. 1, 68, 70, 71, 72, 73, 74 nr. 2, 93, 94 og kap. XV og XVI.
3.Bygningsrådet kan utferda nærare reglar om hyttebygging. Reglane skal på førehand leggjast fram for kommunestyret til uttale.

(I 1973 s 987)

26. mai 1986 nr. 1314.
Til § 117.

Ørsta kommunestyre har 26. mai 1986 gjort vedtak om at det i Ørsta kommune i 3 år frå iverksetjinga av plan- og bygningslov av 14. juni 1985 nr. 77, ikkje kan setjast i verk arbeid eller tiltak som nemnde i §§ 84 og 93 i den same lova utan etter samtykke frå bygningsrådet, før området kjem inn i arealdelen av kommuneplanen eller på reguleringsplanen. Det same gjeld andre tiltak, medrekna frådeling, som kan skape store vanskar for planlegginga.

Anlegg som vert fremja etter godkjent vegplan eller veglova er unnateke frå desse reglane.

(II 1986 s 430)

30. juni 1989 nr. 716.
Til § 117.

Ørsta kommunestyre har 5. juni 1989 gjort vedtak om lenging av forskrift av 26. mai 1986 nr. 1314 om mellombels plankrav etter plan- og bygningslova § 117 første ledd.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 30. juni 1989 med heimel i lova og delegering i rundskriv frå Miljøverndepartementet av 3. februar 1989 gjeve samtykke til lenginga av forskrifta f.o.m. 1. juli 1989 t.o.m. 30. juni 1991.

(II 1989 221)